torsdag 28. mai 2009

K for....?


I barndommen og ungdommen hadde eg god kontroll på alt eg skulle hugsa, trong ikkje skriva lister og notatar - hugsa det berre. Det vere seg avtalar, telefon-nummer, beskjedar eller anna. Hilde hadde kontroll! (Hugsar framleis nokre av dei to- og tresifra telefonnummera heime...)

Men då eg nærma meg 30 var det slutt på "klisterhjernen".
Eg hugsar godt korleis det starta. Eg var SFO-leiar på Seljestad barneskule i Harstad, og der var det mykje hugsa på! Hugsa eg det ikkje, gjekk det utover andre, og det ville eg sjølvsagt unngå. Ergo byrja eg å skriva på handa mi; stikkord og hugsebokstavar.

DÅ var det slutt på hugsen min. Har aldri funne han att.Så no må alt skrivast ned, og handa er ofte full av bokstavar som gjer at eg skal hugsa.

No har visst hugsalausa teke eit steg til: Det står ein K på handa mi, og eg har ikkje peiling på kva eg skal hugsa. Hugsar kvar og når eg skreiv han på, men ikkje kvifor. Mannen i huset var og med på skrive-seansen, men heller ikkje han greier å hugsa kva K-en står for.

Så om det er nokon der ute som eg har lova å gjera, sjekka eller handla noko K til.... så veit de kor langt det prosjektet er kome. Snart står ikkje K-en der ein gong...

onsdag 20. mai 2009

Uverkeleg


Då eg opna ytterdøra frå kjøkkenet i morges, var det nesten slik at eg kvakk til.

Svåla med blondane sine var erstatta av ein palle, og ei gravemaskin stod parkert oppi jorddungane i tunet.

Det var sjølvsagt slik i gårkveld då eg la meg òg, men det var først i dag eg "oppdaga det".

For det er som ein draum at påbygging av vårt hus skal bli verkelegheit..

At vi skal få dei romma som skal skapa litt meir "ordning och reda" i heimen(vi trur på det til det motsette er bevist).

Bod, spisskammers, kjølerom, vaskerom, kontor og gjesterom med RIKELEG klesoppbevaringsplass. I tillegg kjem eit høgt ønska bad med litt betre plass og standard enn det vi har i dag.

Dette blir så bra!

Tenk at det er eg som sit og kikar i katalogar og blad, surfar på nettet og får gode idèar og tips -som faktisk skal brukast!!
Baderomsutstyr og møblement, fliser, panel, belegg, dører og glas...vi skal jammen kjøpa det!
Huset skal tilbake til sveitserstilen heilt og haldent, 50-talsoppussinga skal fjernast.
Det blir så fint eit lite dukkehus, trur vi.
Dette blir spennande! Eg gler meg!



PS! No kom mannen i huset (som framleis er litt skeptisk til prosjektet, mest økonomisk, trur eg) heim frå bliblioteket med tre bøker om interiør og fliser -uoppfordra! Jø, mann!
Trur han gler seg litt han òg, innst inne....

tirsdag 12. mai 2009

Prokrastinasjon

(prokrastinering, av gr: pro-til, kras-seinare)
Prokrastinering betyr altså å utsetja oppgåver til seinare.

Tenkte å skriva eitkvart om dette som vi er så gode på her i huset,
men kanskje eg heller ventar til i morgon?!

Trur det blir slik!