torsdag 5. juni 2014

Kom mai du skjønne milde.....

Mai kom og gjekk, her er nokre bilete:

Martha var hos kjeveortoped i Lærdal, og ho og Trygve tok seg ein tur nedom Øyri for å sjå på brannområdet.


17. mai prøva vi oss på eit morgonbilete av trekløveret før damene reiste til Fortun med kyrkje og tog, men Kristen var heilt rabiat. Noko matrosdress skulle ikkje han ha på seg.

I år var det 17.mai-tog på Sørheim for første gong sidan skulen her vart nedlagt, og korps i front har det aldri vore før. Fjordblæsen leia an og Melker ( og gode hjelparar) hadde hengt opp eit kjempeflagg! 
Nede i grendahuset var det teater med flinke ungar og servering av god rømmegraut og spekemat.



Bestefar var på besøk nokre dagar og sette inn to nye glas i fjøset. Martha og han planta jordbær og kjøkkenhagen hennar tok form. No er squash, tomat, og oregano som ho fekk av Aud (Tusen takk!) og agurk og grasløk + litt poteter kome i jorda.
I desse godvèrstider er det litt styr med vatning, men det får ein ikkje klaga på!





Skulen har Sørsida som prosjekt no på slutten av skuleåret, og den dagen dei var på Sørheim var Kristen og Trygve med. Her har han knabba eplet til Gunn, og er såre fornøgd!



Kristen og Trygve har køyrt opp materialen som har lege ned under huset,
stor stas å stå oppå hengaren!

Hm... bileta under talar vel for seg ;-)


 
I helga var det Kulturdagar på Skjolden, og der var vi med på det meste som foregikk.
Laurdagskvelden var vi inviterte på 85-årsdag til Aslaug på Øygarden,
og det vart ein triveleg sommardag på låven der oppe.

 
Søndagen var Kristen og eg heime på dagen, medan dei andre tre var inne på Skjolden.
Eg var inn på korkonsert om ettermiddagen, veldig fint!

Søndagskvelden var det 67-årsdag til Magne oppi Solbakken.
Og sommarkveldane er fantatiske for tida, uteselskap  med flott utsikt!




 
Kvileplassen ved sanddungen heng i ein tynn tråd... ;-)
 

lørdag 12. april 2014

Nokre bilete frå dei siste dagane

Då eg skulle ned i kjellaren for å henta fram påskepynten, stod denne boksen og lyste mot meg frå hylla i bua. Får ikkje av lokket, men elles er han i prima stand!
 
Då nokre damer kom innom på besøk til mamma, laga vi til eit frukt-/bærfat som vi serverte med is og vaniljesaus til. Velsmakande!
 
Torsdag køyrde eg Trygve i møte for å henta ungane.
Vi møttes på Nordfjordeid og åt middag i lag, før vi returnerte kvar til vårt....
45,5 mil hadde eg køyrt på dei 11 timane eg var borte.
 
Kristen set pris på Nordmørs-livet.
Han vandrar mellom tre hus og strand på alle kantar.
Og både høner, hane og katter blir jaga...
 
Tante Dordi har tre ungar i hus, og Kristen er nok godt fornøgd med ei tante som tek han opp på første kny om morgonen. Av og til har han tid til å sitta i ro og lesa i bok...
 
I fjæresteinane får han både kasta stein og gå i vatn, der trivest han godt!
 
Her ser det ut som han er på veg ut til Kattholmen,
men han snudde då han kom til vasskanten.
 
Fiskeutstyret var ikkje på topp, men han skal ha for forsøket ;-)
 
Laurdagskvelden såg det slik ut frå kjøkkenglaset i Straumen.

mandag 7. april 2014

Nordmørstur

Torsdag bestemte eg meg for å reise heim.
Med både mamma og farmor på sykehus vart 40 mil veldig langt unna!
Supert køyrevèr og ingen krangel i det tomme baksetet ;-)
Pga fergetrøbbel på Anda-Lote vart første stopp Stranda fergekai, der eg måtte vente 40 minutt på ferga. Fekk god tid til å sjå meg litt rundt og studere minnesmerker.
Kul stol i møbelbygda!
 
Trygve serverte prima kjøttsuppe då eg var heimom og pakka etter jobb,
men eg var likevel litt svolten, og slo til med ein kebab.

 
Straumen bada, som vanleg, i sol ;-)
 
Då Hanne og eg kom ut til sykehuset på føremiddagen, rakk vi akkurat å seia ha det til farmor som skulle fraktast til Molde pga mangel på helgevakt.....
Ho ville ikkje ha med seg blomsten sin, så den fekk lufta seg - og kvila seg - litt
på veg opp til mamma igjen.
 
Om kvelden køyrde eg til Molde for å besøkja farmor, utsikta frå verandaen var flott!
 
Hotell Brynnhaugen varta opp med god seng, eminent frukost
og kaffe i vårsola på verandaen.
 
Mykje fint besøk på daglegstova på medisin A!


 
 Med damene på to ulike sykehus, blir det ein del bilkøyring, og då lyt ein ha proviant!
Særleg kveldsturane frå Molde krev litt sukker og koffein (Pepsi Max)
 
On the road again.....

Fin utsikt mot Averøya frå verandaen på sykehuset.
 
Som vanleg super frukost i Straumen med ei strålande vertinne!
 
Hotell Straumen inneber dyreliv:
Her er "hannkatten" Brutus, som er mor til Kjellaug-katten vår.
 
Kjellaug sin bror, Ludvik, er skipskatt som mor si, og noget skeptisk på framande...
 
Hønene og hanen som bur på Brynnhaugen  tek seg ofte ein runde nedom Straumen.
Hanefar set si ære i å vekkje alle hotellgjestar.
 
Medan vi venta på utskrivingspapira til mamma, sat eg i solveggen og kosa meg på sykehusverandaen.
 
Og her er eit panoramabilete frå same plass.

 
I kveld har eg vore ein svipp i Molde og besøkt ei farmor som pusta utan oksygen.
Når eg kjem med joggedressen hennar i morgon, skal du sjå ho tek fire rundar att og fram i sykehusgangane i staden for to i dag!


søndag 23. mars 2014

Farmors fiskekaker

Torsdag var eg så heldig å få vel 3 kg ferdigsløgd hodelaus hyse i hus.
Trygve fileterte og fekk til slutt 1,6 kg ferdig filet.
 
Eg skar opp ein lauk og monterte opp kverna på Kenwooden.
Lenge sidan det har vore malt fisk på denne!
 
Sjølvsagt måtte eg ha litt telefonisk hjelp og tips frå fiskemateksperten farmor, og ho instruerte og eg utførte til punkt og prikke.
Den grannaste male-skiva skulle brukast,
 
Så skulle salt eltast inn i deigen før det skulle speast med 1 1/2 ss med både potetmjøl og kveitemjøl. Til slutt vel 3 dl mjølk til seig deig.
Same deig til fiskekaker og fiskebollar, men i sistnemnte skulle det litt muskat i.


 
Godt fornøgd med resultatet, i morgon blir det heimelaga fiskebollar til middag!


Mikkel Rev, Snømannen Lerum og nokre Tupper.....

Måndag var Kristen og ute for å henta Thea og Marianne som ville koma på besøk.
Det var ikkje så lett for "reven" å forstå at han ikkje kunne hoppa i søler og setta seg ned når han ikkje hadde regnkle eller dress...... Men vi hadde no tørre kle heime ;-)
 
 
Ein listig grøfte-rev...

Tysdag og onsdag kom det ganske mykje snø, og brøytebilen tok turen utover fleire gonger om dagen. Torsdag derimot regna det. Og Mesta ville stengja vegen innover pga rasfare.
Jentene og eg reiste heim frå skulen etter første økt, og fekk ein lang dag heime.
I tunet stod ein av desse Lerum-karane og vakta inngangsdøra.
 
Fredag skulle det vera Tupperware-party her, og vertinna var litt bekymra for at ingen torde å koma hit fordi gjestane frykta veg og føre. Men sidan torsdagen vart kort på jobb, fekk eg gjort mykje heime. Så alt var klart i håp om at det gjekk etter plana.
Og mattene eg fann på Nausthaugen vart lagt på for anledninga. Kjempefine, sjølv om Kristen snublar og dett fordi dei er glatte og glir.
 
Men 7 tøffe (?) damer kom frå alle krokar, både Sørheim, Sogndal, Urnes, Kroken, Skjolden og Fortun var representert. Og både handelen og praten gjekk lett!
Mykje freistande og praktisk å få kjøpt.....
 
Bestillingar medan dei drakk kaffe og åt (alt for lite) kaker.
 
Laurdag var jentene og eg i Sogndal for å sjå Doktor Proktor
(etter at første forsøk torsdag stranda med stengt veg).
Etter litt shopping var vi klare for kino, men jammen var alle billettane solgt då vi kom fram til billettluka...... Trur ikkje det var meint at vi skulle sjå filmen...
 
Søndag var Trygve og eg ute og besiktiga vegarbeidet.
 
Det var litt glire vèr, og figurane var langhåra,
men alt skjegg var i alle fall borte!! :-D
 
Ordentlege støypekantar!! Ikkje noko tull! 
 
I dag stod eg tidleg opp for å baka kanelsnurrar, for endeleg skulle vi bort i Luster for å helsa på den vesle grandonkel-guten som blir ein månad i morgon.
 
Lua har vore ferdig lenge, men sjølvsagt hadde eg ikkje gjort den heilt ferdig...
Men mellom steikingane, vart ho likevel fullført -i siste liten.
 
I ettermiddag er Martha på bading på Fjordstova, Trygve er på styremøte i grendalaget og Dordi er ute her og hoppar på trampolina og stikk innom fjøset for å sjå om dei seks lamma som er kome har det fint.
Heldigvis er det vår att etter vintervisitten midt i veka, og sjå på langtidsmeldinga framover:
 
Denne brillefine pose-guten og eg trøyer oss inne med Store maskiner og Drømmehagen.
-Og så kaker frå fredag og kanelsnurrar... Står ikkje på! :-)