torsdag 8. august 2013

Helga i bilder

Uvêr på veg inn fjorden to gonger same kveld.
 
Først kom dette med sterk vind og plaskande regn.
 
Seinare på kvelden kom dette.
 
Martha har hatt venner på besøk, og sjølvkomponerte pizzaer er ein sikker suksess.
 
Hyttenaboane reiste søndag, og måndag inntok teltfolket plassen der borte.
Lite flate område her på garden, så då er skulehustomta kjekk å ha!
 
Nysteikte vafler er kjekt å få bringa bort når ein er på camping!
 
Kristen herjar med kattene.
I helga er det Georg som har fått gjennomgå.



Tysdagsmorgonen kom dette cruiseskipet inn i skoddeheimen.
Med eigen følgjebåt?

onsdag 7. august 2013

Nokre bilder frå sist veke

Jammen er vi heldige som får koma opp i Solbakken og bada!


Fin, god frukost! Og så ute!
Røykelaks med egg, kjøttrull, spekeskinke og heimerørt jordbær.
Kan knapt bil betre på hotell!
 
Grillspyd er praktisk, då får alle det dei vil ha!
 
Eg valde marinerte scampi, marinert breiflabb, saltkokte poteter, paprika og champignon.
Smaka fortreffeleg!
 
Hm... kva er dette???
 
For nokre år sidan, sjøsette vi ein badeflåte.
Så vart den lagt på land, og sidan har den vore godt skjult i graset.

Kristen er med og sjekkar at maursyrekannene er heile og at dei sit godt fast.
 
Vi måtte skrapa og vaska av litt jord før vi sjøsette den.
Men den var i forbausande god skikk etter å ha vore gløymt i fleire år, opp-ned i graset.

 
Trygve måtte vera med flåten ut for å kasta ut ankeret, meinte han.
Ergo fekk han sommarens første bad......
 
Ein kveld var eg på triveleg visitt hos Gro og Ove på Ølnes.
Flott utsikt der oppe!

Ein fin sommarkveld med kjekke folk på terrassen.

Eit ikkje fullt så fint kontor....
Når ein ryddar kott på loftet, må noko nødvendigvis flyttast andre stader i huset,
t.d. her...
Men no er det oppe og går att,altså.
Men ønskar meg fleire hyller der inne!

mandag 5. august 2013

Fin olsok-søndag

Frukost i det fri


Ein tur på stranda med nyinnkjøpte badeleiker
etter nokre timar i Fortun.
 
Badebilen køyrer ruta si jamnt og trutt
 
Kristen  må ta til takke med ein sanddunge inntil vidare....
Men han hadde no fortent ein sandkasse...

Pappa skulle lessa slåmaskina inn i bilen, og då var det lett å krypa inn bakluka
 og koma seg fram til knappar og lys


 
Må foreløpig køyra ståande for å ha utsikt
 
Stolt kar som fekk sitte frammi rundt huset med pappa som sjåfør.

Om kvelden var det litt ustabilt vèr, men det vart til at vi tende bålet til slutt.
På rett dag, meinte mannen.
Ein dag for tidleg, meiner eg.
 
 


søndag 4. august 2013

Olsokmarknad og låvedans

Med jentene heime att, vart det brått fullt program og køyring hit og dit att.
Laurdag og søndag var dei i Fortun der lykkehjul og vener trekte!
To jenter var glade for å møtes att etter veker frå kvarandre.
Desse to gutane vart og glade!

Heia Kristian, her kjem eg!

 
Kristen - og alle andre- fulgte interesserte med på
ein kar som skar ut dyr og folk med motorsag.
 
Laurdagskvelden skulle Adelheid vera her og bli med på låvedans.
Men først måtte feriegåver utvekslast!
 
Spennande!!
 
To snertne sneller i nye t-skjorter!
 
 
Om laurdagskvelden tok vi turen opp på Øygarden på den årlege låvedansen.
Her er fire kjekke karar i passiar!
 
Pølse er godt - i alle fall litt godt....
 
Flott utsikt frå låven.
Smart å ta bort halve veggen når ein lagar selskapslokale på låven!
 
Damene klare for låvedans!
 
Ikkje noko å seia på servicen på festen.
Både kortstokk og "Kristen-leiker" vart trylla fram!
 
Kristen er ein aktiv type som ikkje hadde så mykje til overs for å sittja i ro og prata....
Han ville undersøka det meste, og foreldra, Inger og Magne og Dordi
 måtte ta sine turar i lag med han.
Her er det vatn!
 
Ein runde på skuldrene til Dordi var kjekt!
 
Utpå kvelden vart det bålbrenning!
 
Og då vi var komne så seint på kveld, var det på tide å leggja seg for Kristen minstemann!
 
Men vi fortsette kvelden ute på verandaen,
-ein flott sommarkveld på Leri!
 


Kvar vart det av sommaren?

Minner om sol og varme....
Her er stranda vår i flo med utsikt mot Luster og Dalsdalen.
 
Store bølgjer på stranda
 
Eva på Åsahaugen kom på besøk med champagne og Hawaii-rose til Trygve for flott slått!
Så Unni, du fortener litt av denne flaska for god raking!
 
Då vi rima av frysarane, fann eg nokre isboksar med bær.
Vips, vart det safting.
Mest bringebær med litt rips og enno mindre solbær.

Fredag sist veke skulle vi endeleg henta heim jentene.
Fordi bilen deira kollapsa, vart det lang tur på oss, heilt til Sunndalsøra.
65,5 mil stod det då vi kom tilbake til Leri.

 
Kristen digga Bob Marley og reggea-musikk i bilen.

 
Attom desse kyrne, kom det ein syklande cowboy!