søndag 25. august 2013

Skulestart

Måndag = fri for meg dette skuleåret,
men akkurat denne måndagen ville eg på skulen.
Første skuledag-starten er kjekk å få med seg!
Her er trekløveret før jentene gjekk ned og tok taxien til skulen.
 
Etter flaggheising og fotografering på skulen,
kom Anne Helen og gutta på tidleg-kaffe.
Veldig koseleg og mjuk start på skuleåret!
Fadderungen min veks så fort!
 
Dei to "store" gutta kika etter traktorar ute.
 
Om kvelden var det fotballtrening i Luster att for Martha, men klok av skade tok Kristen og eg oss ein tur i staden for å springa i vegen på fotballbanen.
Ein stolt pappa viste sin håpefulle rundt på Luster Grønt :-)
 
Først var trucken litt skummel...
 
- men så ville han vera med når pappa køyrde.

Og jammen fekk han vera med å køyra på plass ein palle med bringebær
på plast-karusellen.
 
Tysdagskvelden var vi oppe i Solbakken ein snue, og då vi var på farten nedatt,
kom cruisebåten stimande ut fjorden.


-og neste kveld kom ein ny....
 
Planlegging av timar, halvår og år går bra når ein har slikt heimekontor!
 
Fredag var det klart for overnatting i Hestehagen for kvartetten.
Og jammen fekk dei ikkje med seg ein ungdomskonsert med Erik og Kriss i Parken òg.
Jentene hadde laga plakat, og øva seg på konserthyl.
Ingenting å seia på forberedelsane på desse damene!
 
Star-strucked?!!
 
Kvartetten etter konserten!
 
Bilda frå konserten fekk eg frå ekstra-mamma Anne Helen, for ho mor sjølv var i Munthehuset i lag med gode kollegaer og åt gourmet-mat.
Først fekk vi røykt ørrett.
 
Entrecôte med hagens grønnsaker
 
Bringebær med piska rømme med vaniljekrem og ruccola- og appelsin-is
 
Laurdagen skulle Dordi vera med 4H ut i Kroken, og Kristen og eg følgde ho ned til vegen
 
Ut på kvelden tok vi ein sykkeltur medan vi venta på
at pappa skulle koma heim frå Luster Grønt.
Her meiner han at farten er for liten...
 
Dei woka grønnsakene vi hadde til hjorteindrefileten i går såg lekre ut, måtte senda ein snap til Gunn. Greidde ikkje heilt å halda nivået frå Munthehuset, men det vart godt!


 
I dag er det søndag og sola kjem og går.
Men det er fin temperatur og trilleturen gjekk til Sande.
Trygve er på pistolstemne på Hillestadstølen og Martha skal hentast i Hestehagen.
Dordi vil køyrast på bading på Fjordstova i lag med vener.
Berre Kristen og eg som er planlause i dag,
har baka brød, sidan får resten vera til ein regnversdag!
No er det skyssing av eldstedama til Skjolden.
Ha ei fin veke!


Før skule-veka

Plutseleg var ho der, veka då eg skulle byrja på jobb att og siste ferieveka for jentene.
Det som var så langt fram då vi reiste direkte til Telemark den dagen ferien starta.
Sju veker er ikkje så lenge som det ein gong var, trur eg.....
 
Etter felles planlegging på oppvekstsenteret tysdag, var det oppmøte klokka 9 i Feios neste morgon på matematikknettverk. Avreise halv sju!
Men med godt turfølgje, gjekk turen og dagen som ein røyk!
 
 
Heime såg det vel omtrent slik ut:
 
Torsdagsmorgon var det atter klart for planlegging på skulen.
Martha skulle på overnattingsplanlegging i Hestehagen og sat på med meg.
Og den morgonene var det 5 grader og iskaldt då vi reiste.
Men om ettermiddagen såg det slik ut, godt og varmt!
 
Her er bilebrevet eg fekk frå Anne Helen av bakstedeiene
som planla overnatting neste helg:
 
Sidan Trygve jobbar til midnatt desse dagane når eg er på jobb, er det minære å fora desse typane..... Bortsett frå at dei luktar så fælt, er dei ganske trivelege vesen!
 Fredag var det ekstra fotballtrening for Martha, og eg og Kristen var med.
Han sprang inn på banen, istaden for å leika med spaden og bøtta eg tok med....
 
 
 Smoothien eg bestakk han med for å sitta i ro i vogna, var det mykje att av då vi kom heimatt... Travel type!
 
Søndag var Martha og Trygve på fotballturnering på Hafslo.
Ein blaut, men kjekk opplevelse!

lørdag 10. august 2013

Ut på tur - i alle fall når det ikkje regnar.....

Kristen har "plutseleg" vorte a-menneske.... Vaknar mellom 6 og 7.
Litt overgang frå 10-11 til 6-7, kan ein seia....
 
Så etter at "summing", frukost og litt arne-tv er unnagjort, er vi klare for sykkeltur eller trilletur. Då truar han på døra eller kjem med skoene sine, for han vil ut.
 Kristen likar veldig godt å "sykla" og då blir det luffetur med eller utan kaffekoppen for mor, passar godt!
 
Denne morgonen gjekk vi først ut til grendahuskrysset, før vi snudde og gjekk eit stykkje innover. Molden snik seg med på bilda uansett kvar ein går.

Torsdag var første plukkedag oppi det lille, ustelte, dyre-ete feltet vårt.
Vel 300 gram, tydar vel ikkje på nokon toppsesong...
 
Denne dagen hadde Molden vorte til ein aktiv vulkan...
 
Ferie"søskenbarna" har det veldig kjekt i lag.
Denne veka har damene våre kome i hus to kveldar etter at foreldra hadde lagt seg...
Dei spelar brettspel, kort, badar og leikar gi eit lite vink.
Går mellom Solbakken og Leri.
Slik har det vore kvar sommar i så lenge jentene kan hugsa!

Laurdagsmorgonturen gjekk til Sande.
Då vi var komen til Grisahagen, kom eg på at dei skjermtrykkande damene godt kunne ta ut av oppvaskmaskina. Noko som er umogleg i lag med herr Lerum junior...
Sidan dei ikkje har mobilar, vart snapchat løysinga, med dette bildet på.
 
Blank fjord i dag.

torsdag 8. august 2013

Helga i bilder

Uvêr på veg inn fjorden to gonger same kveld.
 
Først kom dette med sterk vind og plaskande regn.
 
Seinare på kvelden kom dette.
 
Martha har hatt venner på besøk, og sjølvkomponerte pizzaer er ein sikker suksess.
 
Hyttenaboane reiste søndag, og måndag inntok teltfolket plassen der borte.
Lite flate område her på garden, så då er skulehustomta kjekk å ha!
 
Nysteikte vafler er kjekt å få bringa bort når ein er på camping!
 
Kristen herjar med kattene.
I helga er det Georg som har fått gjennomgå.



Tysdagsmorgonen kom dette cruiseskipet inn i skoddeheimen.
Med eigen følgjebåt?

onsdag 7. august 2013

Nokre bilder frå sist veke

Jammen er vi heldige som får koma opp i Solbakken og bada!


Fin, god frukost! Og så ute!
Røykelaks med egg, kjøttrull, spekeskinke og heimerørt jordbær.
Kan knapt bil betre på hotell!
 
Grillspyd er praktisk, då får alle det dei vil ha!
 
Eg valde marinerte scampi, marinert breiflabb, saltkokte poteter, paprika og champignon.
Smaka fortreffeleg!
 
Hm... kva er dette???
 
For nokre år sidan, sjøsette vi ein badeflåte.
Så vart den lagt på land, og sidan har den vore godt skjult i graset.

Kristen er med og sjekkar at maursyrekannene er heile og at dei sit godt fast.
 
Vi måtte skrapa og vaska av litt jord før vi sjøsette den.
Men den var i forbausande god skikk etter å ha vore gløymt i fleire år, opp-ned i graset.

 
Trygve måtte vera med flåten ut for å kasta ut ankeret, meinte han.
Ergo fekk han sommarens første bad......
 
Ein kveld var eg på triveleg visitt hos Gro og Ove på Ølnes.
Flott utsikt der oppe!

Ein fin sommarkveld med kjekke folk på terrassen.

Eit ikkje fullt så fint kontor....
Når ein ryddar kott på loftet, må noko nødvendigvis flyttast andre stader i huset,
t.d. her...
Men no er det oppe og går att,altså.
Men ønskar meg fleire hyller der inne!