søndag 29. desember 2013

Å jul med din glede

Julaften vakna vi til vind og regn og mange plussgrader.
Jentene og eg fekk med oss litt Askepott før vi måtte kle oss om og køyra i veg.
Først var vi innom Lerisbua med julegåver, så bars det til Fortun og julegudsteneste.
Heime venta Kristen og Trygve - og lukta av saueribba som eg sette i ovnen før eg reiste!
 
I år var vi så heldige å ha besøk av Helga på julaften.
Og etter å ha ete middag, var vi klare for å sjå kva som var inni pakkane.
Kristen fekk det han ønska seg mest: mange traktorar og andre framkomstmiddel.
Like glad for kvar og ein.
Martha pynta han med rosett i håret, og ansiktet hans då han fekk sjå seg sjølv i speilet med rosetten i håret var ubetaleleg!!
 
Helga hjalp transportøren vår med twist-lessing og -lossing.
Twistane gjekk fram og tilbake, frå skåla på bordet,
opp i ulike traktorskuffer og tilbake att, mange gonger.
 
I år fekk eg viljen min når det gjaldt juletre, ein fin eine vart treet vårt.
Slankt og fint, tykte eg!
Jentene var litt skuffa; skal det vera juletreet vårt??
Men no har dei nok vendt seg til det.
Tredje juledag vart dei store lysa mørke, så no er det berre ei lita lysslynge att.
Men det ryss så fælt, at det er ikkje aktuelt å prøve å få dei av og nye på.
 
Kristen og eg laga til julefrukosten 1. dag.
Han var behjelpeleg med det meste!
Jammen fekk han ikkje body med traktor òg!
 
Jentene og vi fekk mange spel i år.
Her er det Kortskalle-speling.

Sussi ventar på at vertsfolket hennar skal koma heimatt frå julefeiring i Bergen.
I mellomtida må ho klara seg med mat og klapp frå oss...
 
2. juledag gjekk Trygve seg ein tur opp skogsvegen og nedatt om Vassgjerdet.
Eg gjekk han i møte, men stoppa på Krekahammaren for å skremma han i skumringa ;-)
 
Årets jul går inn i historien som ei sosial jul
med god mat, kjekke gjester, trivelege juleselskap og roleg tempo.
Akkurat slik vi likar det!
 
No er vi klare for sein frukost i Solbakken,
seinare skal Trygve og og jentene på juletrefest i Fortun.
 

lørdag 28. desember 2013

Bacalao à la Hilde

I dag inviterte vi to vennefamiliar på bacalao.
Det har vore så mykje snakk om bacalao og oppskrifter i det siste, og i dag vog eg opp ingrediensane før eg byrja.
I dag hadde eg i meir fisk enn eg vanlegvis brukar, og det gjorde at dagens koking vart litt for salt.
 
Dagens oppskrift var som følgjer:
 
1, 3 kg klippfisk (lagt i vatn i gårkveld)
3,6 kg potet  (fekk ikkje plass i panna til alt.......potetgull til kvelds av 200-300 g)
750 g lauk i halve ringar
2 små glas tomatpurre
ca 1/2 flaske ketchup
1-2 dl olje
200 g margarin
peppar
vatn
 
  1. Ha olje og vatn i botn av kasserollen slik at det dekkjer botn, og vel så det.
  2. Legg lagvis: potetskiver, fisk, lauk, peppar, ketchup, tomatpurè, melange 
  3. Når alt er kome i kasserollen heller eg på vatn (skyljer purèglas og ev.   ketchupflaske)
  4. Set på lokk og la det koke 1-2 timar. Ikkje rør i gryta, men drei den rundt på plata nokre gonger medan det kokar. Heilt til slutt vender du forsiktig frå kanten og inn mot midten nokre gonger for å blanda det som ligg oppå lenger ned.

 
 
Etter eit par timar, ser det slik ut under lokket:
 
Vi brukar makaronistuing til, og synest det passar godt i lag.
Flatbrød høyrer òg til!
 
Min bacalao er ikkje sterk og ikkje så feit, men vi likar den akkurat slik!
Lykke til om nokon prøvar seg, eg gler meg til å høyra om resultatet!
 
Her er kveldens reste-måltid; heimelaga potetgull!
 

fredag 27. desember 2013

Førjulsglimt

Her kjem nokre bilete frå den siste veka før jul:
 
Kollegabakst på skulen, fire slag med heim! 
 
Far og sønn på julemiddag i grendahuset: 
 
Lesing av traktorblad med Kjell ein søndagsettermiddag er ikkje å forakta:
 
Pakkane på adventskalenderen minka for kvar dag
 
Kjøkkenassistenten min
 
Bordet duka og klart for kjekk kollega-kveldsmat
 
Juletrefest med oppvekstsenteret. Dordi spelte nissen som ikkje fekk grauten sin.
 
Tre Lerum-julebukkar i Hestahagen
 
Fem syngjande nissar vetlejulaften
 
Julestrømpene var ikkje å finna, meinte døtrene.
Ergo fann dei fram Trygve sine strikkalabbar og hengde opp, det fekk duga!
 
Men eg trong ca 1 minutt på å finna dei i julekassane.....
I år er det lite pynt i stova (fordi vi vil berga julepynten frå knusing av juniorsjefen),
så det står tre fulle julekassar på loftet.

Kanskje det kan koma nokre bilete frå sjølve jula òg?
Slett ikkje umuleg :-)
 
Fortsatt god jul!