torsdag 5. juni 2014

Kom mai du skjønne milde.....

Mai kom og gjekk, her er nokre bilete:

Martha var hos kjeveortoped i Lærdal, og ho og Trygve tok seg ein tur nedom Øyri for å sjå på brannområdet.


17. mai prøva vi oss på eit morgonbilete av trekløveret før damene reiste til Fortun med kyrkje og tog, men Kristen var heilt rabiat. Noko matrosdress skulle ikkje han ha på seg.

I år var det 17.mai-tog på Sørheim for første gong sidan skulen her vart nedlagt, og korps i front har det aldri vore før. Fjordblæsen leia an og Melker ( og gode hjelparar) hadde hengt opp eit kjempeflagg! 
Nede i grendahuset var det teater med flinke ungar og servering av god rømmegraut og spekemat.



Bestefar var på besøk nokre dagar og sette inn to nye glas i fjøset. Martha og han planta jordbær og kjøkkenhagen hennar tok form. No er squash, tomat, og oregano som ho fekk av Aud (Tusen takk!) og agurk og grasløk + litt poteter kome i jorda.
I desse godvèrstider er det litt styr med vatning, men det får ein ikkje klaga på!





Skulen har Sørsida som prosjekt no på slutten av skuleåret, og den dagen dei var på Sørheim var Kristen og Trygve med. Her har han knabba eplet til Gunn, og er såre fornøgd!



Kristen og Trygve har køyrt opp materialen som har lege ned under huset,
stor stas å stå oppå hengaren!

Hm... bileta under talar vel for seg ;-)


 
I helga var det Kulturdagar på Skjolden, og der var vi med på det meste som foregikk.
Laurdagskvelden var vi inviterte på 85-årsdag til Aslaug på Øygarden,
og det vart ein triveleg sommardag på låven der oppe.

 
Søndagen var Kristen og eg heime på dagen, medan dei andre tre var inne på Skjolden.
Eg var inn på korkonsert om ettermiddagen, veldig fint!

Søndagskvelden var det 67-årsdag til Magne oppi Solbakken.
Og sommarkveldane er fantatiske for tida, uteselskap  med flott utsikt!




 
Kvileplassen ved sanddungen heng i ein tynn tråd... ;-)