mandag 20. mai 2013

17.mai og pinsehelg

Endeleg er sauene utkomne, cirka 10 dagar etter skjema.
Dei gamle søyene hadde berre ein ting i hovudet: Ut på grøne enger! Lamma hadde dei(som vanleg) gløymt, dei stod att ved fjøset og skreik..
Dette til tross for at Magne, John Arne, Trygve, Torunn, Reidar, King, Dordi, Martha og Hilde - og etter kvart Kjell gjorde vårt beste for å skyssa dei etter mødrene...
Til slutt måtte dei lempast opp i hengaren og køyrast ned til lykkeleg gjenforening.
 
17. mai var damene klare til tog i Fortun 11.30. Kristen vart oppkledd i bunad for fotograferinga si skuld, for det tradisjonelle 17.mai-bildet måtte vi jo ta!
Dordi fekk låna sognebunad av Helga, medan Martha hadde nordmørsbunaden til Karen.
Dordi debuterte med kornetten sin i korpset, og tykte det var gøy.
 
Etter at vi var ferdige i Fortun, var vi klare for feiring på Skjolden.
Kristen med far og gammeltante kom inn og stilte seg (sjølvsagt) bakerst i toget..
Etterpå var det program, leikar og kaffe i Fjordstova.
 
 
Kristen var meir oppteken av å slå damene enn å kurtisera dei.....
 
Nasjonaldagen avslutta vi, som vanleg, på Sørheim.
Men i år var programmet der meir innhaldsrikt enn vanleg.
Først var det teater, Hemmeligheten på loftet, med 14 unge skodespelarar på scena.
Dei gjorde stor suksess, og over 100 publikummarar trengde seg saman i salen oppe.
 
 
 
18.mai var Ole og Trygve oppe på Teigane og fekk ned emne til langbord og benkar!
 
Pinseaften var ein strålande dag, og Kristen kosa seg ute. Det var hektisk aktivtet for å finna fram sommarkle og solkrem. men vi fann, vi fann! Takk og lov for arva kle! :-)
Etter å ha sprunge etter han ein heil dag, resignerte vi og let han få leika i gjørma i øvste hjulsporet i tunet. Han storkosa seg i gytjebadet sitt....
 
- og etter at Dordi hadde leika krig med han var det dags for, motvillig avkledning og spyling i dusjen....
 
Men då badestampen kom fram på terrassen, var gjørma gløymt og guten blid att!
 
 
Pinseaften feira vi tre gamle på verandaen med reker og vin - og MGP på iPaden
(fordi Trygve viste seg å vera ein større fantast enn eg trudde)
Junior sov godt på loftet med sand i øyrer og hår, Martha var på overnatting i Hestehagen og Dordi var på besøk i Monshol og lærte seg italiensk.


Første pinsedag vart enno heitare og finare enn laurdagen.
Alle måltid vart inntekne ute, her er frukost-setet.


Sauene fekk servert ein rundball, og det smaka visst!
 
Kristen fekk seg trehjulssykkel på 1-årsdagen med tantene, onklane og søskenbarna på Brynnhaugen og Berge. Den fekk vi med oss nedover då vi var oppe sist helg, og no sit han som ein prins i kongeriket sitt etter vegen på Sørheim.
 
 
Elles har pinsa, så langt, innheldt ferieungar som kjem på besøk, og som våre ungar har vore på besøk til, mykje kaffebesøk, bading i fjorden, fisking på kaia, fuglekasseinnflyttingar,rydding i grendahuset, trilleturar, trehjulssykkelturar,
god mat og avslapping!

lørdag 4. mai 2013

Kom mai, du skjønne milde

I vår har eg hatt litt strikkedilla!
Etter at marius-bølga hadde lagt seg i vinter,
starta eg opp mi eiga lita bølge.
To selaskjørt, tre genserar og to par labbar har eg produsert
- og gitt bort!
Dette bildet nekta å snu seg rette vegen,
men det er genseren til bonden og sokkane til fru Weka :-)
 
Forrige torsdag og fredag var vi på lærarstemne i Sogndal og fekk ny giv og gode idèar.
Her har eg undervist/ elevane jobba med posisjonssystemet.
Vi talde alle korkene, og som de ser(?) var det 1096 til saman!
 
Fredagen etter lærartemnet fekk eg endeleg anledning til
å vera med på ein kortkveld att. Trur det er eit par år sidan sist....
Og etter slike kveldar blir ein gjerne litt inspirert, eg vart i alle fall det.
Laurdag tok eg fatt på jobben med å finna att kontoret og kortutstyret mitt att!
Der fann eg mellom anna dette flotte broderiet eg fekk av lillesøster Kirsti jula 1995.
 
Og etter nokre timars jobb, ville eg, inspirert av kortkveldens boks, laga ein annan boks.
Slik vart den!
 
Laurdagen hadde forresten mannen og eg 11 års bryllaupsdag,
og fru Hauge kom med denne koselege gåva!
 
I grendahuset skjer det (endeleg) saker og ting!
1. mai (etter at koret hadde sunge på 1.mai-frukost på Fjordstova)
var vi der nede og jobba heile dagen.
Lydanlegg vart oppmontert, 3 blendingsgardiner vart opphengt (6 att)
og scena til teateret vart ferdig.
Litt kaotisk enno, men dette blir bra!!
 
 
 
3. mai kom årets første cruisebåt inn fjorden i snøkav og blest.
Dei bruka visst 45 minutt før dei greidde å leggja til kai inne i Skjolden.
 
Dordi skal spele jenta som rømmer opp på loftet for å unngå oppstyret kring 17.mai.
 
Første øving med mikrofonar var spennande både for aktørar og teknikkarar!

I dag, laurdag, vakna vi opp til tette snøbyger.
Medan Sprø sangglede var på plateinnspeling(!),
hadde våren meldt sin komme.
Då Kristen og eg var ute på trilling i dag var det ti grader,
og dei blå klokkene lyser opp i tunet!