mandag 23. februar 2009

FERIE!!

F - fabelaktig, fri, familie, felles, frukost, fliring, fjas, fleksibel, framifrå, fryd
E - ekstemporal, egg, e-post, erting, ekskursjon, entusiasme, e-dur, ekstra
R - roleg, radio, romantikk, rangel, raudlett, refreng, rosiner, raus, raringar
I - ingenting, is, impulsiv, ineffektiv, innvilge, innimellom, inputt
E - eventuelt

torsdag 19. februar 2009

Ny dag - ein betre idè!

Det gjekk eit lys opp for meg i går medan eg køyrde heim frå jobb:
Det må då vera dei få para på Sørsida i fertil alder som bør sendast ut på tur!
At det ikkje slo meg då eg skreiv forrige innlegg, forstår eg ikkje!

Sørsida har kanskje fleire tomme hus i snitt enn resten av kommunen, det er jo så fint å feriera her om sommaren. (Jammen bra dei har eit hus å bu i eit par veker i fellesferien!)
Nok om den saka, men vi har våre folk på ho!
Så for å få opp befolkningstalet, må vi sjå på dei husa der det allereie bur folk.

Eg har tru på ein utflukt for dei 3 - 5 para som kan vera aktuelle.
Premissane må vera:
- Ei veke på eit romantisk reisemål (Velg mellom 4-5 ulike alternativ)
- Ei veke fri med lønn
- Hjelp til å organisera pass av born og dyr

Kanskje idèen kan resultera i ein ny Sørsiding (heiter det det?), kanskje til og med i to?
Uansett utfall av desse turane, vil det gi småbarnsforeldra ein pust i kvardags-kavet!

Her talar vi om bygdeutvikling!

tirsdag 17. februar 2009

Da damene dro...... noko for oss?

Ser med eit halvt auge på TV2 medan eg sjekkar opp siste nytt her og der på internett.
Tanken på at Sørside-damene skulle reist bort frå heim og kallar, kjem snikande,
og tiltalar meg! Det hadde vore noko!
No trur eg så godt om kallane her at dei nok hadde greidd seg veldig bra,
i alle fall om Husøy representerer gjennomsnittet av sjølvhjulpne karar.
Den biten fiksar dei glatt!
Det eg tykkjer er interessant og spennande med reise-tanken min er at vi damene kunne fått reist bort ei veke og vorte betre kjende og hatt det kjekt!
Damene langs etter denne fjorden har nemleg stort sett kome rekande utover den romantiske vegen og funne seg ein kar, dei fleste har ikkje vokse opp her. Sjølvsagt nokon gode unntak!
Vi kjem frå mange ulike landsdelar - og det store utland til og med.
Og Sørsida er over 3 mil, så damene er spreidd busett, og vi er ei ueinsarta gjeng!
Tenk om vi kunne budd vegg i vegg ei veke og gått til dekka bord, fyllte glas og ryddige rom!
Prata tull og løst Sørside-problem, og kanskje nokon frå verda elles òg.
Ein fristande tanke! Dette må no vel vera bygdeutvikling?
Kanskje ei oppgåve for bygdemedarbeidaren vår??!! ;-)

lørdag 14. februar 2009

Valentine... Treng vi han?

"Valentines dagen er berre noko kommersielt tull", seier husbonden kvar gong den dagen nærmar seg. Eg veit ikkje om det er ei forklaring eller unnskulding....
Eg ser heilt klart den koblinga, her skor handelsstanden seg på hjerte- (utan smerte) salg i alle mulege variantar. Og vi bit litt på.. i alle fall nokon av oss.
Men kanskje vi treng ein slik dag?
Kanskje vi treng det berømmelege sparket i rompa til å setja pris på partnaren, ikkje som mor/far, men som den vi har valgt å dela livet med, vera kjæreste med.
Berre eit teikn på at eg er spesiell for han.
Ei sjokoladeplate, kjøpt av han til meg, fordi han veit at eg likar det.
Ein St. paulia eller tullipanar som han veit eg set pris på.
Eit kort der det står svart på kvitt at han er glad i meg.
Eit synleg teikn på at han og eg har noko i lag som er heilt eineståande.
Kanskje eg skal innføra ein ny dag for oss?
9. juli kanskje... I sol, sommar, og varme,seine netter som skapt for romantikk!
Då kan han ikkje skulda på kommersen i alle fall!

søndag 8. februar 2009

Måling

Søndagar har vorte til måledagar her i huset.
Og det er huset vi måler.
Innvendig og utvendig, bortover og oppover, stadig nye mål
og til saman stemmer det sjølvsagt ikkje.
Ingen veit kva som gøymer seg attom bordkleinga og platene på 130 år gamle veggar.
Måtte teiknar-pappa likevel få teikningane sine til å gå opp på eit vis,
slik at vi har noko å visa føre oss til teknisk etat og snekkarar!

lørdag 7. februar 2009

Besøksåret 2009!!!!! ?

Desverre har det vorte slik at stikk-innom-besøka har vorte færre og færre. Sjølv om eg har flytta meg nedover landet frå Harstad med stopp i Kristiansund før Sogn, trur eg trenden er den same over alt. For å få besøk må ein invitere med dag og klokkeslett, elles blir det sjeldan noko av...
Vi er, enno, heldigvis så heldige at vi har folk som stikk innom, trør over dressar, div vottar og luer og sko uti gangen og får seg ein kaffekopp medan praten går.
I går hadde kallen bursdag, verken rund eller halvrund, og dagen skulle ikkje markerast utover kake og kaffe med damene sine, sa han. Eit år eldre var ikkje noko å markera!
Men då kvelden var omme og vi rydda opp etter kaffeslabberas med 11 stk, var det ein godt nøgd jubilant som hadde hatt ein fin bursdag.
Eg trur det viktigare enn nokon gong å feira bursdagen sin - eller andre milepælar.
At det er innforstått at på slike dagar er kaffen klar, kaka er baka og huset er på skikk. Kom på besøk!
Å ha besøk som berre stikk innom er
(om huset ikkje er heilt katastrofe som det innimellom er i eit hus med ungar og foreldre som ikkje har vasking og rydding øvst på prioriteringslista)
alltid kjekt, då treng ein ikkje å ha nysteikt kake og nystrigla hus.
Ikkje misforstå, planlagte besøk er òg kjekt, det krev berre litt meir jobb på førehand.
Eg sler eit slag for å senka dørstokken, korta ned på dørstokkmila og berre gjera det.
Reis på besøk!
Her er alltid kaffen klar og snakketøyet i orden, velkommen!