torsdag 25. juli 2013

Sørheim badeland, besøk og sol

I gårkveld då vi var i Solbakken, avtalte vi badebesøk dagen etter.
Synes fjorden er litt for kald til Kristen, men i bassenget var det 28 grader.
Han var nok ikkje overbegeistra.
Men han var no oppi der i lag med Inger og meg nokre minutt før han ville opp på kanten.
Vi får prøva til igjen!
 
Denne "dammen" var perfekt, meinte Kristen.
Der duppa han anda si, skoene og føttene
og hadde mykje godt arbeid for seg.
 
Inger steikte vafler, og Kristen tykte det smaka mykje betre
enn middagen eg hadde med....
Jordbær likar han ikkje, men is derimot.....
 
Medan vi sat og drakk kaffe, kom den første cruisebåten ut fjorden i stor fart.
 
Ja, og eit instaweatherbilde var i grunnen på sin plass oppi der.
28 grader klokka fem er sommar på sitt beste!
 
Vel nede trekte vi i skuggen.
Kristen dreiv som gartnar på slutten oppi Solbakken og var full av jord,
så eit bad var på sin plass!
 
Han trøydde seg leeenge i stampen, så slik sat vi og kosa oss!
 
Så kom Arne med materialen vår, og etterpå kom fire av damene hans opp frå stranda.
Veldig triveleg kveldsbesøk på terrassen!
 
Grilling kvar kveld no i finveret, og i kveld skulle eg avansera litt.
Frå kotelettar, karbonadar og pølser til lammesadel.
Etter å ha godgjort seg i marinade heile dagen, var eg spent på om eg fekk den gjennomsteikt utan å svi den. Men det gjekk faktisk heilt flott!
Juksa med steiketermometer, og då gjekk det som ein leik.
Spørs om eg tør å våga meg på eit lammelår slik Ola gjorde då vi levde som grevar på Berge...
 
Så vart det sein middag i kveld att.
Men bonden har hatt lang arbeidsdag og fått inn masse tørrhøy,
 så då er det ikkje så nøye med måltid-tidspunkta.

onsdag 24. juli 2013

23. juli

I dag har vi gjort noko vi skulle gjort for lenge sidan
- og kanskje på ein litt kjølegare dag.....
Vi, eller mest Trygve, har av-isa to frysarar!
 
Og jammen var det litt av kvart å finna....
Både salt mat og søt mat, kjøtt og fisk.
 
Kristen greidde berre å sova ein times tid i dag i varmen,
så i totida var vi på plass på stranda.
Her spaserar han frå den parkerte pickupen mot stranda.
 
Vi fekk besøk av May Grethe og Frode på stranda i dag.
Men Kristen vart fort trøytt og grinete og ville oppatt.
Så då fekk han sove eit par timars ettermiddagsdubb.
Og medan vi ferierar, jobbar bonden for fullt med høyet sitt....
 
Sjekk temperaturen vel seks i kveld....
 
Då Kristen vakna, tok vi turen opp i Solbakken.
Der var det lenge sidan vi hadde vore, men fontena hugsa han.
Boms, så var alle steinane rundt kanten kome oppi bassenget. 
Fontenedama har fått låna solhatten ;-)
 
Magne fann fram traktoren, men Kristen var litt for kort i føtene
 
Utsikta derifra er den flottaste i bygda, vågar eg å seia.
 
Vel nede att var det klart for grilling av spareribs,
og ikkje minst saftkoking.
Fann ein del bær i frysaren oppe i reiskapshuset,
så her var det berre å trø i gang saftkokaren!

 
Som vanleg åt vi middag på Leris uterestaurant på verandaen.
Fint folk et seint, og i kveld vart det rekordseint.
Vann akkurat å eta ferdig før kveldsnytt.
Temperaturen kunne vi ikkje klaga på.....
 
Ny fin dag på farmen, og i morgon fortsett finveret!!!

tirsdag 23. juli 2013

Same procedure as last day.....

Når sola skinog varmar, og verda ser slik ut,
kan ein vel knapt ha det betre....
 
Og når ein har med seg ein slik krabat,
blir det ikkje dårlegare...
 
Fuglefamilien hadde minka med ein unge sidan i går.
Survival of the fittest....
 
Kristen fann ein kvist han trøydde seg lenge med
-heilt til han byrja å piska mor si.....
 
Mat må ein ha!
Leverposteibrødskive og vatn er gode greier.
Men han vil no helst oppi bagen,
den tømmer han lett medan han seier Nam, nam, nam...
Han hugsar nok at vi fann ein pose seigmenn oppi den på laurdag..
 
I går var vi ekstra heldige, då kom Trygve ned på stranda med is til oss.
Og jammen diska han ikkje opp med jordbær og is seint i gårkveld òg!
Kjekk kar!

mandag 22. juli 2013

Endeleg: Sommar i Sogn

Medan jentene (og resten av gjengen der oppe) hutra i regn og kulde på Nordmøre i helga,
har vi hatt strålande dagar her nede.
Prognosane framover er heller ikkje så galne.....
 
Kristen og eg har vore på stranda både laurdag og søndag,
og nista har vore brødskiver med leverpostei
-etterkvart ispedd småstein...
Bleien ser ut til å innehalda halve Lustrafjorden.
 
Ei fuglemor med heile ti små svømte forbi oss.
Ikkje lett å halda styr på alle desse ungane som dukka og svømte alle vegar,
men mora fekk dei på rett kjøl med små kommandoar. Fascinerande!
Kristen følgde interessert med på svømmekortesjen.
 
Blir aldri lei av utsikta frå solstolen nede på stranda.
Og så er eg jo litt rive med i insta-verda......
 
-og lært meg å laga tekst på bilda med i snapchat.
Jau, eg prøvar å følgja døtrene så godt eg kan,
men dei er ikkje så overbærande med mor si
og manglande kunnskap om program-finessar.
"Har ikkje du gått på datakurs, då mamma"
Virkar veldig lenge sidan IKT-vekttala mine kom på plass...
'
 
Klokka blir gjerne 16 før mamsen og Lillegutt set pickupen i gir og køyrer ned på stranda.
I helga var det "u-fjæra" omtrent på denne tida.
Kristen er fornøgd med den kjempestore sandkassen sin,
medan eg kunne tenkt meg litt meir vatn i fjorden.
 
Grinda var så fint dekorert på søndag.
 
Og kveldane i helga såg omtrent slik ut frå verandaen.
Etter gode middagar i godt lag.
Kan ikkje klaga på verken det eine eller det andre slike kveldar.

fredag 19. juli 2013

Ny sveis og ny kakepynt

Kristen har vore halvhjerta klipt av tante Hanne ein gong, og elles har det vokse vilt.
Else var ikkje heime då vi var der i juni.
No var det på tide å prøva å laga ein guttesveis på han.
(Ein ferierande her i grenda var overbevist om at han var ei jente....)
Eg tok tipset frå Brynnhaugen og klipte han medan han sat i badestampen.
Men saksa eg fann var ei vanleg skulesaks, guten sat ikkje mykje i ro og i eit dusjkabinett med små dører var det ikkje lett å koma til......
Men eg fekk no av han litt hår ved å lirka og lura, snu og venda litt på han.
 
Her er badeguten vår ferdigklipt.
 
Her kan de sjå litt meir av sveisen,
no med tørt hår tidleg ein fredagsmorgon.....
Frisøren er godt fornøgd med resultatet!
 
Så over til prosjektet eg byrja på i går, men som eg gløymde heilt til i dag....
 
Kandisering av fiolar og rosenblad!
Fordi boksen stod ute på verandaen over natta,
hadde ein del blad vorte visne og brune.
Men det var rikeleg å ta av!
Eit klissete og tålmodighetskrevande arbeid, absolutt ikkje noko for meg, egentleg....
Dyppa/ pensla med eggekvite og strødd med sukker.
 
Dei ser no fine ut om ikkje anna, så det var kanskje verdt arbeidet?!
Får venta til eg får bruka dei før eg uttalar meg om det.
 
Her er dei ferdig-kandiserte blomstrane og blada.
No ligg dei på eit smørpapir og tørkar.
I morgon, eller overmorgon, skal dei ned i glas eller boksar,
klare for kakepynting utover hausten.
 
-Og spisereiskap skal det bli ei råd med.
Sjå kva eg har kjøpt meg!
Facebook-markeda er kjekke!
 
Fin fredag!

torsdag 18. juli 2013

Kjøle te græiå!

No har det regna så mange dagar at eg har kome av talet....
Men vi heng ikkje med nebbet av den grunn!
 
I soveperiodane til Kristen desse dagane, har ekteparet svinga seg på loftet.
Så det er ikkje så gale, at det ikkje er godt for noko.
Der oppe trongst det nemleg ein innsats!
 
Her er nokre av leikene til Dordi og Martha som no kjem Kristen til gode.
Han sette i gong med å tre ringar på pinnane med ein gong...
Lurar på om vi har understimulert han.....
Hugsar de att leikene, jenter?
 
Men, og det er eit stort MEN oppi dette:
og menet heiter STØV!
Ufattelege mengder med støv har busett seg på loftet,
og i går toppa det seg då husbonden gjekk laus på soverommet vårt og tømte det!
Heile huset vart fullt av støv, trur eg.
Greitt så lenge det ligg i ro, men no fekk mannen blod på tann: Støvet skulle bort!
Lungene mine formeleg kjente at støvet kom ned gjennom tregolvet....
Og no er eg i loftskarantene!
Pustar som ein 90-åring og supar ventolin og kaffe om ein annan!
Så då må eg finna på noko som er nyttig for fellesskapet eg òg, medan Trygve fortsatt ryddar på loftet. I dag er det loftsgangen son skal til pers!
 
Ein dag baka eg muffins!
Og dei vart veldig gode, til og med mannen som ikkje likar muffins, tykte desse smaka godt.
Bruka denne oppskrifta, og putta nokre frosne bringebær i kvar form.
Lunkne med is til var dei veeeldig gode, men Kristen og foreldra likar dei kalde òg!
 
I dag var som sagt pusten på eit lågmål, så eg har vore mest ute.
Først rusla vi ein trilletur ut til "Verdens ende".
 
Og då Kristen hadde lagt seg, kom eg på at eg skulle prøva meg på ein sykkeltur.
 
Eg arva sykkelen til Kari Johanna då ho flytta frå Sørheim, og har heile tida trudd han var punktert.Men då syklane til ungane vart fiksa til sykkeldagen, fekk denne òg luft i dekka og er friskmeldt!
Ein orange Cresent-sykkel med tre gir (som hoppar litt) og sykkelkorg.
Det var faktisk opphaldsver på turen min inn til Magnhild,
så t-skjorte og tights var nesten nok kle......
Eit bilde frå verandaen der mannen stod og vifta med flagg då eg sykla av stad ;-)
 
Målet mitt for turen var å plukka fiolar.
I tillegg har eg plukka rosenblad.
Eg er snart klar for mitt neste prosjekt........... ;-)
 
Akkurat no kom eit solstreif inn verandadøra...
Kan de skimta det på bildet under?
Kanskje det ekstreme nedbørsvarslet ikkje slår til her mellom høge fjell?
Det er lov å håpa!
I morgon og 9 dagar framover melder  dei i alle fall sol og fint.
Det  varselet bør slå til!
Trur bestemt at sol er bra for pust og lunger!
 
 
 

onsdag 17. juli 2013

Det finnes ikkje dårleg vêr, berre dårlege kle....

Etter at foreldra hadde hatt to dagar med diverse prosjekt inne,
var Kristen tydeleg klar for å vera ute litt.
Han ville ut!
Så då var det å leita fram støvlar og regnkle, og ut med oss.
 
 
Med han først og meg etter, fekk han bestemma kvar vi skulle.
Og første stopp var, ikkje uventa, fjøset..
Grisane hadde nett fått frukost og stod og slurpa i seg maten sin.
 
Hm.. kva er dette for noko?
 
I fjøset kunne han vore lenge,
 men fordi han berre spring etter kyllingane, måtte eg til slutt bera han ut.
Etter at han fekk summa og roa seg fordi han ikkje fekk vera i fjøset lenge,
var neste prosjekt å kasta gras, kvistar og stein ned i møkkjahusnedkjørselen.
Akkurat slik eg stod på Straumabrua ein gong.......
 
Georg heldt oss med selskap på utflukten vår.
 
Så var det eit kort opphald i sanddungen, før han fekk ferten av "Tatoo"
 
Der oppe er han, mamma!
Tatoo!

 
Pappa, bli med meg då...
Tatoo!


 
Tatoo



 
Nei, pappa, tatoo...der oppe.
 
Etter ein lang, bratt bakke kom han endeleg fram til tatoo!
 
Rart at traktor skal vera det første ordet han seier utanom mamma, pappa og Dordi...
Kan ikkje hugsa at jentene hadde traktor som eit tidleg ord...
Men gutar er gutar, det er berre slik, seier faren!