tirsdag 29. oktober 2013

Bergens-helg

Allereie i juli, kom Dordi med ønske om Annie-teater i Bergen til bursdagen sin.
Billettar og hotell vart bestilt 14. juli, og sidan har vi gledd oss!
Vis starta rett etter skulen fredag og kom 1/2 minutt for seint til ferga, men då fekk vi rørt litt på oss før vi tok fatt på ein lang etappe mot IKEA!
Dordi dreiv med fotografering på Mannheller.
 
På IKEA fann Martha draumerommet sitt som ho måtte ta bilete av ;-)
 
Etter IKEA bar det rett på hotellet, og den kvelden braka det laus med spysjuke på femmanns-rommet..... Ho mor starta bøtteballetten, og heldt lengst ut!
Heldigvis tok Dordi og Trygve eit bilete kvar,
og så stal eg eit frå facebooksida til Forum Scene...
Her er utsikta frå rommet vårt:
 
Trygve og ungane var ute på bytur på føremiddagen, og seinare på ettermiddagen var Martha og Trygve ute ein liten tur. Her har dei funne ein breiflabb bak Bryggen....
 
Om kvelden reiste Trygve og jentene på teater, Ingrid Marie (vår reddande engel) tok med seg Kristen på bytur medan ho mor sjølv fortsatte bøtteballetten på hotellrommet....
 
Senga var heldigvis god, men det ein kan kalla ei minimalistisk himmelseng....
Tapeten inni var litt merkeleg, men sikkert moderne..
 
Frukostsalen var trong og intim, men maten var god (sa dei)!

 
Etter frukost gjekk turen rett heim med slakke foreldre bak rattet.
Eg var så utruleg fornøgd med å koma heim til huset mitt, sofaen min og senga mi!!!!
Kattene kom, mot normalt. begge to og la seg oppå meg!
Dei likar nok ikkje å bli forvist til vaskerommet ei helg....
 
Måndagskvelden var resten av familien inne på Fjordstova på bøssetømming med banken.
Trygve sendte bilete av ein storfornøgd gut med jus i ei han dog bakels i det andre!
Topp arrangement!
 
I kveld har dei fire andre vore inne på barneidrett, Kristen debuterte på tumling i gymsalen og tykte det stod til. Vaffel vart det visst på han i dag òg!
Elles dreier det meste seg om sau, sank, gjerder, rømlingar, fjøsvask og innsett.
I helga blir det forhåpentlegvis litt slakting òg!
Ha ei fin veke!

onsdag 23. oktober 2013

Bursdag, kunst, kort, 4H, TV,sau.... dagane flyg!

Jordbær, brownies og is til dessert må det sjølvsagt vera når ein kjem att frå skulen klokka fire og ein har bursdag!
Kristen sette pris på slik kost!
 
Torsdag var det opning av kunstutstilling på skulen.
Trygve skulle på eit møte i Gaupne akkurat då, og sneik seg innom før han reiste ut.
Martha viste stolt fram sitt Skrik medan pappa drakk eplejus frå høgt glas og åt kanapè!
 
 Fire glade damer med elegant fotplassering på kunstutstilling.
 
På veg heim frå møte i Gaupne, henta Trygve ny-tv`n som var komen i posten.
Kristen kakka den forrige med to slag med ein liten trehammar....
Forsikringsoppgjeret gjekk kjempefort.Så no gjeld det å læra seg alle finessar med denne.
Som de ser har den kome opp på veggen slik at Kristen ikkje så lett får inn slag ;-)
 
Fredag var det litt kav i heimen (og fleire heimar rundt om)
for då skulle 4H-oppgåvene stillast ut.
Dordi har hatt skriving i år og stilte med mange sjølvskrivne bøker.
 
Martha hadde katt som oppgåve i det første 4H-året hennar.
 
Etter at vi hadde laga utstillingar, var det heimom og snu.
Eg skulle nemleg på kortkveld hos Wenche.
Som vanleg, vart ikkje
  produksjonen så stor, men ugleposen til høgre er min!
 
Laurdag var det bakardag på Leri, husmora svinga seg etter sambarytmer på kjøkkenet og trylla fram 150 kanelsnurrar, 3 brød, ei ostekake, eit sukkerbrød som vart til marsipankake seint om kvelden og lasagne klar til å settast i ovnen då vi kom heim frå 4H-fest om kvelden.
Innimellom dette fekk vi storfint besøk av ei av døtrene i lærarfamilien som budde i huset, og som kattene våre er oppattkalla etter.
Idun, som kom på besøk, hadde med seg mann, sønn og svigerdotter.
Veldig triveleg kaffebesøk rundt kjøkkenbordet med nysteikte kanelsnurrar på ei rist midt på bordet.....
Kjøkkenassistenten  var hjarteleg til stade og krevde sitt!
 
Søndag var det klart for vaksen-selskap.
Mykje triveleg folk, nok kaker og fornøgd bursdagsjente!
 
Måndag var Kristen og eg sauesank-assistentar for Trygve, og endte opp på Øygarden.
Måtte jo ta nokon bilete der oppe når eg endeleg kom meg dit.
Først av 3/5 av gal Lerum-familie
 
 
Utsikt inn mot Skjolden
 
Mot Ottum og Luster
 
Kristen ville gjerne utforska litt på eigne føtter,
men erfarte vel at bratte bakkar ikkje er så lette å gå ned....
 
Blidspent ektepar, sitat mamma

 
Etter sanketuren måndag, var det jentebursdag.
Og tysdag fekk sauene kome på nytt beite ovanfor huset.
 
Fort det går ei veke, gitt!
 

onsdag 16. oktober 2013

Dordi 11 år


I dag var dagen komen: Det var 11 år sidan ho vart fødd på Lærdal sjukehus.
Familien Lerum stilte tradisjonen tru med song, kake og pakkar på senga.
(Nytt av året var ein hylande Kristen
som ikkje fekk eta kaka før ho hadde blåst ut lyset i alle fall.....)
 
Her er biletet som vart sett inn i Sogn Avis og Tidens Krav, t
att av jubilanten sjølv!
 
Ho mor skunda seg heim i rett tid, for ein gongs skuld, og hadde ønske-middag og dessert 
(brownies og jordbær) klar når ho kom att frå skulen 1 1/2 time seinare.
Kristen var happy med menyen.
 
Trur jubilanten har hatt ei fin feiring på skulen, barnelag og her heime.
Mange helsingar på instagram, telefon og mobil vart det òg.
Søndag blir det kaker og og kaffe til slekt og naboar,
måndag skal jentene i klassen bli inviterte!

mandag 14. oktober 2013

Bildeblogg frå 14. oktober

I dag kom eg på at eg skulle knipsa litt i Sørheimsgrenda.
Bileta er ikkje kronologisk, og nokre er ganske like.
Fint var det i alle fall i dag:



















Trygve var oppi og fekk med seg 19 sauer nedatt i dag.



Heime-ferie

Fredag kom sauene ned frå Teigane.
Kristen og eg var gode møtarar på brua.
 
Appetitten til Kristen er (og har vore ei stund) til bekymring for foreldra....
Doktor-tante har gitt oss gode tips, råd og veiledning, så det er berre å stålsetta seg og bevara trua på at matlysta aukar ganske snart.
 
Kristen og eg har hatt mange fine trilleturar i grenda.
Sidan sola ikkje er komen før han skal sova midt på dagen,
blir det ettermiddagstrilling med sol og lange skuggar.
 
Sauene kosar seg på grønne enger...
 
Helga kom med store mengder med fine klede til damene frå dotter hennar i dag.
Så heldige vi er!  Tusen takk, Anna!