torsdag 7. juli 2011

Oldis-interrail - dag 10

Dette handlar om både natt og dag 10. For nattoget til Malmö skulle visa seg å ver noget ubekvemt..... Vi inntok sovekupèen med friskt mot.

Sjølv om toget frå Praha var ein halvtime forsinka inn til Berlin og fordi to restaurantar ikkje tok visakort, endte vi opp med to menyar frå Mc Donalds som vi tok med på "rommet".




Etter måltidet var i alle fall eg klar for å prøva å sova, men det skulle visa seg vanskeleg. Ventilasjonsanlegget virka nemleg ikkje, og temperaturen i overkøya var langt over sveittegrensa.


Han som skulle bu oppi der gjekk og trødde, og då vi kom ombord i ferga (og vindusgløtten måtte stengjast p.g.a. diesellukt) var han oppe i taxfri`n og lufta hovud og lommebok.


Men til slutt kom vi til Malmø utpå morgonkvisten, meir eller helst mindre utsove. Så var det same opplegget som på første dag men med ein ekstra buss for tog- etappe. Etter klabb og babb og forsinkingar, kom vi 6 minutt for seint til togbussen frå Göteborg. Så då fekk vi 4 timar på eit shoppingsenter i byen. Ergo fekk Trygve endeleg kjøpt rørtanga si, som hadde vore handle-målet for turen hans ;-)


Vel framme i Fredrikstad, sleit vi oss opp bakken til vertinna vår. No var bagasjen adskilleg tyngre og hjula på trillebagen grov seg ned i lausgrusen.... Etter ein etterlengta dusj etter natta i badstu-kupè, var det klart for eit gourmetmåltid: spekekjøt av hjort, blomkålpurrè og saltbakte nypoteter. Nydeleg!!



Natta var varm og lang, vertinna var strålande opplagt og dei tilårskomne togluffarane var enige i at dei hadde vore på ein fin oldis-interrail ;-)!

onsdag 6. juli 2011

Oldis-interrail - dag 8 og 9

Klokka 7, ein halvtime før vi rulla inn på togstasjonen i Praha, fekk vi servert kaffe av ein venleg billettør. I kupèen vår var vi klare for dagen, og klare for Praha by!




Vi tok taxi til hotellet, og vart lura av ein av dei berykta taxi-sjåførane der, trippel pris av normal.... Vi ankom hotellet eit halvt døgn for seint, og gjekk direkte til frukostbuffeten etter at vi hadde vore oppe på rommet med bagasjen, som etter opphaldet i Krakow hadde vokse seg stor og tung!



Så var vi klare for nokn av dei obligatoriske sjåverdighetane: Karlsbrua og palasset. Så tidleg på dagen var det heldigvis ikkje så mange turistar, og sola var ikkje så heit.
Vi gnei på figurane, og reknar med hell og lykke i mange år, og rusla opp til palasset oppi lia.



Vel oppe gjekk vi rundt og såg, egentleg metta på fine bygningar og overdådige utsmykningar, og etter ei stund bestemte vi oss for å gå vidare.






Flott utsikt utover byen frå palasset.


Denne plakaten fann vi på døra til det godt gøymde postkontoret i byen.....



Trygve ville gjerne prøva dumpling som han hadde lese og høyrt om.


Kan vel seia at det ikkje fristar til gjentaking. Smaka som rå loff, og kvar var potetene!??


Det astronomiske uret med disiplane som kjem ut kvar time måtte vi òg få med oss - i lag med mange andre i solsteiken.



I dei to lukene over "klokka" kan de skimta trefigurane

Trygve våga seg opp i rådhustårnet der klokka er festa. Han kunne beretta om skjelvande føter og kribling i magen både når han tok ein glasheis(!) opp og når han kom ut på verandaen og såg ned.



Eg sit faktisk midt på benken oppe i venstre hjørne ;-)


Då vi skulle reisa, bestilte vi drosje gjennom hotellet, og betalte 1/3 av prisen frå då vi kom.


Toget tok oss tilbake til Berlin og nytt tog til Malmö ,


"Bamse,bamse gå tilbake same vegen som du kom....."


tirsdag 5. juli 2011

Oldis-interrail - dag 5-7

Tre dagar i Krakow låg framom oss, og vi tykte allereie då at det var litt lite...



For dette var ein by vi trivdes i; passe stor (gamlebyen), passe oversiktleg, passe utvalg, passe varmt, passe med turistar. Veldig billeg og veldig godt matutvalg.



Vi budde to kvartal utanfor gamlebyen, så vi gikk til Florianerporten på 4-5 minutt.



Paret med Florianergata attom seg, skimtar så vidt tårna på Mariakyrkja.


Ingen sak å gå "heim" med handleposar eller for å henta ein jakke.
På torget var det alltid liv og røre.
Mange opptredde og mange såg på. Hestevognene køyrde rundt og rundt i byen
Her er ei breakdance-gruppe i full sving med headspinn(?)





Den gamle tøyhallen var omgjort til basar med mange boder med ymse produkt.




Ja...dette skulle vi ha kjøpt berre for å sjå kva utdanning har å seia for soppsmaken ;-)




Laurdagskvelden var det stor konsert på eit område nedom borga, og då vi seinare sat på ein restaurant og kosa oss var det stort fyrverkerishow. Uvisst om dei to tinga heng saman...

Søndagen traska vi til det jødiske kvartalet, og kom etterkvart ned til elva. Der var det ein fin promenade, og vi endte opp rundt konsertarenaen som no var omgjort til middelaldermarked.


Det var riddarar i lansekamp, kokegrop-mat, smedar, naturprodukt og handverk.

Artig når ein plutseleg hamnar oppi noko slikt!

Eit katolsk bryllaup fekk vi òg oververa i Mariakyrkja. Noko likt, noko ulikt frå kyrkja den norske. Det mest spesielle var at halvparten av gjestane kom dinglande i løpet av viinga.
Alle med blomsterbukettar som dei bar oppned.




Søndag 21.57 sat vi klare på nattoget til Praha. Der betydde 1. klasse 2 vassflasker og to croissanter som stod klart til oss. Når sengene på 1. klasse var ca 60 cm, er eg litt engsteleg for dei som låg i overkøya på 2. klasse..... Smalt, ja! Særleg for han som vann trekninga om å ligga øverst. Men det gjekk heilt fint, ingen datt i golvet.

Kanskje fordi det humpa og dumpa så fælt at det var vanskeleg å få sova?

I kupèen på veg til Praha. Farvel og på snarleg gjensyn, Krakow. Då i lag med ungane!!

Oldis-interrail - dag 4

9.35 gjekk toget frå Berlin til Krakow, og 1. klasse betydde polstra seter, 3 og 3 mot kvarandre i eit avlukke. Elles intet. Ikkje mat & drikke, ikkje restaurantvogn. Dvs då vi nærma oss Krakow kom det ei berte med trillevogn som berre tok betaling i Zloty.... som vi ikkje hadde. Aldri har vel kaffe lukta så godt som då ho passerte...... Tenkte eit sekund på å byta ein kaffekopp mot Trygve som pant, men slo det fort frå meg ... ;-)




Her var det ein halv time stopp, og vi hadde håp om å få kjøpa oss drikke først og fremst, men òg mat. Den gong ei, intet menneske eller kiosk å sjå på denne stasjonen...




Togturen tok over ti timar, så då var det godt å ha Magasinets x-ord og sudoku å trøya tida med. Tryge bruka tida til å rekna ut gjennomsnittsfarta på det heller saktegåande toget. Trur han kom fram til ca 64 km i snitt...

Etterkvart måtte kriselageret til Trygve fram; knekkebrød, skinkeost og sprut-jordbærsyltetøy.


Vassrasjonering måtte til, vi hadde berre 3 dl på deling. ;-) Jommen sa eg 1. klasse!



Eit atomkraftverk vi passerte.... Bildetaking er òg fint å trøya seg med.



Dette hotellet låg òg nær stasjonen, så vi fann det fort og fauk ut på byen for å eta og drikka.


Bisonbiff og øl på ein restaurant ved torget smakte heilt fortreffeleg i den varme sommarkvelden. Maks feriefølelse! :-)


Og snart var ein dryg togtur gløymt og ingen var verken tørste eller svoltne!

Oldis-interrail - dag 2 og 3

Halv seks om morgonen rulla toget inn på perrongen i Berlin og gemalen vart sett på oppgåva å finna og eventuelt bestilla tog for oss til Krakow to dagar etter. Det gjekk berre fint, og neste oppgåve var å finna hotellet som skulle liggja kloss inn i Hauptbahnhof. Der ville dei lagra bagasjen vår til det var tid for innsjekk seinare på dagen.







Så bega vi oss ut i Berlins gater som var heller folketomme så tidleg på dagen. Klokka 9 hadde vi fått med oss mange av severdighetane i byen, slik er det når ein kjem tidleg i gang!


Brandenburger Tor klokka 7 ein tidleg tysdags morgon.

Holocaust-minnesmerket



Eit av måla til Trygve for Berlinopphaldet var å eta Schweinehaxe und Sauerkraut, og det fekk han. Men han ergrar seg fortsatt over at han ikkje greidde å eta opp alt....

Elles fekk vi med oss Historisk museum, Maria kyrkja, båttur på Spree, korkonsert og handel og turisme. Trygve var i Riksdagsbygningen, og i kuppelen der ein gjekk rundt og rundt til ein var heilt i toppen.



For historisk interesserte, som mannen min, var det lite med to dagar i ein så historisk by. Turist og shoppedama, var godt nøgd med å setta seg på toget mot aust.

mandag 4. juli 2011

Oldis-interrail - dag 1

Måndagsmorgon for to veker sidan forlot mannen og eg jentene hos tante, onkel og 4 guttesøskenbarn i Telemark med kurs mot Fredrikstad, der togturen vår skulle starta klokka 14.09....

Bilen vart parkert hos ein beleileg busett slektning ( 3 minutt frå stasjonen) som serverte oss velsmakande lunsj i utestova si og ønska oss god tur.


Bag og sekk + liten sekk var slunkne og lette, og alt var vel. Vi hadde 1. klasse interrailbillettar, for dama vi kjøpte dei av meinte at det var mange goder med å reisa "fint".

På første etappe til Trollhättan fekk vi kaffe-polettar og aviser å lesa. På bussen derifrå til Göteborg var det like trongt og heitt for alle klassar, men derifrå til Malmø var det i tillegg til aviser og kaffe òg frukt å få. So far , so good!

Etter rask middagskvelds på Burger King flytta vi inn i sovekupèen vår på toget til Berlin.

Ikkje visst eg at vi skulle køyra ombord på ei ferge...... men ho gjekk ikkje ned denne gongen heller, sjølv om det er veldig naturstridig å køyre både tog, trailarar og bilar ombord på eit flytande fartøy. Er det ikkje?