mandag 24. januar 2011

Aldri meir muffens med muffins

Sist veke var det som kjent 7-årsdag her i huset,
og de kunne sjå bilete av desse nokså pene "Hello Kitty-muffinsane"
(Hermeteikna er fordi eg absolutt ikkje er nokon pyntar....)




MEN, bildet bedreg! Dei var ikkje etande for folk.


  • Som vanleg var muffinsbaksten mislukka.
  • Som vanleg hadde eg tredobla oppskrifta.
  • Som vanleg var det noko muffens med meg og muffins.
  • Som vanleg tenkte eg på ein kollega og hennar Perfekte Muffins....


Eg klarte å besinne meg og ikkje ringje til kollegaen min klokka over midnatt.
Og samla tankane såpass at eg forstod at barnebursdagen ikkje gjekk fløyten fordi om muffins mangla blant kakene.

På jobb to dagar etter, fekk eg sikra meg at kollegaen sendte meg oppskrifta si, oppskrifta på dei Perfekte Muffinsane.

Og i dag var D-dagen for meg og muffins. Om eg ikkje lykkast med kollegaen si oppskrift, bestemte eg meg for å verkeleg gi opp muffinsbakinga.

(Her må eg skyta inn, i all beskjedenheit, at eg egentleg er ganske flink å få til bakst, og eg likar å styra og stella på kjøkkenet, så eg er ikkje heilt blank på området)

Og under over alle under som Bjørn syng, oppskrifta virka!



Eg fekk til muffins! Dei var ikkje rå. Dei var ikkje tunge. Dei heva seg og nærmast velta over forma. Dei var etande :-)



Då måtte eg forta meg å få på glasur til dei tre skiløparane mine kom att frå skirenn. (Og ikkje sjå på pyntinga, fortsatt mykje å læra på det området, om eg gidd......)
Og dei var overvelda over at eg, mamma, hadde klart å bake sååå gode muffins.



Jippi ai ai. Oppskrifta skal settast i glas og ramme. Aldri meir muffens muffins på mitt kjøkken!

PS! Lurar du på kva som skjedde med bursdagsmuffinsane frå sist veke?
Etter at bursdagsbarnet sirleg har tatt bort papirforma på ca 100 mislykka muffins, ga ho dei til sauene, og dei slukte dei med velbehag (Det er da noko....).

THE HAPPY END OF THE MUFFINS STORY ;-)

tirsdag 18. januar 2011

Bursdag i ein fei

I morgon fyller yngstedamen 7 år!?

Og det har vore nedteljing sidan før jul til denne dagen, der ho laga til eit ark med nokon og 70 ruter og så klipte bort ruta med det høgaste talet kvar dag. Då hadde ho kontroll på kor mange dagar det var att til 19. januar!

Men så vart det rasfare og stengte vegar i helga, og det var uvisst om dagen kunne feirast med vener og onkel & co. Vi byrja å førebu ho på at det kanskje vart feiring "berre" med oss og dei i Solbakken. Ho tok det veldig tappert og fint, store lille jenta. Lurte berre på korleis det gjekk med pakkane som kjem i posten, men då vi sa at dei kom fram så snart dei fjerna bommen, var det ok òg.

Heldigvis opna vegen i dag kl 12, og ho fekk vera ein time på skulen og endeleg dela ut invitasjonane. Då ho kom heimatt gjorde ho tapt skulearbeid i ein fei, og i kveld har ho dekka på 16 kuvertar og tenkt nøye gjennom bordplasseringa.

Ho forstår at det fortsatt ikkje er sikkert at alle ungane kjem, fordi foreldra er skeptiske til ras-strekninga mellom Skjolden og Sørheim. (Og vi har full forståelse for det!)
Men ho får
- prosesjon på senga med song, kake med lys, og gåver
- vera på skulen for første gong på ein bursdag
- leika med andre ungar i snøen og grilla pølser på bål + marshmellows, sjølvsagt ;-)
- opna gåver og vera i fokus ein heil dag
- eta gele, muffins, marsipankake og sjokoladekake som ho har bestilt
- kveldsbesøk av onkel & co og andre naboar og vener

Då vi hadde vore inne på Skjolden i dag og følt oss heilt trygge etter vegen (og fått kjøpt inn fløyte og anna til bursdagskaker), bestemte vi oss for at vi held selskap på dagen som ho ynskjer.

Etter middagsgjester og rydding av kjøkken etter dette, laga vi kaker og bursdagsbord på 1-2-3.
På 4-5 timar inkl. pausar var alt i boks.

Det er trass alt den 13-14 barnebursdagen vi stellar i stand til, og team Lerum er efektive når det gjeld. Når vi i tillegg fekk god hjelp av middagsgjestene, gjekk det som ein leik.

Så no får vi håpa at 7-årsdagen svarar til forventingane, og at vèrgudane (og veggudane om dei finnst?) blir med på team Lerum dei òg.
Gratulerer med 7-årsdagen Martha i farta!

søndag 16. januar 2011

Uvèrshelg?!


VINTER I NORGE :-)

Tidleg i veka meldte yr.no og avisa om at laurdag og søndag ville det bli vèromslag, og difor stor rasfare m.a. her inni fjorden.


Men, som vanleg, har ikkje varsla slått heilt til.

Varmegradene kom mykje seinare enn varsla, regnet likeså.


Utpå ettermiddagen i dag, kom meldinga om at no var vegen

langs sørsida stengt, og det var uvisst når det vart opna att

måndag.


Ungane jubla, for då blir det heimedag i morgon.

Og det inneber at dei kan vera oppe lenger i dag.

Det eine dreg det andre med seg....


Mor i huset, som har vore heime frå arbeid heile sist veke, tykkjer berre det er upraktisk.


Ho vil på jobb, koma i gang att etter ei veke på sofaen!

Men vi lyt gjera det beste ut av det.


Ungane og pappan har bygd ein snømann på 4,64 meter og to snøborger - klare til krig!

Og mor har kosa seg og laga invitasjonar til 7-årsdag på onsdag - betre seint enn aldri.




mandag 3. januar 2011

Godt nytt år!

Vi gjekk inn i det nye året med godt folk, god matog drikke, spel og artig quiz.
Dei to eldste og dei to yngste i grenda var her, vi hadde det så triveleg og kvelden gjekk alt for fort. Ein veldig god start på 2011, måtte fortsettinga bli like god!