lørdag 20. april 2013

April-glimt

I og etter påske har vi faktisk hatt litt rydde-ånd.
Uheldigvis varar ikkje ryddigheita så lenge her i huset...
 
Her har eg tømt og sortert innhaldet i langskåpet....
Mange Toroposar med muffins og brownies,
og eit rikt og stort muffinsform-utvalg!
 
 
 
"Plutseleg" var vi i gang med teater grendahuset.
14 ungar/ungdommar og to damer satsar på eit feridg produkt til 17.mai-festen

 
 
Bestemor, tante Hanne og Åsa kom på besøk ei langhelg.
Og dei kom med pakke frå Lia - duplo er alltid ein vinnar!

 
 
Medan tante Hanne tok med seg dei to eldste på Lustrabadet, rusla mamma og eg oss ein tur innover vegen med dei to yngste i den varme vårsola.



Åsa lika best å sjå kvar turen gjekk. Å liggja nedi vogna var ikkje stas!

 
 
Hanne fortsett ryddeånden ute i gangen. Vinterkleda er komne på loftet 
og endeleg vart dei to skohyllene skrua saman.
Kristen tykte at drill var spennande, og ville gjerne hjelpa tante si!


 
 
Her er Åsa klar for heimreise.
 
 
Kristen har ein ny runde med feber og dertil dårleg matlyst.
Tante Hanne og bestemor sin store innsats på matfronten for guten treng ein reprise!
Kom tilbake!!
 
 
I dag var Dordi og eg oppi Solbakken på posthenting og kattemating.
Angrar på at eg ikkje tok eit fjordbilde derifrå, for no har isen verkeleg fått bank
og er i ferd med å gi tapt for våren!

 
I fjøset er det sesong for babyboom.
Her har to hanar og tre høner vagla seg for å hjelpa bonden med å følgja med på føreståande fødslar.

 

Skulptur-utstilling

I vinter har det vore ein ekstra attraksjon langs den romatiske vegen:
Kunstutstilling i tunnelane!
Her har eg knipsa i dei to innste tunnelane:








søndag 7. april 2013

Is-vinter

Vinteren har vore kald og nedbørsfattig her i på Sørheim.
Og isen har hevda sin rett.
Han veks glatt nokre cm for natta, og leier mellom anna vatnet vårt på ville vegar.
Dei gamle seier at dei aldri har sett slik "kjøving" og is!
 
Her er nokre bilete frå påska då bonden var oppe
på ein av sine mange turar for å hogga fram vatnet vårt.
Bekken vår er ein einaste isbakke frå fjell til fjord.
 



 




 
 
Den lille bakken opp til klesstativet var islagt ein dag, og Trygve hadde på eit par spadar med sand. Men då eg kom ut ein liten time etter, hadde vatnet lagt seg oppå sanda og isen var klar til å frysa oppå. Så fort går det!
 
 
 

mandag 1. april 2013

Super-påskeaften!

Påskeaften hadde eg "tidlegvakta", for jammen har vi fått oss ein morgonfugl...
Dette er uvant for oss som har sove godt -og lenge- med alle ungane.
Men no før påske var Kristen klar for dagen i 7-tida..
Han er blid og glad og leikar fint sjølv.
Her ser han og Georg på Påskemorgen i lag.
 
Vi var vi heldige og vart bort på hytta på lunsj.
Vi åt oss gode og mette på nybakt brød frå Lustrabui og godt pålegg.
Kristen sov seg gjennom maten, men så snart han vakna var det tekniske saker han beskjeftiga seg med. Sjølvsagt.

 
Torunn fann fram ein kasse med duplo og eit leikesjukehus, og då kom Dordi ned på golvet og leika med bror sin òg.

 
I år hadde Dordi og Martha laga til påskeegg og påskerebus til sin gamle mor,
og etter mange ulike postar og gåter hamna eg til slutt midt oppe i eplehagen der egget låg og venta på meg.

 
Flott utsikt frå eplehagen ut Lustrafjorden!

 
 
Jentene fekk ikkje påskerebus i år,
men måtte løysa kvar sitt kryssord før dei fann egga sine.