mandag 23. september 2013

Eg listar meg så stilt på tå......

Kryss i taket og hurra meg rundt!
Kristen søv enno:-)
Han var vaken halv sju og fekk ei mjølkeflaske, og så var det nokre kny medan søstrene gjorde seg klare til ein ny skuledag. (Han ligg vegg i vegg med badet.)
Sidan har det vore stille....
Eg låg litt og drog meg under den varme dyna med radio og vekeblad,
medan eg venta på at Kristen-alarmen skulle gå.
Men den kom ikkje!
Så stiltra eg meg inn på badet og kledde på meg og ned trappa med meg.
Fortsatt stille!
No har eg ete frukost og sett på frukost-tv,
Stille morgon på Leri.
 
Nede på kaia, og etter vegen, er det derimot travelt.
Asfaltbåten la til i morges, og asfaltbilane er klare til utkøyring lenger ute her.
 
Ute er det sol og kaldt, men vi får vel trilla oss ein tur og sjå på lastebilar og båt.
I kveld er det avslutning for Martha på fotballen for i haust, ellers ein blank måndag!

mandag 16. september 2013

Regnvèrsmåndag og vannkoppar

I natt vakna eg av at det blas og regna, og kom på at parasollen stod oppslått på terrassen.
Men det vart for stort tiltak å stå opp, parasollen var trass alt festa med skruvar i ein 40 kilo tung parasollfot......
Men, dette fotograferte Dordi ut frå glaset sitt før ho reiste på skulen i dag.
Heldigvis er alt heilt, ingen skade skjedd.
 
Då eg stod opp venta det ei melding på mobilen frå Hestehagen om at der var det
vannkoppar og kaffe å få.
Etter å ha summa meg litt, reiste vi i veg i regnvèret.
Bekkane var store då, men myykje større då vi køyrde utatt to timar etter.
Vi køyrde attom ein tysker, og dei var tydeleg fascinerte over
store bekkar og steinar i vegen.
Eg lurte berre på om eg kom meg heilt utatt, og om skulebussen kjem seg ut,
og om Trygve må overnatta på hi sida i kveld.
Men det vil no helst gå bra...
Her er i alle fall fotografisk vegrapport for den romantiske vegen klokka halv eitt:


 
Bekken vår hadde òg vokse på den lille stunda vi var borte.
Her er eit bilete frå tunet.
 
Og dette knipsa eg frå glaset oppe i loftstrappa.
 
No får vi sjå om vegane er opne når resten av gjengen skal heimatt,
 og om vannkoppsmitten bit på Kristen....
Han sovna sjølvsagt i 5 minutt på bilen, og virkar ikkje spesielt trøytt.
Tvert i mot, faktisk! Han køyrer bil, syng og pratar i senga si, høyrer eg på babycallen.

søndag 15. september 2013

Vekene flyg

Nokre tilpasningar og reperasjonar på leikehuset måtte til......

 
Søndag fekk vi triveleg besøk av Thea Marie og Marianne.
Veret var bra, så vi var ute heile tida.
Inngjerda terrasse er jammen praktisk!
 
Måndag var Trygve og eg atter ein gong til tannlegen.
Eg fekk sett på ei midlertidig krone, så no ser eg ikkje ut som ei tannlaus kjerring lenger.
Kristen utforska tannlegekontoret dei to minutta vi venta på at Trygve skulle bli ferdig....

 
Tysdag etter jobb var eg oppe i Hestehagen og henta heim Martha og ei venninne. I Eidsbakken møtte vi isbilen, så då snudde vi tvert og fekk kjøpt oss tre pakkar med is.
Klovneis og noko saft-kliss til ungane og karamellis til oss vaksne.
Den karamellisen, må no vel vera den beste pinneisen i Norge??!!
 
Kristen og eg kosar oss med is.
 
 
 

Skrik på skulen, Munch på hjernen.....

Vi gærne har det godt!
 

Torsdag ettermiddag fekk vi storfint besøk frå Hestehagen.
Kosa oss med is og eplekake m.m. på terrassen, og til slutt var det
 underhaldning i leikehuset.
Publikum fekk stolar til å sitta på, og showet kunne starta

 

 Rockejentene fekk assistanse av to ivrige lillebrødre,
men dei gjennomførte showet med stil tross for forstyrrelsar.
 
Etter is og nonstop, var heile Kristen klissete og klar for eit bad.
Då fann eg ut at ein hårklipp var på sin plass, men vips var han litt skamklipt i nakken....
 
.....men han var uvitande og like blid, i storform oppi stampen.
Eg var nesten like våt som han etter kvart som vatnet spruta alle stader.
 
Søndag var Trygve og eg ein liten tur opp på Vassgjerdet med saltstein til sauene.
Der var allerede fru Sau med to barn på plass, klare til å sleika i seg salt.
 
Ei kjempestor maurtue rett nedom vegen. (De kan så vidt skimte Trygve bak der.)
Der var det tydelege spor etter Mikkel Rev eller nokon andre som likar maur til middag.
Det var to tunnelar som gjekk inn i tua. Spennande!
 
 




 

.
 


 


 
 


 
 


søndag 8. september 2013

Nokre bilete frå veka vår

Onsdag hadde Dordi med seg klassen heim etter skulen.
Dei hadde programmet klart, og tida vart for knapp!
Skyting med luftgevær var ein post på programmet.
Dei fem kjekke ungane var ingen sak å ha i hus, høflege og rolege.
Velkomne att!
 
Kristen og eg kosa oss med pizzarestar etter klassetreffet i fleire dagar.
 
Laurdag var vi som kjent inne på Skjolden og henta leikehuset vi var så heldige å arva.
Kristen og eg måtte halda oss litt borte frå flyttesjauen,
og benytta høvet til å prøva ut uteleikene der.
Ein veldig fornøgd Kristen!


 
No er det blank søndag, alle fem heime og ikkje nokon som må eller skal noko.
Jentene, med besøk, ordnar og fiksar i leikehuset, gutta våre er på trilling,
medan eg har baka brød og sett 1 1/2 episode med Molanders.
No ventar vi snart besøk av to Urnes-jenter med ca 40 års aldersforskjell.
Det ser ut til at finvèret dei lova oss i går endeleg kjem i dag.
Då blir det kaffe og svadl på terrasseni sola :-)

lørdag 7. september 2013

Den store hus-flyttedagen

Sist fredag sendte rektor Ellen ut vekebrev, og sa at dei som ville kunne få det gamle leikehuset i barnehagen. Trygve var heilt i hundre, og vi meldte vår interesse.
Måndagskvelden fekk eg melding om at vi hadde vunne loddtrekninga, huset var vårt, og at det måtte bort denne veka.
Onkel Arne vart innhyra som transportør, og fredagskvelden var vi på synfaring.

Laurdag klokka 11 starta vi arbeidet, og det var nokre skjær i sjøen....
T.d. hang huset litt i jorda, slik at lastebilen mista litt bakkekontakt på ei side...

 
Men når det lausna, var det ganske lett å få det over gjerdet og inn på lasteplanet.

 
 Huset var akkurat litt for breitt, så flakane på ei side måtte av.
 
Neste utfordring var tunnelane.
Dei er merkt med max høgde 3,8 meter, vår transport var 4,5 meter....
 
Den første gjekk heilt fint, medan Arne meinte at nokre lause plater i tunneltaket i den ytste kunne by på problem, og det hadde han rett i.
So far, so good.......
 
Trygve måtte følgja godt med på lasteplanet gjennom tunnelane.
Her var det akkurat med plass, og brekkjern måtte til for å lausne nokre fjøler, og leia platene over mønet.
 
Så var det nokre lause boltar og kjettingar som måtte forserast.
Eg stod utanfor og stoppa bilane.
Det var to turistbilar som kom, begge tok det med godt humør og var bekymra for leikehuset til Kristen etter kvart som tida gjekk og lydane frå brekkjarnet kom.

 
Neste spørsmål var om Arne greidde å få bilen opp i tunet,
men det gjekk fint på første forsøk!
Stroppane på att!
 
Hiv og hoi, her kjem huset!
 
Då gjenstod det berre å få huset på plass på punkta Trygve hadde vatra opp.
Det gjekk ganske fort.
 
Martha lausnar stroppene!
 
Martha var tilbake i barnehagetida si, og ropte "Kom og kjøp!"
 
Martha og Dordi var veldig fornøgde med å få dette huset i tunet, gode minner frå barnehagen (som eg aldri hadde høyrt om før) vart fortalde.
Kanskje Kristen får opplæring av søstrene når han er klar?
 
Det må spikrast på nokre fjøler i 1. etasje ser vi, elles er det klart til bruk.
Ruvar kanskje litt, forhåpentlegvis blir det litt mindre prangande i kvitt?
 
Vi er godt fornøgde med arve-huset.
Stor takk til onkel Arne for dagens jobb.
Håpar Kristen (og jentene) får Mange artige timar her!
 

mandag 2. september 2013

Lerigjengen er i farta!

Sist søndag var Kristen og eg på tur til Hestehagen for å  henta Martha.
Dordi sette vi att på Hauge, dei to damene skulle på bading på Fjordstova.
Kristen var rask til å finna sandkassen til Kristian,
og der venta vi til gjengen kom att frå bading i elva.
 
Endeleg kom Kristian heimatt, to gode bussar dette!
 
Trygve kom òg oppom etter jobb, gode bussar dette òg.
For anledningen i matchande kle.....
 
Evi imponerte med høghæla sko, og dei mått alle prøva.
Her er Martha høgt på strå!

 
Måndag hadde Trygve og eg time hos tannlegen i Sogndal.
Trygve var først til pers, og medan han sat i stolen var Kristen og eg litt på handel og lenge i sandkassen.
 
 Om kvelden var det fotballtrening på Skjolden, og eg og Kristen trøydde oss i barnheagen medan Martha var på trening og Dordi var på Hauge.
Jammen klatra han til topps i leikehuset!
Men han torde ikkje ta sklia ned att, safety first!
 
Her har dei kjempestor sandkasse, og på skulen fann vi ein traktor vi kunne leika med òg!
 
Leikebilen var veldig kjekk!

Vi er no litt heime òg, mellom slaga.
Var litt bekymra då dette dukka opp på dataskjermen;
mottar melding 14000 og noko...... Luktar litt virus, men det gjekk bra!


 
Hausten kjem snikande......
 
Skuggane blir lengre

Sola reiser frå oss for tidleg om kvelden.
(Skulle ha skote bort nokre fjelltoppar på hi sida;-))
 
Kveldane er betrakteleg mørkare.
Her har ein trailer med hengar litt trøbbel på den smale brua...
 
Cruisebåt-trafikken minkar

Men ettermiddagane er fortsatt ganske varme.
Her har Dordi og Anita etter mykje tvil fått lov å bade aleine på stranda.
Eg og Kristen patruljerte på vegen...

Torsdag var heile skulen og dei eldste i barnehagen på tur til Feigefossen.
Jentene og eg + Aril møtte direkte i Feiga, og Trygve og Kristen slang seg med dei òg.
Bussen var forseinka, så det vart litt ventetid.
Då klatra skuleungane opp på denne steinene og testa eit fantastisk godt ekko!
 
Her er trioen og fossen!
 
Martha og Adelheid var med Wenche heim etter turen,
og då eg var inne og henta att mi jente var det vegmerking på gang.
Vi måtte sjekka opp kva dei kvite "klumpane" som låg att var for noko. Skum...
 
Ein sjeldan gong, set Kristen seg til rette i stolen sin framom tv`n,
dreg med seg pleddet og kosar seg.
Etter full turbo ein heil dag er det godt både for han og foreldra!
Vekas fridag har vore nytta ganske bra.
Baka brød, støvsuga, laga middag (blandaball!) og tatt mange viktige telefonar.
-Og jammen har vi ikkje fasttelefon att, no er det berre å slå på tråden!
Ha ei fin veke!