søndag 20. september 2009

Søndagsmorgon-lykke


Å liggja på armen til mannen under den varme dyna

medan ein har god tid til å prata om dei små episodane og replikkane ein plutseleg hugsar frå veka som har gått.

Å kunna stå opp når ein vil og elles ikkje ha program for dagen,

det er søndag og lykke på sitt beste!

tirsdag 1. september 2009

Lykkeleg isolert!?

Første dag i første haustmånad, og aldri har eg sett meir regn på ein ettermiddag.
36 mm dei siste 12 timane, seier husbonden som akkurat har sjekka nedbørsmålaren.
(På jobb snakka dei forresten om eit vêrmerke som sa at det vêret vi har i dag, slik vil vêret vera framover...så veit vi det)

Jentene og eg køyrde utover med augene på stilk etter arbeid, skule/besøk og barnehage;
låg det steinar, tre eller vatn i vegen? Men alt vi såg var brune elvar -både der dei brukar å vera og på stader eg aldri har sett ein vassdråpe før. Fjorden var brun heile vegen ut. Groa attmed huset var òg stor og stygg.
Far i huset stod feberheit i ytterdøra og var glad alle dei tre jentene hans kom seg heim til kvelden.Og når han er bekymra, er det som regel noko i det. Lytt til erfarne bebuarar!!

Kort tid etter var vegen stengt både innom oss og utom oss, så no er vi isolerte. Men kva gjer det? Ingen har tenkt seg ut på vegen likevel. TV, telefon og internett virkar igjen og straumen har ikkje vore borte. Grisar og kyllingar har fått mat og drikke, folket likeså.
Alt vel med oss mellom rasa! Den største bekymringa er om eg rekk 1. time, og om barnehagejenta kjem seg oppi Fortun på bursdag kl 12. Ikkje dei heilt store problema altså!Ungane blir i alle fall ikkje røska ut av søvnen kvart på sju i morgon! Og foreldra kan vel sikkert òg dryga litt før dei står opp.....
Det gjer seg med ein flom ein gong i blant!