onsdag 22. februar 2012

Olivia er vår første LEGO friend

Endeleg kom "jente"-legopakken i hus!



                               
Som Buzzador får eg prøve ut nye produkt og tjenester gratis mot at eg fortel om det, og gleda vart stor i heimen då eg blei valgt ut til å prøve ein av dei nye pakkane fra Lego Friends. Med to jenter i målgruppa 6- 12 år, vart det kamp om å få byggja opp klatretreet til Olivia.


Lillesøster på 8 meinte at det var hennar lego, og starta friskt med bygging.


Storesøster ville òg vera med, noko lillesøster IKKJE lika!


                              
Enige ei lita stund - med eitt prosjekt kvar.
Før storesøster vart jaga bort....

Så med eitt, midt i byggjeprosessen, gjekk treet i mange bitar.
Ho hadde nok vore litt hard på byggjelabben...


Storesøster trødde til og starta byggjeprosessen frå scratch....

Etter ei påtvungen uteleikeøkt, fekk dei opne pose nummer to og byggje vidare.


Og resultatet var dei godt nøgde med!
Gode vener til og med....
No har legokassen kome fram att og både smurfar og playmofigurar + andre (litt store) legofigurar har delteke på møte i klubbhuset i treet hos Olivia.
Dei har kome i bil, på hest og til fots ;-)
Ungane lika legoen godt, og ønskjer seg fleire pakkar med LEGO friends.

mandag 30. januar 2012

Aftenrød, gir morgen søt.......

                 Mannen i huset fanga utsikta frå verandaen i femtida i ettermiddag:




søndag 29. januar 2012

Nå skinner sola i vinduskarmen....

SØNDAGSSOL PÅ SØRHEIM




Her har fugleobservatøren vår rigga seg til i formiddag.
Ho har Fuglar som 4H-oppgåve, og ville sjølvsagt vera med på den store hagefugl-teljinga som skal rapporterast inn i dag.
Kjøttmeis, raudstrupe, blåmeis, kråke, svarttrost og skjor
vart observert, kanskje vi kan sjå om vi finn enno fleire når ho kjem heimatt frå aking??!

Husfrua nyt ein stille søndag framom tv`n og ovnen med data og strikking vekslesvis.
Men då sola plutseleg skein inn i stova måtte ho ut på ein ørliten fotosafari.
Når ein ser på ansiktsfarga hennar, skulle ho fått litt ute-sol på seg, forresten... 

Sikta nedover er einsformig. Ser ikkje føtene mine på nokre månader enno....


Lustragutane kom inn på 24. plass i NM-stafetten,
og kall og ungar er øyeblikkeleg venta heimatt frå aking i Fortun.
Alt under kontroll!

Så, tilbake til strikkinga.
Skal teppet bli ferdig på eit par månader er det berre å strikka på.
Bør ha fem lengder, tenkjer eg. 
Har aldri strikka fletter før, men det var jo lett som ein plett. :-)

God søndag!

mandag 23. januar 2012

Meir bursdag, og litt helg....

Jubilanten var utkledd som hula-hula dame med bastskjørt og blomsterkransar.
Ein kjøle fornøgd jubilant under pakke-seansen :-)

Dei 16 gjestane og jubilanten var svoltne etter skuledagen, og pølser med brød eller lompe vart servert i ekspressfart til prinsesser, indianarar, cowgirls og cowboys.



Muffinsane vart gode, sjølv om glasuren vart litt b-klasseprega.
For å kompensera sette eg dei på grillspyd og danderte dei i ein vase som ein blomsterbukett.

Litt før alle "små"-gjestane hadde reist, kom neste pulje med gjestar.
Naboar, slekt og vener  var høgtidelig inviterte av jubilanten.
Marsipankaka måtte fram att og lysa skulle blåsast ut enno ein gong!
Frå onkel og tante og gjengen fekk ho rattkjelken ho ønska seg. Og det beste av alt var at dei monterte han før dei reiste heim. Mannen på butikken hadde lova enkel montering og ein skruv..... Trur det tok over ein time med diverse mekkarar før han var ferdig til bruk!

Kjelken måtte sjølvsagt nett testast med ein gong. Det gjekk så det susa! :-)


"I morgon blir ein fæl dag, sa jubilanten då ho la seg.
Då er det 365 dagar til eg har bursdag....."

---------------------------------------------------
Søndag var pappan og damene oppi grenda på skigåing.
Fint vèr og fint føre - og blide skigåarar!
Kan ikkje bli betre!

Dagmar hadde laga nokre utfordringar for utforkøyrarane.

Og sjølvsagt må ein ha med mat og drikke på slike lange turar ;-)



torsdag 19. januar 2012

Lykken er å endeleg ha bursdag....

Nedteljinga til denne dagen byrja allereie 1. juledag, så 8-åringen vår har venta lenge og planlagt nøye. Programmet er klart!
Men ho sov søtt, og hadde vanskar med å få opp augene då bursdagsprosesjonen toga inn på rommet hennar kvart på sju i morges med klokkeklar(?) song, muffins med lys og flagg, og gåver i fleng. :-)


Til frukost vart ho innvilga nugatti på brødskiva, og bursdagshatten kom fort på plass.
Nokre av gåvene vart tekne i bruk med ein gong; ny tunika/genser, ny boblejakke og nye strikkalabbar vandra til skulebussen i morges.


No ventar mor på to skulebussar stappfulle med glade ungar. Pølsene er kome på trekking, og alt elles er klart til utkledningsbursdagen.
Bordet dekka bursdagsbarnet og ei venninne i gårkveld.


Marsipankaka vart ferdigpynta i naivistisk stil for ein time sidan.


Gåvebordet er allereie ganske fullt...


Då er det klart for bursdag.
Først for 17 ungar, sidan for ikkje riktig så mange vaksne.
Kjekt å vera 8 år!
Gratulerer med dagen, Martha!

tirsdag 29. november 2011

Mens vi ventar......

Kor lenge kan ein tassa rundt i morgonkåpe på ein tysdag?
Mannen i huset antyda at eg burde kle på meg då klokka nærma seg 11.... Men eg dryga til kvart over i alle fall for å markera meg litt ;-)
Med fyr i ovnen, tente lys, tom(!) godteskål, kaffe, vatn og data kosar ein seg like godt utan akseptabel påkledning, nemleg!


November 2011 går inn i historia som skodde-månaden her på Sørheim. Skodda har gått opp og ned med ujamn tjukkelse heile månaden. Då eg tok dette biletet var vi over skoddehavet, men som oftast har vi budd midt inni grauten. Æsj!


 Ungane har vore litt halvpjuske med både forkjøling og spysjuke, og då doktoren skulle sjå på mandlane til Martha var vi innom kjøpesenteret. Der hadde helsestasjonen stand, og Karoline vart veigd og målt ;-)

Fuglane har fått mat, Dordi er sjefen ute på verandaen.
Men har sin fulle hyre med å halda Kjellaug unna....
Minst to fuglar har måtta bøte med livet pga ho.

Ho mor i huset er som oftast å finna på denne plassen og i denne posituren, gjerne i lag med Kjellaug.
Mon tru kvar energi og tiltak har vorte av????


Søndag var det julegrantenning, adventskafè og korsang. Damene var med.
Då vi skulle heimatt etter 3 timar, var vegen stengd pga steinras.
Men sidan raset hadde gått då vi reiste inn, så tok vi sjansen på å køyra ut att òg.

No ventar vi på at 1. desember skal koma,
vi ventar på at naboane skal koma heimatt etter ein månad i Thailand,
vi ventar på julemiddagen i grendahuset,
vi ventar på juleferien,
vi ventar på jula og alt som høyrer med den
- og ho mor ventar på at energien skal koma attende.
Trur ho må venta lengst, kanskje heilt til 1. april?
God ventetid, kva du no enn ventar på! :-)

mandag 7. november 2011

Kjøttrull på mammavis - og pølselaging

Laurdag var det klart for den årlege store pølsedagen.
I elleve-tida dukka karane "mine" opp,
og då var krydderblandinga ferdig og løken finhakka.


Svangane var i ymse størrelsar og fasongar, heile 14 rullar vart sydd rundt kjøkkenbordet denne laurdagen. Knut og eg laga 6 kvar, medan Rune nøydde seg med 2.
Først gnei vi inn svangen med krydderblandinga
(Salt, peppar, nellik, allehånde, muskat, ingefær og gelatinpulver.

 Så la vi inni kjøtt frå bogen og løk, og strødde på enno meir krydder.

Syinga gjekk som ein leik....

 Fiks ferdigsydd!
Klar til å leggjast i salt nokre dagar før frysing.
Vetlejulaften skal eit par kokast slik at julelukta brer seg og julepålegget er klart!

 Resten av kjøtet frå bogane vart til kjøttbollar og  (foreløpig) litt pølse.
Vi ventar på tarmforsyning.... ;-)
Dordi var ivrig stappar medan eg snurra tarmen til pølser.

Stolt pølsemakar!
:-D