fredag 29. mars 2013

Kristen 1 år

Skjærtorsdag vart Kristen-guten vår 1 år!
Men sidan det er den store Basardagen her i grenda, vart det litt feiring onsdag og litt feiring fredag i staden for på dagen.
Han fekk pakkar om morgonen, og traktoren med mange -og høge- lydar frå tante Dordi slo an! Han dansar til Old Mc Donald ;-)
 
 
Etter å ha vore med og skyssa storesøstrene til Lustrabadet, tatt ein liten dupp og ete middag, var han klar for basar han òg.
Etter 3-4 rundarmed åresal, meinte han at det var nok, så då tusla vi heimatt.
 
 
Han var litt forundra over at vi var ute og gjekk om kvelden når det var kaldt,
men skravla gjekk og humøret var på topp.
 
 
På Leri var flagget oppe og sola skein fortsatt oppi berga då vi kom heim i halv sju-tida.
 
Om han virka trøytt og lei nede i grendahuset, var han veldig vaken og i strålande humør då han kom i hus og fekk på seg pysjen.
Han leika med nye og gamle leikar og lo og gjorde ablegøyar.
Verkeleg artig å vera mamma til ein eittåring på slike kveldar!
 
 
Langfredag var vi klare for selskap att.
Martha kom på at ho skulle laga vimpelrekkje til Kristen. Ho teikna og klipte ute i sola på verandaen, og vips var den klar til opphenging!
 
 
Eg laga pavlova-kake for første gong (men ikkje siste), og den fall i smak.
 
Gulrotmuffins laga eg til selskapet på onsdag,
og sjølv om dei voks seg ut av sine knelande former, var dei gode.
Mamma sendte nedover formar og pynt, så det såg ganske bra ut òg. 
 
På Nordmøre er bakels og graut festmat.
Og etter inspirasjon på facebook, kom eg på at det var på sin plass på ein så stor dag!
 
 
Å baka kake, fylla ho og kjevla ut marsipanlokk er ein enkel sak.
Pynting derimot....
Sidan det er påske, kom eg på at eg kunne bruka den polske kylling-kakepynten,
men dei vart vel dominerande....
 
 Kristen tykte derimot at kyllingane var heilt topp, så etter at han (les: eg) blas ut lyset,
knabba han til seg ein kylling og åt med velbehag.
 
 
 Solbakken-besten har eit perfekt fang å sitta i når ein skal eta ein kylling!
 
Kristen likar alt som er søtt, så då Martha hadde gått frå fatet sitt med eit halvt marsipankakestykkje på, var han klar til innhogg...
 
Etter kake-etinga på eiga hand, måtte det heilskift og rundvask til.
Men han tok på seg dress nummer to og fortsatte festen i lag med gjestene sine.
 
 Takk for ei fin feiring og alle gratulasjonane seier Kristen!
 

tirsdag 26. mars 2013

Første utekaffe!

I dag har vi , etter vår målestokk, hatt ein effektiv dag på farmen.
Kake er bakt, buatur gjort, huset er shina, ei hylle med rot har vorte til ei hylle med spel, kjøkkensluken renska, bua er gjort framkommeleg, granbar og juletrelys er fjerna frå verandaen og svåla er rydda.
Då dette var gjort sette eg meg ut i sola i lag med Dordi, Kristen var med.
Men vi fann ut at bobledressen vart for tjukk og hindra nesten all bevegelse.
Så då vart boblejakke og fleezebukse antrekket i staden.
Solbrillene kasta han av seg så snart vi sette dei på....
Dette var først dagen hans på terrassen, og han heldt seg merkeleg nok på platten!
 
 
 
Etter kvart fekk vi to puljer med kaffegjester nesten samtidig, og den eine hadde sogar kake i bilen som ho serverte oss!
Fantastisk at det verkeleg gjekk an å sitta ute i solveggen utan å frysa!
Martha var inne og fann genseren sin som eg vart ferdig med i går, og hadde den på seg.
Den skulle vore dampa først, men, men....
 
 
Då gjestene reiste, kom vi på at vi skulle prøva om grillen var klar for ein sesong til.
Etter litt startproblem, eller rettare sagt tilkoblingsproblem, gjekk det som ein draum.
Finnest dårlegare grillutsikt :-)

 
No leikar jentene ute på trampolina i lag med påsketuristar, dei har det visst kjekt om det er litt kaldt no etter at sola gjekk ned.
Eg skal leggja klippfisk i vatn.
I morgon kjem ti prominente bacalao-gjester utpå ettermiddagen.
Det gler vi oss til!

mandag 25. mars 2013

Vår i sikte?

I dag har vi bruka ein halvtime på litt jobb ute.
Ikkje så mykje som skal til....
 
Først måtte jasminen til frisør, han var aldeles forvokst og forsømt.
Bondefrisøren kunne berre bolleklipp, men sidan vi ikkje hadde stor nok bolle, tok han eit tau og batt saman heile busken.
Så var det grovklipp med motorsag.
 
 
Frisøren var spent då han lausna tauet.....
 
....men resultatet vart slett ikkje verst!
Etter litt finklipp med saks, er jasminen klar for våren
-og etter kvart sommarens blomstring!
 
 
Hagemøblane vart henta fram frå redskapshuset,
det må no vel vera eit vårteikn!
Litt kaldt å sitta i ro, men kler ein på seg går det nok...
Kaffegjestar er hjerteleg velkomne mellom ti på elleve og kvart på seks,
då er det sol på Leri! ;-)

 
 
Isen dekkjer heile fjorden frå Skjolden til Berteigane,
og jammen trur eg fjorden frys til lengre ute òg om natta.
No er det nok fjordis og kulde tykkjer eg!
Eg er eigentleg ikkje så glad i gul påske, likar betre pastellfargar.
Men i år er det gult, gult, gult både inne og ute.

 
 
Det lille, runde bordet med stolar er og utkomne og sett oppi solkroken,
men det gløymde eg å ta bilete av.
No vart det tre ekstra blomstrar å ta inn til kvelden, for jammen blir det kaldt med ein gong sola går ned i sekstida.

 
 
Eit sikkert vårteikn er at vi byrjar å tørka kle ute på snora.
I dag var det faktisk ikkje kaldt på fingrane heller då eg tok inn ein vask og hengde ut to.
Og når lamma breka i fjøset medan eg heldt på, kunne eg innbilda meg at våren var her.
Morelletreet derimot, ser ikkje ut til å tru på ein tidleg vår....

 

Eittårs-kontroll

Vetle, store Kristen-guten er snart eitt år, og onsdag var vi på kontroll.
Sofie sjekka at alt var bra.
 
 
Ho hadde ein tøff, grønn traktor som var god å bita i.
 
 
Vekta hadde gått litt ned sidan sist, ikkje rart når han har vore sjuk og matlysta ikkje har vore på topp.  
 
Inne hos Jorunn var det sprøytetid, ei i kvart lår.
Men tøffingen vår tok det som ein mann!
 
 

søndag 24. mars 2013

Palmehelg og påskeferie

 
Fredag då eg kom heim frå arbeid skifta eg ut jula med påske ute på trappa.
Og eg vart ganske fornøgd med resultatet.
 
Eg har i fleire år kjøpt meg ei ny, fin litt stor høne til påske. Ofte har eg funne dei på coopen i Fortun, der kjem i alle fall denne frå. Kyllingane er eg litt meir usikker på opphavet til ;-)
 
 
På veg heim frå jobb svippa eg innom bua på mjølkekjøp, og sjølvsagt vart det litt meir enn nokre mjølkeliterar...
Med tanke på nettopp desse kassane ute på trappa kjøpte eg inn blomster.
Men sidan det er -10 grader ute om natta, lyt dei kosa seg inne i gongen frå kveld til morgon foreløpig.

 
Då mannen var oppe på vassjakt i går, kom han (etter bestilling) ned med nokre kvistar frå selje og epletre. Og pynt til å henga på har vi massevis av, så då vart det nokre kvistar ute og nokre inne.

 
Inne lyt pynten stå høgt i år.
Kristen er i grunnen interessert og får fatt i alt han ikkje skulle rørt....
Desse to passa godt i høgda, for Dordi var visst inspirert av Muppet show då ho laga desse på skulen, og då reknar eg med det var "balkong-figurane" ho tenkte på.

 
 
Attom leikegrinda har desse tre hønene og nokre kvistar fått plass.
Lysestakane står her og ventar på å koma på stovebordet når prinsen har lagt seg for kvelden.

 
 
Eg har hatt eit par rundar med slike uroar som påskeaktivitet på skular, og det er mykje "putl" og tenkearbeid som ligg bak denne. Ikkje lett å berekna trådar og avstandar.
Dette er Dordi sin frå nokre år tilbake.
 
 
 
På kjøkkenet har eg lagt på duken eg pynta opp hotellrommet mitt med for eit år sidan då eg gjekk i Førde og ruga medan ve venta på at Kristen skulle koma til oss.
Koseleg duk, som i år må ha oppbretta hjørner når eittåringen vår er oppe.
 
 
 
I år visste eg av to av tre påskekassar, men fordi Kristen finn pynten veldig attraktiv, får mesteparten kvile seg eitt år til i kassane sine. Kanskje eg skal setta dei i lag med kassen eg veit er på loftet, men som eg ikkje gidd å finna fram?

 
I gåt ettermiddag var Kristen og eg på ein liten trilletur etter vegen, og det var triveleg.
Møtte store-søstrene som hadde vore nede i grendahuset og sett over åregevinstane til basaren, og fleire påsketuristar var òg å sjå på turen vår.

 
 
 I dag, medan Kristen sov, skruva Trygve og eg saman kommoden til Dordi som har stått lagra i bua i 3 1/2 månad.... Berre nokre få, lett opprettelege, feilskruvingar.
Det er vi fornøgd med!
 
 
 No står denne oppe på rommet hennar.
Damene har forresten vore driftige i dag, dei har reve eit klesskåp og ei bokhylle og flytta om alt der oppe. Kommoden vi skruva saman har dei og draksa opp trappa!
Kristen var besyndereleg fredeleg medan eg sat og skreiv dette.
No forstår eg kvifor....
Han hadde funne seg ei blå klubb, som er over gjennomsnittet klissete.
Bra vi har vatn akkurat no!
 
 
No skal eg på revy på indre Hafslo i lag med nokre damer.
Påskeferie er jammen toppen!
God søndag vidare!
 

Ein travel månad

Då er kvardagen her att. For fullt!
Eg har jobba to dagar i veka sidan skulestart, men no var permisjonen ubønnhørleg over!
Tysdag etter vinterferien var eg på plass på skulen i Luster der eg skal jobba tre dagar i veka fram til sommarferien. Dei to andre dagane fortset eg på Skjolden.
 
Den andre dagen eg kom inn i klasserommet i Luster, fann eg dette på tavla.
Er ikkje sikker på at dei meiner det same no, ein månad etter.... Det er fort populariteten legg seg når krava kjem sigande.......
 
 
 
I fjøset har det kome nokre få lam, og ein dag me vi hadde grautselskap etter bokbåten, meinte Dordi og Martha at eitt av dei kunne få kome inn og helsa på gjestene.

 
 
Ein søndagettermiddag var koret mitt på songbesøk til to omsorgssenter,
då vi returnerte heim om kvelden, fekk vi sjå Fanaråken med sol på
 medan Skjoldalandet var i skugge. Fascinerande syn!

 
 
Mannen og eg har faktisk fått med oss to arrangement i kulturhuset òg!
Det er fleire år sidan vi var på anna enn kino og teater med ungane, så det var på tide!
Først var vi på Eggum og Sivertsen i lag med eit vennepar.
 

 
 
Og sist helg var vi igjen på veg til Sogndal. På veg ut hadde vi med oss nokre juniorkonfirmantar som skulle overnatta i kyrkja i Luster.
Her er "rommet" med pakkenellikane til Dordi.
 
 
Medan ei var på venninneovernatting i Fortun, ein hadde barnevakt heime og ei overnatta i kyrkja, reist foreldra på SOFT med My fair lady goes Sogn og Fjordane.
Artig forestilling!
Etterpå var vi ute på Joars og åt god middag.
Mannen åt laks, medan frua valde orrfugl.
Og blåbærsausen eg fekk til fuglen var den beste sausen eg har smaka nokon gong.
Mmmmmm
 

 
På skulen har det vore leseperiode med Astrid Lindgren i fokus.
Her er Martha i farta utkledd som Karlsson på taket :-)
 
 
I vinter har det vore kaldt, og den siste månaden har vatnet vårt vore noko ustabilt.
Det er vatn i bekkjen, men vatnet kjem ikkje inn i kummen vår, isen gjer at det tek sine eigne vegar.
Trygve er oppe og får det på rett lei ein gong eller to for dagen.
Ein dag var Trygve borte, og vatnet likeså.
Då kom Kristen på at oska skulle ut av omnen.....

 
Litt sein i avtrekkjaren har eg kasta meg på marius-bølga.
Den første vart grå, kvit og lilla og passa perfekt.
Den andre er rosa, kvit og grå og under produksjon.

 
Elles har vi hatt sjuk bil og sjuk Kristen.
Men no er begge friske og i full vigør, heldigvis!