onsdag 30. januar 2013

Min frukt

Eg er ein buzzador!
Det inneber at eg av og til får tilsendt produkt som eg skal prøva ut og dela med andre.
 
I går fekk eg tilsendt ein kasse med 20 smoothiar, "min frukt" frå Nestle.
Den grønne er favoritten til Kristen,
og var det einaste vi fekk i han då han var sjuk i over ei veke.
 
I kassen var det òg ei brosjyre med opplysningar om Min mat.
Desverre hadde det gått hol på ein pose i posten, så det var litt klissete nedi kassen.
 
Det er ein raud og ein grøn utgåve av smoothien.
Den raude er med eple, banan og jordbær og den grøne er med eple og pære.
Sidan det er 100% frukt, er det eit sunnt mellommltid - eller dessert som vi ofte brukar den til. Posen tilsvarar ei frukt, og vi har alltid liggjande ein pose i stelleveska i tilfelle...

Kristen et gjerne med begge hender! :-)
 

torsdag 24. januar 2013

Martha 9 år!

Laurdag hengde vi opp balkongflagget og feira 9-åringen vår frå morgon til kveld!
 
Det var ein trøytt jubilant som fekk gåver, kake med lys og flott morgonrusten song på senga, sjølv omvi drøyde prosesjonen til nesten halv ni.
 
Trygve (og litt Hilde) hadde ein gratis gåve på lur,det visste ho på førehand.
Men ho greidde ikkje å gjette kva som skulle skje då vi batt på ho eit skjerf og tok ho med på ei lita vandring med lommelykt i handa...
 
 
Eit av kotta som er ved sida av rommet hennar var nemleg tømt
utan at ho hadde merka det. Det hadde ho ønskt seg lenge!

Damene rigga til og dekte bord, etter alle kunstens reglar.
Sidan det var papirduk (og vi hadde gløymt å kjøpa pappbeger) fann dei ut at dei kunne skriva namna på gjestene rett på duken!
 
Allereie ein time før gjestane var venta, var dei ferdig kostymerte :-)
 
 
Etter pølser med brød og /eller lompe, var dei klare for film.
Og då høyrer popkorn og godt med.
Sidan storesøster har erstatta godteposene med godteskåler dei to-tre siste åra, fann vi ut at vi gjorde det i denne bursdagen òg.
(Sparar litt tid på å sleppe å telja til 18 stk på kvart smågodt..)

Med fruktspyd som motvekt mot alt det usunne....

Til slutt var det kaker, is og gele.
Og resten av godteriet.
17 trivelege ungar til bords og i hus er ingen sak!
 
Om ettermiddagen kom dei vaksne gjestane, og Martha blas lys enno ein gong.
 

Ho hadde invitert så mange gjester at vi måtte fordela oss på to bord,
veit ikkje kva selskap som var mest høglydt eg... ;-)
 
Dette er eit sprekt trekløver med 261 år på bakane sine!
Aldersforskjellen på den yngste og eldste gjesten var vel 93 år!!!
 
Det var ein nøgd jubilant som snubla opp på loftet etter ein pizzabit i elleve tida.

Istid?

Jentene ville òg ut å ta bilete, dei hadde fokusert på is og folk.
Her kjem isbilda:
 

 

 

 


onsdag 23. januar 2013

Kald vinter i Sogn

Januar har vore heilt eineståande når det gjeld ver og føre.
Kaldt, klart og lite snø.
 
Som regel er det utsikten frå skulen mot Molden som blir knipsa, men jammen var det fint ein dag eg såg ut kontorglaset mitt på baksida mot Bolstadnosi òg!

Martha og eg var på Sogndalstur sist veke, og då vi skulle til å køyre gjennom den lille tunellen ned mot Årøyane, fekk vi auge på dette motivet. Vi snudde på busstoppen rett etter tunellen og køyrde oppatt for å knipsa litt.

Trygve var ute og knipsa ein dag.
Veldig fuktig luft og sprengkulde gir gode, uvanlege motiv.

På fjorden har det lagt seg is.
Trygve målte tjukna søndag, og meinte den var 23 cm tjukk.
Han skeisa til inn til Alme, ut i Berteigane og heimatt.
Eg tykkje fjordis er skummelt!
 

Artig flo-gjerding!

Leri ein kald januardag i 2013

Godt nytt år!

Bilde-opplastaren (heiter det det??) har vore ute av drift dei siste vekene.
Ekstra ergeleg var det fordi det i Førde gjekk ei rugande dame og venta på innlegg her.
Men her kjem nokon av årets første bilete!
 
 
 
Nyttårsaften var det vår tur til å be inn til selskap.
Ein triveleg kveld med godt mat i godt lag!

Kristen og Dordi var ute på akebrett ein ettermiddag, og det tykte han var kjekt!

Han har vorte så stor dei siste vekene!
No reiser han seg opp og går attmed bord, benkar, stolar etc.
Han ropar stadig vekk mamma og pappa, men trur ikkje heilt han veit kva han seier ;-) 

Ein januardag fekk han besøk av kompisen Lars.
Vi trilla i lag inn til Sande og så kosa dei seg inne.

Under nøye overvaking frå Magnhild åt han ganske mykje av eit heilt eple...

9. januar vakna huset opp til gladnyheten om at broren til Adelheid
hadde vorte fødd nett før midnatt.
Det måtte feirast med champagne i høge glas til frukosten, og seinare fritt storesøstervalg av middag!
Store gratulasjonar frå Leri til Hestehagen!