søndag 31. oktober 2010

Maestro og akutt lengsel



Då vi kom inn dørene her etter svogerbursdag, starta programmet Maestro på Nrk1.
Denne gongen var det orkester med kor dei skulle dirigera.


Og der kom perlene på rekkje og rad....
Requiem og messer som eg har vore med og framført.


Og eg tok meg i å sakna korlivet noko inni hampen.
Eller, eg er med i eit knallkjekt kor,
eg sakna eit kammerkor som framfører store verk med orkester og solistar.


Eg saknar Peder, Tor og Knut.
Eg saknar partitur, øve-cdar, manglande sjølv-øving, frustrerande prøvar og hektiske øveperiodar.
Eg saknar diskusjonar om råd og knep når alle førstesopranane hadde skrantne stemmer.
Eg saknar turane rundt omkring i fylket i bil med lunsj i benkeradene og middag i dåpsrommet.
Eg saknar å laga stor og flott musikk i lag med kor og orkester.

Og no er det snart 1. søndag i advent og Juleoratoriet av Bach. Det heng tett i hop. No syng eg med dei beste musikarane, solistane og koret i verda denne søndagen. Kvart år. Det er eg og cden den dagen i året. Eg syng av full hals, og for kvart år må eg innsjå at songforma ikkje er på topp. Ikkje når eg dei høgaste tonane like lett og ubesværa og ikkje held eg ut fraseringane som er avmerkt i notane mine.

Så det er vel kanskje til sjuande og sist bra at ting er som dei er. At eg går her på garden og syng med mitt nebb medan eg reknar med at magien blir skapt i Nordlandet kirke i år òg. Der er førstesopranane i strøk og held både ut frasane og når opp til tonane!

Men eg lengtar no etter det likevel.....

mandag 25. oktober 2010

Pustepause..


I kveld då eg var oppe og las for jentene, snakka vi som vanleg om kva som skulle skje i morgon.

Tysdagar er det barneidrett, men for første gong var begge enige om at dei ikkje ville i vegen i morgon. Dei hadde vore på tur dit dei skal mange gonger. Dei ville vera heime.

" Er de sikre på det då?" spurde eg.
" Ja, vi vil vera heime."
" Ok, då er det ikkje noko som skal skje i morgon etter skule og leksehjelp. Då kan vi kosa oss heime alle fire då i morgonkveld.!"
"Å, det blir koseleg......." utbraut yngstejenta heilt spontant.

Kanskje det er godt for alle med ein pustepause i programmet.....
Det er det! Gler meg til i morgon ettermiddag :-)


søndag 24. oktober 2010

Søndagstur i grenda


I dag har heile familien vore på søndagstur frå den eine enden til den andre i bygda vår.
Kanskje 6 kilometer etter vegen, med ein kilometers avstikkar opp i øvrebygda.
På denne turen hadde vi 10 stopp.

Det er berre 10 bebudde hus med til saman 22 fastbuande her i grenda. Kan skjønna det er alt for lite!
Tenk berre på slik det var i gamle dagar. Då var det folk i alle hus og tenestefolk på alle gardar.
Det var liv og røre med butikk, skule, telegraf, post, skomakar, dampbåt.....

Jammen hadde det vore artig å skrudd tida tilbake, vore med her for 50-100 år sidan.
Fått møtt alle desse fargerike personane eg har høyrt så mykje om.

Men eg får ta til takke med 2010 og ei flott grend med plass til mange fleire.

Velkommen til oss! :-)

fredag 22. oktober 2010

Snik-hjertifisering...

Etter to dagar i senga og på sofaen, kjennes formen heldigvis litt betre. Så eg står han vel av denne gongen òg! ;-)


Medan eg sat her i sofaen i min sjukelegheit og såg meg i kring i den "nye" stova vår, fann eg ut at til trass for at alle bilete og anna pynt fortsatt ligg nedpakka, så har hjerta jammen sneke seg inn likevel... Her skal de få sjå kva eg fann:



Hjerteøskja med telys er framme heile året til trass for at det egentleg var jule-stash. Praktisk å ha telysa framme heile året utan å gøyme dei bort i ei skuff eller eit skåp.





Dette hjertet tagg eg til meg då vi var heime hos mamma på haustferie. Ho hadde hengt det vekk, og då eg spurde om eg kunne få låna det, så fekk eg det. Triveleg med lys i glasa!





Til og med taklampa på stova har hjerte her i huset. Egentleg skulle denne lampa vera i gangen, men etter at ingen forslag til stovelamper gjekk gjennom familierådet, fann vi ut at denne skulle få koma inn i varmen. Finn vi ei hengelampe over stovebordet, skal vi nok finna ein ny, god plass til hjertelampa!



På muren har vi laga eit barnsleg hjerte... Det kan vera bra med ei påminning om dette når kvardagen er som striast! Utruleg at vi kom på dette heilt sjølv, vart litt kult!?
Dette er egentleg to hjerte, eg fann dei då eg var på husmorferie på Jessheim. I ein kjekk butikk på senteret hadde dei både det store og det lille hjertet. Men bak kassa hadde dei vridd og klipt og sett dei saman til eitt hjerte. Då ho bak kassen høyrde kva eg og søstra mi snakka om, sa ho at eg kunne få kjøpa det som hang på veggen. Ho hadde tid til å laga til eit nytt. Hipp hurra og no heng det over omnen vår, og passar så fint!

Oi, no ser eg at ledninga til brannvarslingsanlegget heng laust her. Og at markeringstapen fortsatt er på panelet.... Men det blir vel alt til sjuande og sist!

onsdag 20. oktober 2010

Ei glede kjem sjeldan aleine


I går kom kallen heim frå skulekøyring, og overraska meg med å gi meg ein fin orkidè.
Verkeleg overraska meg, for det var jo ein heilt vanleg tysdag!

Seinare på kvelden fekk eg eit flakslodd av same snilling, som eg ikkje vann på, men lell da. Eg er alltid glad når han kjem stikkande med eit skrapelodd, eg.
No står orkidèen så fint i den nye, breie, fine glaskarmen (som forøvrig skal få seg eit strøk måling eller to, når målemotivasjon kjem tilbake).

To stykk katter ligg som slakt på sofaen, og er usedvanleg avslappa.
Ungane leikar kjekt med kitt i lag med ein kamerat og eg registrerar prøveresultat i matte og lesing (les:surfar på nett).

Alt dette medan vi ventar og gler oss til han far kjem att frå sauesank! :-)
To gleder på ein gong --> dobbel glede :-)


tirsdag 19. oktober 2010

Hurra oss rundt!

I helga har vi som seg hør og bør for ein stor 8-årsdag, feira i tre dagar til ende.

Fredag inviterte ho reservebesteforeldre og -oldemor og tre ferieungegjestar på pizza og salat før kakene kom fram, mellom anna sjølvdekorerte muffins.....
Etterkvart kom limbostonga fram, og innimellom gjekk jenkaen så det knaka i golvbjelkane! :-)

På sjølvaste bursdagen var det sjølvsagt kake og gåver på senga, og utpå ettermiddagen kom skulevenninner, og då skulle det serverast hamburger og pommesfrites.

Søndag kom onkel, tante og søskenbarn med ein kavaler, og då bestemte mamma og pappa at det måtte bli "ordenteleg mat" : baccalao.

Ei flott helg med gode lag og ein vel feira åtteåring!