søndag 23. mars 2014

Mikkel Rev, Snømannen Lerum og nokre Tupper.....

Måndag var Kristen og ute for å henta Thea og Marianne som ville koma på besøk.
Det var ikkje så lett for "reven" å forstå at han ikkje kunne hoppa i søler og setta seg ned når han ikkje hadde regnkle eller dress...... Men vi hadde no tørre kle heime ;-)
 
 
Ein listig grøfte-rev...

Tysdag og onsdag kom det ganske mykje snø, og brøytebilen tok turen utover fleire gonger om dagen. Torsdag derimot regna det. Og Mesta ville stengja vegen innover pga rasfare.
Jentene og eg reiste heim frå skulen etter første økt, og fekk ein lang dag heime.
I tunet stod ein av desse Lerum-karane og vakta inngangsdøra.
 
Fredag skulle det vera Tupperware-party her, og vertinna var litt bekymra for at ingen torde å koma hit fordi gjestane frykta veg og føre. Men sidan torsdagen vart kort på jobb, fekk eg gjort mykje heime. Så alt var klart i håp om at det gjekk etter plana.
Og mattene eg fann på Nausthaugen vart lagt på for anledninga. Kjempefine, sjølv om Kristen snublar og dett fordi dei er glatte og glir.
 
Men 7 tøffe (?) damer kom frå alle krokar, både Sørheim, Sogndal, Urnes, Kroken, Skjolden og Fortun var representert. Og både handelen og praten gjekk lett!
Mykje freistande og praktisk å få kjøpt.....
 
Bestillingar medan dei drakk kaffe og åt (alt for lite) kaker.
 
Laurdag var jentene og eg i Sogndal for å sjå Doktor Proktor
(etter at første forsøk torsdag stranda med stengt veg).
Etter litt shopping var vi klare for kino, men jammen var alle billettane solgt då vi kom fram til billettluka...... Trur ikkje det var meint at vi skulle sjå filmen...
 
Søndag var Trygve og eg ute og besiktiga vegarbeidet.
 
Det var litt glire vèr, og figurane var langhåra,
men alt skjegg var i alle fall borte!! :-D
 
Ordentlege støypekantar!! Ikkje noko tull! 
 
I dag stod eg tidleg opp for å baka kanelsnurrar, for endeleg skulle vi bort i Luster for å helsa på den vesle grandonkel-guten som blir ein månad i morgon.
 
Lua har vore ferdig lenge, men sjølvsagt hadde eg ikkje gjort den heilt ferdig...
Men mellom steikingane, vart ho likevel fullført -i siste liten.
 
I ettermiddag er Martha på bading på Fjordstova, Trygve er på styremøte i grendalaget og Dordi er ute her og hoppar på trampolina og stikk innom fjøset for å sjå om dei seks lamma som er kome har det fint.
Heldigvis er det vår att etter vintervisitten midt i veka, og sjå på langtidsmeldinga framover:
 
Denne brillefine pose-guten og eg trøyer oss inne med Store maskiner og Drømmehagen.
-Og så kaker frå fredag og kanelsnurrar... Står ikkje på! :-)
 

mandag 10. mars 2014

Vårteikn på Sørheim

I dag kom Kristen og eg på at ein sykkeltur hadde vore på sin plass.
Vi henta fram sykkelen frå vinterlagring, slakka ut beltet(!) og køyrde i veg.
 
Syklisten var kledd i mora sine siste strikkeprosjekt,og tok seg riktig godt ut i vårsola ;-)
 
Ein av få gamle stabbesteinar måtte undersøkast litt nærmare.
 
Georg ville òg vera med på rusle-/sykkelturen.

 
I fjøsglaset stod det nokre fjonge, nyklipte damer og viste seg fram for vårsola - og oss!
 
Flott etter vegen på slike dagar!
Og i òg med at vegen er stengt rett uti her, er trafikken minimal :-)

 
Tulipanane vil opp og ut i sola!
 
Og endeleg såg eg i dei blå klokkene som er vårblomstrane her.
 
Då laurdagsutgåva av Aura Avis låg i postkassen i dag, vart det ei god avslutning på vårturen vår!
 
Fortsatt god veke og vår rundt i landet!

tirsdag 21. januar 2014

Martha 10 år!

Det er i grunnen ufatteleg at det er 10 år sidan eg gjekk på Nordmøre og ruga på babyen som ikkje hadde tenkt seg ut.
Men 19. januar 2004 klokka 01.58 vart Martha fødd i Kristiansund.
Tradisjonen tro var det song, kake og pakker på senga, men tidspunktet var b-menneskeleg: 9.30!
 
 

 
Kvelden før hadde Trygve henta stolar og bord i grendahuset,
og Martha hadde dekt på og plassert alle rundt langbordet.
Alt var klart for stor feiring!
 
Etter fire sortar pizza med salat, litt leik og film var selskapet klare for kaker og snop :-)
 
I kveldinga var det vaksenselskap, og jubilanten var veldig fornøgd med dagen sin!

mandag 20. januar 2014

Nordmørstur i januar

 
2. januar sovna farfar inn, etter eit 90 1/2 år langt liv.
Onsdag 15. var det begravelse, og vi losjerte i Straumen hos tante ei veke.
Dette biletet tok eg i Straumen for nokre år sidan.
 
Vertinna i Straumen visste ikkje kva godt ho skulle gjera for oss.
Her er det eit slag selbuwist i stova.
 
Utsikta frå Brynnhaugen er upåklageleg både dag og kveld:
 
 
 
Torsdagen var avsett til skule på Brynnhaugen med start klokka 10.
Den som ikkje møtte bespist og utkvilt då,
fekk ikkje vera med Kristi og Hans Torje i badeland.
Ergo var alle seks klare til innsats til avtalt tid!


 
Unni og eg gjorde så god lærarinnsats vi kunne,
men ungdomsskulematte er ikkje til å kimsa av!
 
Martha skulle skriva ein fagtekst om mobbing....
 
Dei tre yngste gutane på Berge skulle laga teikneserie, og onkel Trygve måtte sitta modell for Johannes då han skulle teikna ein fattig bonde ;-)
 
Etter eit lite opphald på sjukehuset tidlegare i veka,
kom mamma heldigvis raskt heim att.
Og jammen kom ho innom skulestova ein liten tur ho òg!
Hipp hurra!
 
Varm lunsj er flott midt i skuledagen.
Friminutt fekk dei òg.
 
Unni møtte ei mus på kjøkkengolvet til mamma, og kasta alt ho hadde i hendene
så kaffen skvatt.
Trygve sette opp feller, og etter eit kvarter gjekk ho i.
Får håpa det ikkje er fleire!
 
Kristen dukkemann i dukkevogna til Åsa.
 
Hanne og Åsmund reiste på blåtur,
og med Tore som sjef gjekk livet på Brynnhaugen sin gang likevel.
Når foreldra ikkje var der, var til og med tantene ok å sitta i fanget til!

 
Då gjengen kom att frå badeland og mat hos oldemor, var det direkte på Nausthaugen for ei lita feiring for Martha. Bestemor hadde brus, is og kaker.
Fredagen sette vi kursen mot Leri att, medan Berge-gjengen returnerte søndag.
I vinterferien kjem vi att!
 

mandag 6. januar 2014

Måndag, ny veke og nytt år!

Godt nytt år!
Først nokre bilete frå nyttårsfeiringa vår.
 
Kristen følgjer godt med på talen til Kong Harald!

Ein glad, men litt trøytt, matros :-)

Eit trivleleg lag!
Etter kalkun og skinkesteik med allskens tilbehør var det to sortar dessert....
 
 Klokka nærmar seg midnatt, god oversikt over Sørheimsbygda og Luster frå Solbakken.
 
 Martha skålar i (alkoholfri) sjampis for det nye året.
 
Godt nytt år!
 
Då vi kom innatt var det kaker, multekrem og kaffe.
Og jammen fekk vi lokka Inger til å ta nokre trekkspeldrag!
 
Etter to arbeidsdagar og ei fin helg, var det godt å koma i gjenge igjen.
 
I helga hadde vi triveleg overnattingsbesøk av Adelheid, og dei to damene hadde ymse prosjekt for seg. Nokon fekk Dordi vera med på, andre
var nok berre for dei som manglar nokre veker på å vera 10 år!
 
Her er dei nissar som bur i fjøset, dei er kledde eksakt likt, sjølvsagt!
 
Martha og Kristen med støvsugarsveis.
 
Måndag  = fridag for meg, og det føles som ein evighet sidan sist eg var heime i lag med Kristen. Vi prøva oss på ein liten trilletur, men måtte snu ganske fort, for vinden var jammen sterk i kasta i dag!
 
Sonen vår er eit lite vanedyr, for etter turen brukar han og pappaen å eta gryn.
Eg forstod ikkje med det same kvifor han absolutt skulle inn på kjøkkenet då vi kom inn, men det forstod eg med ein gong då han fekk trua seg inn der.....
 
Eg har rydda bort julepynt og julekoppar i dag, men er ikkje heilt ferdig.
Må venta på ei oppvaskmaskin til før eg kan bera kassen opp i gammelhuset.
 
Slik var vèrbruket ute i dag, slike dagar er det best å halda seg inne!
Lysa ute på verandaen og i jasminen på terrassen får lysa ei veke til.
Det er no ikkje lyst om dagen enno, så det trengs litt kunstig lys!