tirsdag 29. november 2011

Mens vi ventar......

Kor lenge kan ein tassa rundt i morgonkåpe på ein tysdag?
Mannen i huset antyda at eg burde kle på meg då klokka nærma seg 11.... Men eg dryga til kvart over i alle fall for å markera meg litt ;-)
Med fyr i ovnen, tente lys, tom(!) godteskål, kaffe, vatn og data kosar ein seg like godt utan akseptabel påkledning, nemleg!


November 2011 går inn i historia som skodde-månaden her på Sørheim. Skodda har gått opp og ned med ujamn tjukkelse heile månaden. Då eg tok dette biletet var vi over skoddehavet, men som oftast har vi budd midt inni grauten. Æsj!


 Ungane har vore litt halvpjuske med både forkjøling og spysjuke, og då doktoren skulle sjå på mandlane til Martha var vi innom kjøpesenteret. Der hadde helsestasjonen stand, og Karoline vart veigd og målt ;-)

Fuglane har fått mat, Dordi er sjefen ute på verandaen.
Men har sin fulle hyre med å halda Kjellaug unna....
Minst to fuglar har måtta bøte med livet pga ho.

Ho mor i huset er som oftast å finna på denne plassen og i denne posituren, gjerne i lag med Kjellaug.
Mon tru kvar energi og tiltak har vorte av????


Søndag var det julegrantenning, adventskafè og korsang. Damene var med.
Då vi skulle heimatt etter 3 timar, var vegen stengd pga steinras.
Men sidan raset hadde gått då vi reiste inn, så tok vi sjansen på å køyra ut att òg.

No ventar vi på at 1. desember skal koma,
vi ventar på at naboane skal koma heimatt etter ein månad i Thailand,
vi ventar på julemiddagen i grendahuset,
vi ventar på juleferien,
vi ventar på jula og alt som høyrer med den
- og ho mor ventar på at energien skal koma attende.
Trur ho må venta lengst, kanskje heilt til 1. april?
God ventetid, kva du no enn ventar på! :-)

mandag 7. november 2011

Kjøttrull på mammavis - og pølselaging

Laurdag var det klart for den årlege store pølsedagen.
I elleve-tida dukka karane "mine" opp,
og då var krydderblandinga ferdig og løken finhakka.


Svangane var i ymse størrelsar og fasongar, heile 14 rullar vart sydd rundt kjøkkenbordet denne laurdagen. Knut og eg laga 6 kvar, medan Rune nøydde seg med 2.
Først gnei vi inn svangen med krydderblandinga
(Salt, peppar, nellik, allehånde, muskat, ingefær og gelatinpulver.

 Så la vi inni kjøtt frå bogen og løk, og strødde på enno meir krydder.

Syinga gjekk som ein leik....

 Fiks ferdigsydd!
Klar til å leggjast i salt nokre dagar før frysing.
Vetlejulaften skal eit par kokast slik at julelukta brer seg og julepålegget er klart!

 Resten av kjøtet frå bogane vart til kjøttbollar og  (foreløpig) litt pølse.
Vi ventar på tarmforsyning.... ;-)
Dordi var ivrig stappar medan eg snurra tarmen til pølser.

Stolt pølsemakar!
:-D


Grisesylte-debutant

Fredag debuterte eg som grisesyltelagar. Mamma var med, og jammen trur eg det vart eit ganske vellykka prosjekt!

Grisehovudet var litt for stor for kasserollen vår,
så tryne og øvre skalle måtte sagast av.



 
Då var bonden god å ha......



 
Så låg hovudet og trekte eit par timar i lettsalta vatn.



 
Vi sika av feittet(?) med jamne mellomrom



 
I mellomtida laga vi krydderblandinga.
Mest salt + allehånde, ingfær, nellik, peppar og gelatinpulver.



 
Etter kokinga såg det i grunnen lite delikat ut....



- og det vart ikkje likare då vi byrja med reinskinga.
Feittet vart nesten for mykje for ein tander sjel, men sidan det må flesk til for å halda sylta saman, var det berre å bita tennene saman.



Puh, endeleg ferdig med reinskinga og sorteringa!


Så fukta eg eit kjøkkenhandkle og la oppi ei skål. 
Svor først, så kjøtt, flesk og krydder lagvis til passe mengde.



Stramma handkleet hardt rundt sylta og surra ho inn med hyssing.


Så trekte syltene i same krafta som vi koka grisehovudet ein time eller to, før vi sette dei på kjøla med press.
La først på ein kilo nokre timar, så auka vi til to kilo som låg på over natta.



Voilà! Grisesylta klar til jul.

Sjølvsagt måtte vi prøvesmaka, og ekspertane sa at ho var god - om enn litt lite salt.
Saltlake vil nok gjera susen når vi tek ho opp frå frysaren om ein månads tid.
Konklusjon: Dette var ikkje så vanskeleg! Faktisk ganske enkelt :-)
Prøv du òg!

fredag 4. november 2011

Vekeslutt - igjen

Tidleg fredagsmorgon, ungane har akkurat reist med skulebussen.
Pappan er skulebussjåfør i dag og bestemora som er på besøk, er ikkje oppstått enno.


På stovebordet står rosene i mange fargar og lyser opp, og etter at biletet vart tatt,
har eg tent lysa òg.

På spisebordet står ein bukett med kvite roser ( Coop sitt 3 for 69,- mix).
På veggen, sirleg opphengt med ein teiknestift i sommar ein gong, heng søstra mi som var midtsidepike i folkemusikkbladet.
Skal tru om vi nokon gong får opp eit bilete eller to på denne veggen??


Her er eit bilete frå barneidretten tysdag der eldstedottera klatra i ein vegg
som hellar jamnt utover....
Hadde nok ikkje kome så høgt, eg nei,men kjekt at ho tykkjer det er artig med klatring!


I helga bli det matauk!
I dag skal mamma og eg gjera eit forsøk på å laga hovud-sylte. 
Laurdag kjem "karane mine" på kjøttrull-sying og pølselaging.
Her ligg det halve grisehovudet i vatn på kjøla (dårleg fotolys på kjølerommet, gitt!)


God helg!

mandag 31. oktober 2011

Skoidd-sol

Slik var utsikta frå Leri i ettermiddag:






Fascinerande med solnedgang gjennom skodda.

Kulturhelg

Laurdag var det endeleg bokbåtbesøk i Kroken att.
Epos kjem vår og haust fullstappa med bøker og lydbøker i alle sjangrar.
Og kvar gong er det teater eller anna underhaldning som alltid fengjer publikum, store som små. Denne gonge var det Per Jostein som underheldt med forteljingar, skrøner, gåter og lureri.

(Bilete frå bokbaten.no)

 Etter bokbåten har det vorte tradisjon med kafè i Fjordatunet, men det rakk vi ikkje å få med oss denne gongen. Vi venta besøk, og dessutan måtte kaka til 4H-festen lagast ferdig.

Her er Dordi framom utstillinga si, godt fornøgd, dagen før.

Her får aspirant-debutanten utdelt si første 4H-nål som bevis på bestått oppgåve.
Det var så mange fine oppgåver - og utstillingar. Dei skulle nesten stått lenger enn eitt døgn slik at fleire kunne fått sett kor flinke ungar/ ungdommar vi har.

Så var det kakespising og loddtrekking før oppattrydding. Til slutt vann vi å sjå dei tre siste dansane på tv før alle nesten slukna etter ein innhaldsrik laurdag.
-------------
Søndag var det full rulle i høyet med besøkande, sauejag og planlegging av Haloween-kostymer, før vi var inviterte på bursdagskaffe hos onkel Arne.

Og som punktum på søndagen fekk vi besøk av naboane
som forlet oss ein månad til fordel for Thailand.
Vi skal traktere katter og blomster, og samla inn post.
Ikkje misunneleg, nei..........
------------
Veka har starta bra! I formiddag fekk bonden og eg lokka alle sauene inn i fjøset
utan for mykje strev og springing.
Og i morgon kjem mamma på besøk.

(Mormor og dei sju barnebarna)

Betre og betre dag for dag! :-)

fredag 28. oktober 2011

Vekene flyg....

Fredag igjen, og husmora er slakk, som vanleg....
Kle og koppar er vaska og golvet støvsuga, elles har det vore strikking, surfing, netthandel og fyring i ovnen.

Sit og motar meg opp til kakebakst, for i morgon er det haustfest i 4H,
og eldstejenta (og vi)debuterer.
Her ser de at kassen med utstillings-saker er klar til i kveld,
og oppgåveboka likeså.
Bli med ut! er ei veldig vid og grei oppgåve
for ein junioraspirant med fotoglade foreldre :-)


 I går jaga vi sauene oppom vegen, og det betyr at både vi og dei er inngjerda ;-)
Etter eit fall i går morges då gardkjerringa skulle buksera seg over, har no bonden sett ut to meierikassar slik at eg (og andre) lettare kan koma seg til og frå inngjerdinga.
(de skimtar kassane nede ved postkassen)
Denne søya tek for seg av blomsterkassens goder......

Georg og eg skal søkja oss inn på sirkus!
Då eg sette meg ned på ein materialstabel søndag, hoppa han opp på nakken min.
Og der vart han sittjande og betrakta verda.... Type, altså!

Måndag var vi i Førde og fekk sjå ein aktiv krabat som turna slik at legen knapt greidde å ta dei måla han skulle...... Får håpa h*n roar seg til mars/ april ;-)

.

"Du går nå i 19. svangerskapsuke og har 150 dager(22 uker)til termin mandag 26.mars 2012.
Babyen er nå ca 20,5cm lang og veier 235g. "

Kjekt å veta, tenkjer eg.... ;-)


GOD HELG!
:-D

søndag 23. oktober 2011

9-årsjubilering

Dordi har endeleg vorte 9 år, og sjølve dagen var heile familien samla
(+ svigerfamilien til søstra mi).
Då vart nemleg vetle Lars døypt, og jubilanten fekk tørke av hovudet på dåpbarnet
etter døpinga. Stor stas!

 Her har jubilanten og dåpbarnet sneke seg til ei kosestund på kammerset :-)


Heile selskapet song bursdagssong, så flott song er det ikkje mange som får på dagen sin!

Men det måtte sjølvagt bli feiring på heimebane òg, så denne helga har vi bruka på det. Laurdag ettermiddag var det duka for hattejenteparty med 10 jenter,
og programmet for dagen var sirleg skreve ned på whiteboardet!
De skimtar så vidt tavla attom denne cowboyhatt-dama.
Som de ser, Karoline hadde òg fått på seg kjole og hatt for anledninga...)



Gjestene vart møtte med paraply-velkomstdrinkar med jordbær.


Etter at alle jentene hadde kika og beundra hattane til kvarandre, var det avstemming om kven om hadde den beste hatten. Og vinnaren vart denne:

Her ligg det mykje arbeid bak :-)


Menyen var hamburger med pommes frites,
alle fekk komponera sin eigen etter smak og behag.
Sidan var det dessert/ kake, quiz (som jubilanten hadde laga), film med snack og godteri og så litt fritt på slutten.

I dag har det vore vaksenbursdag med 11 gjestar.
Men først var det bøssebæring og sauajaging
- i morgon reiser 40 svarte og kvite får til Førde ;-)