onsdag 15. juni 2011

Kva i all verda er dette?

Alle som er innom verandaen eller har kika ut/ opp på den kjem med same spørsmål:
Kva er dette?
Ikkje rart folk spør, men det er altså her vi skal ha tomathausting utpå sommaren!
Hengjande planter, særs lettstelte og greie. Fyll opp vel halvparten med jord, gjødsling og vatning frå toppen. Voilà, tomatoes! Så seier reklamen!
Så får vi sjå!
Plantene fekk eg av Valborg, takk til ho! :-)
Desverre knakk den største planta då vi skulle tre ho inni ballongen sin, men reknar med vi får rikeleg tomatar av dei to her...... (Ironi, vi får jo intet til å veksa å gro....)





Kjellaug, brydde seg ikkje mykje om framtidig hausting, men å leika med blada var kjekt! :-(




Eg har ei stor tomatplante på verandaen òg, så no er kappløpet i gang.

Kven av plantene får (flest) tomatar, dei som heng opp ned eller den som står rett opp og ned!?


Herifrå og ut handlar det berre om kattene i huset.

Og som de ser har kattene posisjonert seg.




Georg skodar utover sitt kongerike - og litt bort på Kjellaug!



Det murrast....... Artige katter; sloss så håra fyk og et av same skål. Merkeleg!



Teater-snurr

Pinsehelga flaug (sjølvsagt) fort i veg.





Sjølv om vi bur "der ingen kunne tru at nokon kunne bu",

er ungane lik foreldra når det gjeld å vera sosiale.

Så her var det ein kjekk overnattingsgjest frå skulen slutta fredag til

skulebussen gjekk tysdagsmorgonen.

I tillegg var ein ung pinsegjest flittig til å besøka oss.

Så då var det full rulle for damene og besøket deira.



Søndag var det klart for forestilling i stova. Gjestene hadde fått invitasjon -og fribillettar - personleg overbringa, og var overvelda over at alt var gratis. Dei ga mykje i kollekt....

Popkorn i heimelaga "strutar" vart overrekt når publikum kom til billettbua.





Kostymeskifta var mange, innslaga like så....








Alle fire deltok med både trylling, dans, skodespel. Og i pausane var det blokkfløyte-reklame :-)










Publikum let vel og applauderte høgt og skodespelarane var godt nøgde med forestillinga!




Ære være kreative ungar som kan finna på noko anna enn å sjå på tv, spele data, playstation og nintendo!!! Håpar det skjer oftare!

fredag 3. juni 2011

Kort og godt innevêr

Så er den etterlengta langhelga halvveges, og finvêret dei meldte har visst funne andre vegar enn hit mellom fjella... Ja, ja fri er fri og vêret kan ein ikkje gjera noko med. Ergo har eg tilbragt nokre timar på kontoret (som forøvrig er alt for lite, snakk om å ha system i rotet...)
Og vi har vore i tre bursdagar, i dag skal eldste dottera i sin fjerde. Og då må det kort til!


Her er eitt til jubilanten på 52 som hadde invitert hyttenaboar og fastbuande til taco og kaker og avslutta kalaset med speedbåt med gjestene etter i tube og på vannski. Fantastisk!
Eldstejenta vår fekk første tur med tuben, då var taua festa feil slik at ringen låg under vatn i fart og ho bedyrar at karane heldt på å drukna ho. Men ho vart ikkje meir skremt enn at ho etter å ha svømt 100 meter mot land (i redningsvest og badedrakt) var klar for ein runde til.
Men då var ho iskald og hoppa i dusjen og hadde på seg ullkle. Bading i fjorden klokka halv elleve om kvelden utan at sommaren har vist seg, er KALDT!!


Dette kortet skal eldstejenta ha med seg på bursdag i dag, med pengar i, sjølvsagt. Det er jo ei lommebok.





Dette laga eg då "hussnekkaren" inviterte seg og foreldra på sin 39-årsbursdagsfeiring her i huset. Han har fortalt at han åt ein melkerull kvar dag då han var yngre, ergo måtte han få det
Kaker og kaffe høyrde sjølvsagt til - og heimelaga kort som ungane laga, men ingen tok bilete av.






Dette laga eg til supernaboen på 64 som er ein sjokoladeelskar av rang.



Dette er til svigerinna mi, slik litt på etterskot. Fint prikkepapir!!




Her er bursdagskort til søstra og konfirmasjonskort til ei jente. Laga over same lest, kan du seia!


Datamaskina vår er alvorleg sjuk, begge hengslene er kaputte og ho må støttast oppe av det vi har for handa. I går var det puter, i dag er det 8 kg mjøl ;-)

Men ho virkar.

Og no ser eg sola, ut med meg! God helg!