søndag 30. september 2012

Innhaldsrik veke med happy end :-)

Endeleg var dagen komen at Martha skulle få bort dei kjempestore mandlane sine.
Eg og ho reiste opp etter skuletid tysdag og tok inn på eit meget enkelt rom på Førde camping. Det var ikkje nokon verande stad, så vi ville på shopping etter ein betre middag på Peppes.  Då vi kom "heimatt" kjøpte vi oss fire timar internett-tilgang(!) og trøyde oss med data, lego, tv og lesing før vi sovna.
Neste morgon var vi tidleg oppe, og klare, men nervøse, for operasjon.....
 


 Vi tok på "engleplaster" då vi stod opp, og flinke sjukepleiarar fekk sett veneflon medan Martha fekk premietroll og tatovering.
 
Halv ti måtte eg forlata Martha sovande på operasjonsbordet, og ein time etter fekk eg koma til ho att :-) Då vakna ho akkurat, og det første ho gjorde var å smila til personalet medan ho sa "Takk for hjelpa!" Makan til pasient hadde dei visst ikkje hatt på oppvakninga :-) Ein perfekt pasient, meinte dei.
Adelheid hadde laga til ein pakke som skulle opnast etter operasjonen, den inneheldt tyggis, gelegodt og sjokolade pluss eit flott, heimelaga kort.
Det var veldig koseleg!
                                                                                                                                 
 Etter nokre timar var pasienten sprek nok til å flytta opp på pasienthotellet, dog med heisen i og med at vi skulle fem etasjar opp.
Senga var god å ha dei første timane....
 
Neste morgon etter ein god dusj og frukost, var vi klare for avgang. Martha ville på shopping for å kjøpa sølvøredobbar, sprek som berre det. Det vart både Ticket to ride og hanskar før vi hadde ein liten stopp på Plantasjen for  kjøpa blomster til Inger som var barnevakt for Kristen.

 Vel heime var det tid for lekser i lag med Dordi.
 
Denne karen var glad for å sjå oss att, og sidan sist hadde han vorte ein kløppar til å sitta (med litt støtte då..)




Laurdag kom Adelheid på overnattingsbesøk, og det var lenge og venta til klokka vart litt over eitt....
 
Dordi likar å fotografera, og Kristen er eit ynda motiv!
Fredag var han eit halvt år, og Trygve laga blautkake som Dordi pynta :-)
 
Jammen var det fine blomstrar å finna på trilleturen i dag òg,
den siste dagen i september!
 
Fortsatt god søndag, vi skal på bursdagsselskap over fjorden! :-)

søndag 23. september 2012

Klår haust-søndag

 
Etter mange veker med regn og vind, kom klårveret
torsdagskvelden då Saga Ruby kom tøffande inn fjorden som sesongens siste cruiseskip
 
 
Fredag, etter skule og middag, tok Dordi og eg oss ein sopptur på jakt etter kantarellar.
vi køyrde inn til Innste Sande, og gjekk opp skogsvegen der.
Ingen kantarellar å sjå, berre haustblad som likna. Vi gjekk og vi gjekk, og til slutt hamna vi i Solbakken - utan ein einaste sopp i bøttene våre!
Då var det berre å luffe ned og inn og henta bilen.
 
 
Kva slags sopp er dette?
 
Laurdag køyrde vi sauesankarane opp på Murane.
Håpar dei får med seg alle sauene, slik at dei slepp fleire turar.



 
Slik ser det ut nede ved fjorden i dag.
 
God søndag! :-)

lørdag 15. september 2012

Går det an å blogge med mobilen då?????


Svaret er nei! No har eg flytta meg over på maskina.
Trur eg kunne ha skreve noko, men å leggja innpå bilete var skvett umogleg.... Fekk til slutt opp dette frå dagens trilletur, men fekk ikkje lasta opp bilete frå Tindevegen der eg var skyssdame i morges, og heller ikkje av "ny"-bilen som står i tunet her.
 
Ja, ja her er i alle fall Kristen godt plassert i vogna på saueskinnet sitt og i ly mot vind og vær. Vogna står midt under regnbogen, kan de sjå han?
Vi fekk både, regn, opphalds, sol, vind og stille i løpet av dei vel tre kilometra vi trilla.
Og i grunnen var eg godt nøgd med at det ikkje var eg som gjekk av oppe på Murane i morges i sludd og vind...

fredag 14. september 2012

Fin fredag

 
Vekene går så fort, vips så er det fredag.
Å ha gradert permisjon kan anbefalast ( i alle fall om ein har vore sjukemeldt omtrent heile svangerskapet), to dagar på jobb og fem dagar fri kan eg lett bli vant til, kjenner eg.
 
I dag har husmora virka bittelitt.
Mannen har sortert sine eigne kle, medan eg har pakka bort alle 62- kleda til Kristen og plukka fram meir 68 og litt 74. Stor gut :-) Artig å sjå att kleda han fekk då han vart fødd, som var sååå store, men no passar det meste!
 
Slik såg det ut i ein krok då damene + ei gjestedame reiste inn på korøving. Legofriends har vorte populært her i huset - og blant dei andre jentene i same aldresgruppe.
 
Her er ettermiddagen min samla på eitt bilete:
Lys, plommer,besøk, kaffe og vafler med rømme og syltetøy, sofa, katt og strikking.
Og i kveld braut eg meg opp i hagen og fekk plukka nokre kvistar med hortensia :-)


God helg!

mandag 10. september 2012

Sidan sist....

Våren og sommaren 2012 er over, og no er det haust på Sørheim!
Vi fyrar i ovnen og bakar eplekake med nyplukka epler....
 
Sidan forrige blogginnlegg, har det skjedd mykje på Leri:
 
Den viktigaste hendinga fann stad i Førde 28. mars; då vart Kristen fødd etter at eg hadde vore der oppe i 10 dagar og venta på han i hotellkorridorane på Sunnfjord Hotell :-)
Etter modningskur i tre omganger, vann-taking og drypp kom han på at han endeleg ville ut eitt minutt før vaktskiftet halv elleve :-)
Fin og frisk til foreldra si store glede!
 
 
Badet på loftet vart òg ferdig til Kristen kom heim, og særleg boblebadet har vore mykje i bruk. Her er det dei yngste søskenbarna frå Berge og Martha som boblar seg litt.
 
 
Kristen er ein grei kar, som ikkkje krev så mykje anna enn mat, skift og søvn. Han har lært mykje sidan han kom til verda.
Han fann til slutt ut at hendene tilhøyrte han sjølv(!) og no har han sin fulle hyre med å putta tærne i munnen. Konstant våt på føttene ;-)
 
Cruisebåtane har kome inn og gått ut fjorden. Her seglar like mykje folk inn til Skjolden som bur i heile Luster kommune...
 
 
17. mai kom vi på overraskande besøk til bestemor og resten av gjengen på Nordmøre. Kristen og jentene i fine bunader feira dagen i det regnvåte Straumsneset.

 
Huset til Hanne, Åsmund og Lars på Bryinnhaun var reist,
men det gjenstod ein del arbeid enno.
Utsikta frå kjøkkenet er amazing!

 
St.Hanshelga vart Christina døypt,
og her tek Dordi og Kristen ein kvil i bakken under epletrea i hagen til onkel.

 I juli fekk vi amerikaresøk av Sara Soldat med mann og svigerforeldre
 
 
Sørheims-slekta møttes som vanleg andre helga i juli.
 
22. juli var det endeleg klart for bryllaup mellom Hanne og Åsmund,
med Dordi, Emilie og Martha som stolte brudejenter



                                             



Ein merkeleg type kom på besøk...


 Vi var på hotellferie;
to netter på Skei hotell med sjukehustimar både i Førde og på Nordfjordeid
 
Vi fekk nokre få dagar på stranda, med Kristen godt plassert under parasollen vekselsvis på handduk og i vippestol. Han trivdes godt ved fjorden :-)
 
 
Ungane har hatt mykje besøk både dag og natt, og som de ser på veggen har vi vore hos fotograf i løpet av sommaren òg, A.Ø. Foto kan anbefalast!
 
I fjøset har dei fem gamle hønene våre jobba godt og ruga ut fleire kull med kyllingar + fem vi fekk av Anne Lise. Så no må det sorterast før sauene gjer sin hevd på fjøset att og hønene må inn att i rommet sitt. Nokon som har lyst på hanekjøt "på rot"?


Skulestart med opning av Skjolden oppvekstsenter. Alle ungane på Sørheim er klare :-)
 
26. august vart Kristen døypt i Dale kyrkje, med slekt og gode vener som feira dagen i lag med oss.
 
 
Festen hadde vi i grendahuset med Helga som uunværleg hjelp på kjøkkenet, godt hjelpt av min gamle far som ikledde seg forkle med det same han kom til huset.
Koldtbordet var innhaldsrikt med mykje god mat,
og kakebordet var ikkje dårlegare det heller.
Tusen takk til alle som hjalp til med mat og kaker!
 

 
4/6 av søskenene Sveggen.
 
Dåpsbarnet er like blid
 
Frukost dagen derpå, så kjekt med alle desse rundt bordet :-)
 
Søskenbarna fekk vera med på skulen måndag, og etterpå var det klart for leksene, ikkje ofte det er seks elevar på leksehjelp på Leri ;-)
 
Kristen og Knut
 
Det var ei billedleg oppdatering av det det som har skjedd det siste halve året ,
medan bloggen har lege brakk.
No er det å håpa at blogglysta dukkar fram og opp.
Den som lever får sjå.... :-)