søndag 23. juni 2013

Ferien er i gang!

Onsdag var min siste arbeidsdag i Luster,
og den tilbragte eg på bremuseet i Fjærland i lag med heile skulen.
Ein fin dag på jobb! :-)
 
Torsdags ettermiddag var det full fres med pakking og rydding og diverse anna arbeid.
For fredag skulle vi starta ferieturen rett etter skuleslutt klokka 11.
Då klokka var seks hadde jentene fortent eit bad i den fine sommardagen.
Kristen og eg vart med og kosa oss i fjøresteinane nede ved kaia.
 
Trygve er klar for ferie!
Sjølvsagt måtte det bli pølse og cola på ferga!
 
Bergegjengen hadde lagt opp til aktivitets-laurdag, der første post var dressintur!
Stor suksess!
Lerumen var ein habil trøar!

3/5 av fam Lerum i farta!
 
Fire dressinar etter Rjukanbanen, retning Miland.
 
Piknikk måtte vi ha!
Kristen fekk springa litt etter eit langt opphald i bæremeis på dressinen.
 
Neste post på programmet var omvisning på Hydroferga Ammonia.
Kristen og eg rusla rundt nede på kaia medan dei andre var der.
Fascinerande med togspora på land som treff dei om bord i ferga!
 
Siste post på aktivitetsdagen var is på ein ny kafè nede på området.
 
Vel heime att var det grilling av lammelår med allskens godt tilbehør og ein meget velsmakande rabarbrapai med is til dessert.
Godt stell nede  i Telemarken!


søndag 16. juni 2013

Førde, sommar, sykkel og kveldstur

Tysdag var alle , minus Dordi, på Førdetur.
Martha skulle på øyre-/mandel-sjekk.
Kristen var henrykt over leikerommet og sprang det han var god til i korridorane.
 
 
MArtha mått smørja seg med tolmod, vi venta nesten ein time før ho fekk koma til.
Først hos lege, så på hørselstest og så innatt til legen att.
Eit dren hadde forsvunne, men elles virka alt ok.
Frøkena var litt skuffa over at ho fortsatt ikkje kan dukka, og det betyr at hopp frå 3-metaren fortsatt ikkje er lov... :-(

 
Då vi henta Dordi oppe i Solbakken etter Førdeturen, var Kristen kjempeglad for å kunna gå fritt og vera ute. Han utforska uteanlegget der oppe medan søstrene opna badesesongen.

 
Laurdagen vart det sommar og sol.
Dordi vart køyrt inn til Kine før dei skulle i bursdag.
Pia og Martha gjekk og venta på at Kristen skulle vakna
at eg kunne bli med dei opp i Solbakken på bading.
Der vart vi  resten av ettermiddagen med fin servering og godt selskap.

 
Vel nede vart Kristen pysja, men jammen kom han stabbande opp til meg som stod og tok ned og la saman kle. Søt i pysjamas!


 
Flott sommarkveld!



Menyen var det heller ikkje noko å utsetta på:
Indrefilet av hjortekalv med godt tilbehør.

 
Søndag var det dags å sjå på syklane til damene, måndag er det sykkeldag på skulen.
Det mangla ei ringjeklokke der, refleksar her... Ved hjelp av "delesyklar" trur vi begge syklane er lovelege i morgon.
Her fann Martha ei ringjeklokke til sykkelen sin, Kristen hjelper til - og veit ikkje noko om at han om kort tid må ta til takke med ein rosa sykkel.... ;-)

 
Etter sykkel-styr og litt annna pjask, la vi trøstig i veg på kveldstur til Storatjødni i Mørkridsdalen.

 
Dordi og Martha motiverte mamman i dei brattaste kneikane på slutten av turen.
 
 
 Rett før vi kom opp, opna himmelens sluser seg.
Så jentene fekk så vidt tid til å kasta 5 kast med fiksestonga og å ta seg ein dukkert før vi returnerte med ein hutrande Kristen.
49 minutt opp, 15 minutt der oppe og ca ein halvtime ned att.
Så etter ein og ein halv time var vi på heimveg att.
Heilt sikkert ikkje så mykje å skryta av, men vi var godt nøgde med både tempo og tur!

søndag 9. juni 2013

Livet med Lerums

Dei siste vekene har vore fylt med mykje kjekt!
Og bloggen har eg (nesten) ikkje skjenka ein tanke....
Men her kjem eit lite biletleg utdrag om kva vi har stulla med sidan sist!
 
Morelletreet har blomstra - og blomstra av....

Cruisebåtane seglar inn og ut fjorden

Teatergjengen med foreldre hadde avslutningsfest med filmopptak frå forestillinga, quiz og Helga sin gode pizza.

Det var nokre fine sein-maikveldar med fin temperatur

Ute veks grasløken eg fekk frå tante,
den har selskap av epleblomster og hegg.

Mannen i huset skulle på feltstemne og måtte skyta inn gunner`n.
Frua fekk prøva nokre skot på blink og boksar.

Søster Hanne vart både dagsvinnar og vekesvinnar
i biletkonkurransen på tv2 med dette kule bildet!!
Gratulerer og hipp hurra.

Fredag var eg på guida tur frå Høyheimsvik til Markstein via Saue.
Vart så fascinert avveg, utsikt og alt!
 
Her ser vi rett mot Sørheimsgrenda!
 
Laurdag var det årlege slektstreffet for Sørheims-slekta
kombinert med 85-årsdagen til Melchior.
Kristen og Magne kosa seg!
 
Damene har kledd seg opp til barnedåp.
 

Dordi har vore heldig og fått lånt sognebunad av Helga.

Etter dåpsseremonien, lenge før gudstenesta var ferdig,  
ville Kristen ut og leika, mor hang på for halv pris!
 
 

Til tross for at han var småforkjøla og hadde litt feber, var han i full vigør ute
(og inne i kyrkja før og etter dette...)

Ein stolt fadder med snille Alexander som
var stille heile gudstenesta og sov seg gjennom heile middagen.
Tusen takk til Anne Helen og Jan for ein fin dåpsdag!
 
No er det (knappe) to veker til skuleferie og ferietur,
og programmet vårt ser ut til å roa seg og ha rom for litt impulsivitet igjen!
Men i morgon skal vi til Fortun att, då på restefest!
Klart vi er med på det, for dagens meny fristar absolutt til gjentaking!