søndag 4. september 2011

Bursdagskort på 10 minutter

Yngstejenta skulle i bursdag denne veka, og ho forlanga eit mamma-laga kort. Mamman gløymde heile kortet til seint siste kvelden. Men med spillbinders gjekk dette som ein røyk.
Hjertekort på 1-2-3!
No ser eg at pyntepapirhjerta skulle vore rettare, men pyttsann. Bursdagsgjesten var fornøgd!

Inni var det veeeeeldig enkelt. Her trong berre yngstejenta å skriva namnet sitt, så slapp vi å bruka lang tid på kladding og skriving om morgonen før avgang.


Baksida



lørdag 3. september 2011

Bryllaupskort

Plain and simpel..... men ganske søtt ;-)




Hjertet inni er dobbelt med plass til å skriva.


Hjerte-tema..... som seg hør og bør!








fredag 2. september 2011

Tante til Lars gjer ting ho ikkje kan.....

15. august kom lille Lars til verda, og i helga er vi oppe for å helsa på han og foreldra. Etter å ha sett diverse "bleiekaker" på nett og i blad, fann eg ut at det kunne vore moro å prøva.

Eg kjøpte band, lysfat og løpar på Nille. Sansepute hos g u r o på epla.no, smokkar med namn på namnesmokken.no og strikka vaskeklutar i mjukt bomullsgarn. Då bleiene var i hus, var det berre å setta i gang, og slik vart resultatet:








Men tante Hilde kunne ikkje koma på besøk utan kort! Då eg kom over denne vugga på Bodils hobbyblogg, var eg klar for å prøva.


Men eg og vesle Jensemann hadde mykje til felles då eg bretta, kutta og feila. Vugga vart veldig smal, og kortet (les: "dyna") er det minste kortet eg nokon sinne har laga :-)


Men det vart no ganske sjarmerande, tykte eg.









Når de les dette er gåva overbringa, forhåpentlegvis med cellofan rundt, så får vi sjå om foreldra og lille Lars blir fornøgde :-)






Bok-kort

Då vi var på interrail kjøpte vi to smykker til to juli-bursdagsbarn. Då eg dumpa over denne idèen, måtte eg berre prøva. Litt arbeid med å brette "boksidene" elles var det forbausande greitt.

































søndag 28. august 2011

I siget igjen......forhåpentlegvis!

Bloggepausen har vore lang, men eg/ vi har tatt mange bilete og opplevd mykje kjekt etter interrailturen. Her kjem eit bilderas tatt med min nye mobil -som har imponert med god kvalitet på bilda!

Nokre få dagar har vi ete middag ute i "hagen". Dei rosa putene har ikkje fått lufta seg så mange dagar i sommar. I tillegg måtte dei inn kvar natt fordi det var så rått ute om natta. Blir heilt sikkert betre tider neste sommar! :-)


Ungane har for alvor oppdaga fossen og bekken i sommar. Der har dei dusja og bada med sjampo og såpe....kaldt men sikkert forfriskande. Eg kom aldri nærmare enn då eg tok dette bildet....


Nokre få dagar har vi vore på stranda, men det har vore flest badedagar i det oppvarma bassenget i Solbakken.




Mannen i huset har onna, men det har ikkje vore lett å få inn flattørka høy i sommar.... Her har eg leika meg med effektar på mobilkameraet. Minner meg om måleriet "Bjerk i storm" av J.C. Dahl som heng i stova til tante.





I sommar kom vi oss endeleg opp til Feigefossen. Bra vi får sommargjester som skal visast rundt i nærområdet. Halvparten av oss gjekk heilt opp til fossen.



Sommarferien på Nordmøre var heller kald og våt, men kva gjer vel det når vi finn eit junior-geni frå 90-talet....




- og eit puslespel frå same tiår. Dette bruka vi damene nokre dagar på, alt var jo likt og mykje var grått....




3D kino var kjekt for både små og store damer!



Heldigvis fekk vi eit par fine dagar, og då måtte vi sjølvsagt ned til naustet og fjorden! :-)



Så reiste vi på ein liten ferietur i lag med tante og mamma.


I ein sofa på IKEA......




Slaget på Stiklestad....




Bading i Storsjön




Eit slag Dilemma eller tre høyrer sommarkvelden til.





På Aukrustsenteret i Alvdal var det mykje "løge" å sjå, og ungane laga sjølvsagt sjokolade i sjokolademaskina.




Dordi dansar med geiter på Urnes



Kantarelltur oppe i skogane, men Dordi meinte vi ikkje kunne kalla det sopptur når vi berre fann 10 kantarellar. Så då vart det skogstur :-)


Elles har eg laga nokre kort og slik som eg kan visa fram ved neste korsveg.



















torsdag 7. juli 2011

Oldis-interrail - dag 10

Dette handlar om både natt og dag 10. For nattoget til Malmö skulle visa seg å ver noget ubekvemt..... Vi inntok sovekupèen med friskt mot.

Sjølv om toget frå Praha var ein halvtime forsinka inn til Berlin og fordi to restaurantar ikkje tok visakort, endte vi opp med to menyar frå Mc Donalds som vi tok med på "rommet".




Etter måltidet var i alle fall eg klar for å prøva å sova, men det skulle visa seg vanskeleg. Ventilasjonsanlegget virka nemleg ikkje, og temperaturen i overkøya var langt over sveittegrensa.


Han som skulle bu oppi der gjekk og trødde, og då vi kom ombord i ferga (og vindusgløtten måtte stengjast p.g.a. diesellukt) var han oppe i taxfri`n og lufta hovud og lommebok.


Men til slutt kom vi til Malmø utpå morgonkvisten, meir eller helst mindre utsove. Så var det same opplegget som på første dag men med ein ekstra buss for tog- etappe. Etter klabb og babb og forsinkingar, kom vi 6 minutt for seint til togbussen frå Göteborg. Så då fekk vi 4 timar på eit shoppingsenter i byen. Ergo fekk Trygve endeleg kjøpt rørtanga si, som hadde vore handle-målet for turen hans ;-)


Vel framme i Fredrikstad, sleit vi oss opp bakken til vertinna vår. No var bagasjen adskilleg tyngre og hjula på trillebagen grov seg ned i lausgrusen.... Etter ein etterlengta dusj etter natta i badstu-kupè, var det klart for eit gourmetmåltid: spekekjøt av hjort, blomkålpurrè og saltbakte nypoteter. Nydeleg!!



Natta var varm og lang, vertinna var strålande opplagt og dei tilårskomne togluffarane var enige i at dei hadde vore på ein fin oldis-interrail ;-)!

onsdag 6. juli 2011

Oldis-interrail - dag 8 og 9

Klokka 7, ein halvtime før vi rulla inn på togstasjonen i Praha, fekk vi servert kaffe av ein venleg billettør. I kupèen vår var vi klare for dagen, og klare for Praha by!




Vi tok taxi til hotellet, og vart lura av ein av dei berykta taxi-sjåførane der, trippel pris av normal.... Vi ankom hotellet eit halvt døgn for seint, og gjekk direkte til frukostbuffeten etter at vi hadde vore oppe på rommet med bagasjen, som etter opphaldet i Krakow hadde vokse seg stor og tung!



Så var vi klare for nokn av dei obligatoriske sjåverdighetane: Karlsbrua og palasset. Så tidleg på dagen var det heldigvis ikkje så mange turistar, og sola var ikkje så heit.
Vi gnei på figurane, og reknar med hell og lykke i mange år, og rusla opp til palasset oppi lia.



Vel oppe gjekk vi rundt og såg, egentleg metta på fine bygningar og overdådige utsmykningar, og etter ei stund bestemte vi oss for å gå vidare.






Flott utsikt utover byen frå palasset.


Denne plakaten fann vi på døra til det godt gøymde postkontoret i byen.....



Trygve ville gjerne prøva dumpling som han hadde lese og høyrt om.


Kan vel seia at det ikkje fristar til gjentaking. Smaka som rå loff, og kvar var potetene!??


Det astronomiske uret med disiplane som kjem ut kvar time måtte vi òg få med oss - i lag med mange andre i solsteiken.



I dei to lukene over "klokka" kan de skimta trefigurane

Trygve våga seg opp i rådhustårnet der klokka er festa. Han kunne beretta om skjelvande føter og kribling i magen både når han tok ein glasheis(!) opp og når han kom ut på verandaen og såg ned.



Eg sit faktisk midt på benken oppe i venstre hjørne ;-)


Då vi skulle reisa, bestilte vi drosje gjennom hotellet, og betalte 1/3 av prisen frå då vi kom.


Toget tok oss tilbake til Berlin og nytt tog til Malmö ,


"Bamse,bamse gå tilbake same vegen som du kom....."