søndag 25. november 2012

Ei helg går mot sin ende

Denne helga har jentene vore på korleir på Lyngmo frå fredag til søndag, så Kristen har  vore einebarn - utan at han tykte så mykje om det. Det er berre å innsjå at Dordi og Martha er mykje meir underhaldande enn dei gamle, treige foreldra....
Vi to køyrde dei i alle fall ut til Hafslo fredagsettermiddag.
 
Laurdag trilla vi oss ein tur til Sande, og tok eit bilete frå Hammaren og ut fjorden:
 
 
 
Etterpå kosa eg meg med strikking, tv-sport og kaffe med god fyr i ovnen.

 
 
Og slik sat eg då dette biletet tikka inn frå Kyrajukelen:

 
 
Å strikka med ein 8 månading (nytt ord!?)i fanget, er ikkje enkelt!

 
 
Her et han biff med fløytesaus medan han iherdig følgjer med på Korslaget på tv.

 
 
Søndag plukka eg og Kristen opp Trygve på Fjordstova (pistolstemne)
og køyrde til Lyngmo.
Her er dei 68 leirdeltakarane og leiarane medan dei framførte ein av ni songar for oss.

 
Etterpå var vi inviterte på middag på Kvamshaugen,
så det var ein enkel dag for kokka på Leri.
 
Neste helg er eg i eit land der eg ikkje forstår eit kløyva ord!

mandag 19. november 2012

Bilderapport frå Den romantiske vegen ein måndag i november

Dagens trilletur gjekk til Sande. Trygve skulle på sank, så han tok følgje med oss inn.
Kristen sov 12-13 timar i eit strekk i natt (ny rekord), så vi kom oss ikkje ut før klokka var over eitt...
 
Det var grått og duskregn og bildekvaliteten vart deretter, men her er runden langs den romantiske vegen.... Bileta kom i omvendt rekkjefølgje, men det får ikkje hefta!
-----
Huset vårt manglar fortsatt sveitserstil-detaljene, men har fått seg terrasse med stakittgjerde på utsida. Det er meininga at det skal koma meir stakitt!
 
 
Fjøsmuren skrik etter kalk eller kva som kan gjera den kvit att...

 
Den einaste barnevogna i dagleg bruk på Sørheim i fri trill ut vegen ;-)

 
Høgblokka vår!
I tillegg til desse "husbyggjarane" har vi frittgåande høner og haner som òg likar seg på låven.

 
Klassisk motiv!
 
 
Gjorde mange forsøk på å ta bilete av svermar med trekkfuglar,
og når dette er det beste, vart det ikkje sprekt....
(ved Andrea-stova)

 
Kristen må ha verdas finaste soveplass!

 
Ha ein fin måndag og fin veke vidare!
 

søndag 18. november 2012

Vekene flyg lett avstad

(Inspirert av Marianne )
No har det vore hektiske tider her, men trivelege hektiske tider!
 
Sist søndag feira vi farsdag med buffet på Eikum hotell i lag med gode vener.
 
Torsdag var vi i lag med enno fleire vener på Sogndalstur.
Då åt me på langbord på kinarestauranten før vi benka oss i kinosalen og såg
Reisen til julestjernen.
Sogningen Amfi opna kl 11, så vi var ikkje einsame i bygda den dagen...


 Fredag var det konsert i Fjordstova med Leikanger damekor og Leikanger mannskor.
Vi i Sprø sangglede fekk vera med dei og syngje ein song + at vi opna heile konserten med brudemarsj frå Øre. Veldig kjekt å syngja i stort kor att!!
 
 
Laurdag bars det til Sogndal igjen med mor og tre ungar!
No var det litt (men ikkje mykje) mindre folk på handel, så då fekk jentene både nye støvlettar og kle.
 
Martha fekk ansiktsmåling på Yes! og var storfornøgd! :-)
 

 
Her er damene i nye støvlettar med hhv ansiktsmåling og ny genser!
 
Jentene vann seg teaterbillettar til Teskjekjerringa i julestria gjennom Sogn Avis, og medan dei kosa seg i teatersalen ein timestid, tok Kristen og eg ein liten kafèpause medan vi kosa oss med kvar vår kost ;-) 

 
På heimvegen henta vi med oss bestilt kinamat som vi kosa oss med medan vi såg Dauinger og seinare Skal vi danse  - siste "episode" begge plassar.
 
I dag er det sløv søndag med alle heime og intet program.
Fekk triveleg formiddagskaffebesøk av hyttenaboen,
og elles fekk eg og Kristen oss ein trileltur til Grisahagadn.
No søv han ute, medan vi jentene ser på Norske talenter i opptak.
Men no skal mor laga laks i fløtesaus - steike bra søndagsmiddag!

søndag 4. november 2012

Ny månad klar til bruk...

November starta med vinter, reine skjære julestemninga, men i løpet av torsdagen kom mildveret og grønne marker att!
 
 
Denne karen kan stadig meir, pluseleg har han lært seg noko lite nytt.
Eta brødskive har han vorte ein racar til dei siste vekene, men sjølbeteninga som pappaen driv med gir ikkje mange bitane i magen......

 
Han er ein liten tv-slave, snur seg dit lys og bilde skiftar uansett.
No sit han ganske stødig, men plutseleg dett han....

 
Dordi har fått feira vennbursdag i helga, og med 18-20 ungar i huset var det liv og røre.
Men det var eit triveleg lag, der alle åt godt og kosa seg.

 
Vart så fornøgd med godteriet og fruktoppsatsen min til 10-årsdagen, og borte vart det, alt saman. I tillegg var det snacks, brownies, is og gele!
 
 
No er det berre å gleda seg til grunnskuleveke, bøssetømming,farsdag, korleir, krakowtur, bursdag og adventstid.
November er ein fin månad, tykkjer eg!