Viser innlegg med etiketten jul. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten jul. Vis alle innlegg

tirsdag 27. januar 2015

God jul....

Datamaskina havarerte og den eksterne harddisken likeså...
No kan eg angra på passiv blogg, for her ligg dei bileta vi har att....
Her kjem nokre få bilete frå jula 2014.
 
Kristen var stjernegut då ungane på oppvekstsenteret kom inn på juletrefesten med lykter og song "Det lyser i stille grender". Martha passa godt på han. 
 
Julaften kom nissen på besøk, og Kristen var ikkje redd i det heile tatt. Berre oppteken av pakkane i sekken. Han kraup opp i fanget på nissefar, og tykte det stod til!
 
Ei fornøgd frøken!
 
Kristen var så fornøgd med alle gåvene, og traktorane og det som gjekk på hjul i sær
 
Jule-Martha i farta!

mandag 7. november 2011

Kjøttrull på mammavis - og pølselaging

Laurdag var det klart for den årlege store pølsedagen.
I elleve-tida dukka karane "mine" opp,
og då var krydderblandinga ferdig og løken finhakka.


Svangane var i ymse størrelsar og fasongar, heile 14 rullar vart sydd rundt kjøkkenbordet denne laurdagen. Knut og eg laga 6 kvar, medan Rune nøydde seg med 2.
Først gnei vi inn svangen med krydderblandinga
(Salt, peppar, nellik, allehånde, muskat, ingefær og gelatinpulver.

 Så la vi inni kjøtt frå bogen og løk, og strødde på enno meir krydder.

Syinga gjekk som ein leik....

 Fiks ferdigsydd!
Klar til å leggjast i salt nokre dagar før frysing.
Vetlejulaften skal eit par kokast slik at julelukta brer seg og julepålegget er klart!

 Resten av kjøtet frå bogane vart til kjøttbollar og  (foreløpig) litt pølse.
Vi ventar på tarmforsyning.... ;-)
Dordi var ivrig stappar medan eg snurra tarmen til pølser.

Stolt pølsemakar!
:-D


Grisesylte-debutant

Fredag debuterte eg som grisesyltelagar. Mamma var med, og jammen trur eg det vart eit ganske vellykka prosjekt!

Grisehovudet var litt for stor for kasserollen vår,
så tryne og øvre skalle måtte sagast av.



 
Då var bonden god å ha......



 
Så låg hovudet og trekte eit par timar i lettsalta vatn.



 
Vi sika av feittet(?) med jamne mellomrom



 
I mellomtida laga vi krydderblandinga.
Mest salt + allehånde, ingfær, nellik, peppar og gelatinpulver.



 
Etter kokinga såg det i grunnen lite delikat ut....



- og det vart ikkje likare då vi byrja med reinskinga.
Feittet vart nesten for mykje for ein tander sjel, men sidan det må flesk til for å halda sylta saman, var det berre å bita tennene saman.



Puh, endeleg ferdig med reinskinga og sorteringa!


Så fukta eg eit kjøkkenhandkle og la oppi ei skål. 
Svor først, så kjøtt, flesk og krydder lagvis til passe mengde.



Stramma handkleet hardt rundt sylta og surra ho inn med hyssing.


Så trekte syltene i same krafta som vi koka grisehovudet ein time eller to, før vi sette dei på kjøla med press.
La først på ein kilo nokre timar, så auka vi til to kilo som låg på over natta.



Voilà! Grisesylta klar til jul.

Sjølvsagt måtte vi prøvesmaka, og ekspertane sa at ho var god - om enn litt lite salt.
Saltlake vil nok gjera susen når vi tek ho opp frå frysaren om ein månads tid.
Konklusjon: Dette var ikkje så vanskeleg! Faktisk ganske enkelt :-)
Prøv du òg!