onsdag 26. desember 2012

Snønatt

I dag vart trilleturen kort, runda berre så vidt innste hjørnet på fjøset før eg ga opp og gjekk tilbake same vegen som eg kom.
 
Vogna fungerte som brøyteplog... snøen la seg under og hjula nekta å gå rundt.
Veit ikkje om det er fordi det er ei gammal vogn, eller om det rett og slett var mykje snø.
 

I staden knipsa eg nokre bilete medan eg sklei heimatt
og venta på at Trygve skulle brøyta opp bakken.
Lysa på verandaen lyser for svakt, vi ser dei knapt oppi granbaret!
 

Jammen har det snøa mykje i natt!

Ut fjorden

Jentene ville laga seg snøborg,
og akkurat no kom dei innatt i badekle og erklærte at dei hadde snøbada!
Raske aktivitets-skifter...
 
Om eit par timar skal vi skli oss bort i Luster på nytt etargilde.
Heldige er vi!

tirsdag 25. desember 2012

-og så var det endeleg kvelden....

Etter kyrkjebesøk og fjøsstyr, var endeleg kvelden komen.
Sølvgutane song og kyrkjeklokkene på hi sida av fjorden klang.
 
Dei håpefulle plassert oppi gåvehavet

Jammen kom Berge-nissen heilt frå Fortun for å avlevera sine siste tre pakkar.
Så ualminneleg kjekt med uanmeldt nisse!
Velkommen att neste år!

Kristen var litt betraktande då den raudkledde kom inn verandadøra

Martha sørga for at fjøsnissen vart mett og fornøgd.
 
Kristen sovna tidleg, men rakk å prøva lastebilen sin først.
(Dei andre gåvene fekk han juledagsmorgon,
stor glede over duplo, bøker, traktor, leiker og ikkje minst gåbil!
Foreldra gler seg over kle!!)

Julekveldsmenyen var som vanleg fersk saueside med knakande godt tilbehør.
 
Og slik såg det ut frå sofaen rundt midnatt...
 
Etter ein roleg juledagsmorgon med tv og undersøking av gåver,
er vi no snart klare for avgang til Solbakken for å eta brunch.
 
GOD JUL!
 

lørdag 22. desember 2012

No er det jul igjen!

I dag har vore den store rydde rom og vaske "småtre"-dagen.
Då eg kom til glaset på kjøkkenet (som ikkje har vore noko glas sidan vi bygde på, men ei hylle i ein glaskarm), kom eg på at likøren sikkert var klar etter fire månader på glas.
 
 
Eg sila likøren, bonden meiner at hønene skal få smaka bæra i retteleg Emil-stil.

 
Likøren helte eg over på finkaraffelen med reinsdyr på (og tilhøyrande likørglas i hylla over), så no må de koma og smaka!

 
Ja, sølvet er faktisk pussa og opphengt.
Dvs på baksida er dei ikkje riktig så blanke,for det var så lite sølvpuss att.

 
Bordet som ungane skal ha på loftsgangen,
har eg kidnappa nede i stova etter at vogga kom ut.
Her står ein fin samanplanting som vi fekk av Lise og Rune + ei julekrybbe frå Krakow!

 
Jula brer seg i huset no; juletreet er kome i gangen, dei store kassane med julepynt er lokalisert på gjesterommet og raude dukar er komne på.
Når far og døtre kjem frå fjøset der dei måtte doktorera ein hane som hadde fått eit tau rundt eine foten, så skal nissa og englar spres rundt om i huset.
No er det jul igjen!

tirsdag 18. desember 2012

Advents-stria på Leri

Sjølv om intensjonen om kos og hygge i adventstida er der, hender det i alle fall her i huset at kos og hygge blir bytta ut med kav og høge stemmer..
Søndagskveld til måndagsnatt vart det jobba intenst med årets julekorrespondanse,
og jammen kom vi i mål i år òg!
(Og stor takk til Anne Helen og Lise som skaffa oss blekk frå Gaupne!)
150 julepostkonvoluttar vart klare til avsending 
(nja...manglar vel kanskje 30 av dei fortsatt, når eg får tenkt meg om...)
Og pakkane til Telemark og Nordmøre vart sendte i dag,
så spørs det om det blir julegåver eller romjulsgåver på dei.
 
Slik såg det ut i sofaen i gårkveld når julekortlista, gåvelistene frå Kristen sin fødsel og dåp og adresseboka måtte koordinerast. Ekteparet kan vera effektive når dei vil!
 

Denne karen nytta høvet når skrivaren først var på stovegolvet til å først setta seg opp på kne, og sidan dra seg opp etter skrivaren slik at han stod på føtene sine!
Det var ein stolt type som reiste seg opp aleine for første gong, men sidan har han ikkje gjentatt bragden....
 
I går var vi forresten på første trilletur denne månaden, p.g.a. kulde og litt adventsstri...
 
Blir alltid så fascinert av isen som kjem i Kleivi kvart år, massiv isvegg.
Her måtte det vore flott å klatra for dei som har slike lyster!

 
 
Bra det ikkje er nokon som må køyra opp til hyttene når det kjøver slik på vegen òg.

 
Elles tok det meg berre ein time å få skikk inni det rosemåla skåpet!
Angrar på at eg ikkje tok før-bilde, for her har dørene vore att eit par år = ROT!
(Kvifor har eg ikkje gjort det for lenge sidan??!)
 
No gjenstår det berre å pussa sølvet som skal hengja på den øvste hylla.
Då eg skulle pussa det på den lettvinte måten med
aluminiumsfolie og salt i vasken for to år sidan, funka ikkje det....
Og sidan har det vore innpakka i ein kopphandduk og stuva bort.
Målet er å få det blankt og opphengt før jul! 

 
Då håpar eg at adventskosen kan dominera  på Leri
dei siste seks dagane fram mot Dagen!
Julekort, julegåver, julekle, julebakst, julemat, julepynt og juleblomar
er i alle fall i klare, så då kan vi senka skuldrene og kosa oss med det vi vil!
Og så håpar vi at førjulsgjestene vil koma og besøka oss :-)
 
 

søndag 9. desember 2012

Adventstid på Leri

Dagen etter vi kom heim frå krakow, var det klart for årets juleverkstad på skulen.
Wenche og eg laga bjørkestjerner på stasjonene vår, og sjølv om alle bruka bjørkepinnar, vart det jammen ganske ulike når dei fekk ulike trådar på.
 
Onsdag, berre fem-seks dagar etter skjema, kom årets adventskalender opp!

 
Fredag vart det tid til litt meir vasking og rydding, og til om med samanskruing av nokre av ikea-pakkene som ligg ute på trappa....
 
 
Kristen tykkjer tøflene til mamma er supre!
 
 
Finaste nissen på Sørheim! Her er klokka vel ti om laurdagskveldn og han er nett attkomen frå julemiddagen i grendahuset.
Sjå kor fin kofte Lena har strikka til han - matchande ullbrok var og med!

 
I dag er det to lys som brenn i lysestakane,
og damene skal synga i kora sine på Lysmessa i Fortun.

Mor-dattertur til Krakow

Onsdag 26. november klokka fem om morgonen sette Dordi og eg oss inn i Touranen og sette kursen mot Flesland.
10-årsgåva til Dordi frå mamma og pappa var tur til Krakow, og no var endeleg dagen komen.
Her er dama spent før ho går om bord i flyet for første gong i sitt liv!
 
Vi budde på Classi Hotel inne i gamlebyen, og der hadde dei ein fancy touch-heis!
Vi måtte sjølvsagt gå oss ein tur på torget for å sjå kva som gjekk føre seg der
ein tidleg morgon.
 
Der var det tilrigging til det årlege julemarkedet som opna fredag.

 
Ein tur til "gamle trakter" vann vi òg.
På dette hotellet budde Trygve og eg i fjorsommar.

 
På det store kjøpesenteret Galleria Krakowska var det pynta til jul til gagns!

 
Ein dag var vi nede i saltgruvene i Wieliczka, og det gjorde inntrykk!
Først gjekk vi 400(!) trappetrinn ned, og enno gjekk vi ned nokre nivå i løpet av den vel to kilometer lange spaserturen der nede. Det er 300 kilometer med gangar, men berre a to kilometer er opne for turistar.
(Sidan minnekortet vårt vart stole, har eg ikkje eigne bilete herifrå. Desse har eg funne rundt omkring på nettet.)



 
Her er julemarkedet kome litt i gang. Dordi er strålande fornøgd!

 
Det var bygd opp ei scene på torget, men ingen visste kva som skulle skje der...
 
 
Vi fann og eit lokalt marked der vi kjøpte ost og spekemat - og eit rosettbakelsjarn!!

 
Fredagettermiddag skulle vi ut og eta bursdagmiddag for meg, men Dordi berre pirka i maten og hadde illt i magen og var kvalm. Så då gjekk vi tilbake til hotellet (ein laaang tur for Dordi) og då sette ho i gang med oppkast i 12 timar.
Heldigvis var ho frisk, men veldig slapp neste morgon. Ho trøydde seg med ipad og skype medan eg sprang rundt og handla.

 
Søndag tok vi ein reprise på bursdagsmiddagen + at vi ville ha forrett.
Det var gulasj-suppe i ein brødbolle med lokk!
 
Dordi skreiv kort til mange vener og kjente :-)

 
Måndagsmorgon klokka fem gjekk taxien frå hotellet, og til trass for årets første snøfall der borte, kom vi oss fram til flyplassen på sommardekk...
Her var synet som møtte oss på parkeringa på Flesland.

 
Og slik såg det ut på kjøkkenbordet då eg skulle pakka ut og sortera innkjøpa frå Krakow.

 
Advents-Krakow innfridde, likeeins som sommar-Krakow gjorde det i fjor.
Eg vil gjerne tilbake dit fleire gonger , eg!