torsdag 28. mai 2009

K for....?


I barndommen og ungdommen hadde eg god kontroll på alt eg skulle hugsa, trong ikkje skriva lister og notatar - hugsa det berre. Det vere seg avtalar, telefon-nummer, beskjedar eller anna. Hilde hadde kontroll! (Hugsar framleis nokre av dei to- og tresifra telefonnummera heime...)

Men då eg nærma meg 30 var det slutt på "klisterhjernen".
Eg hugsar godt korleis det starta. Eg var SFO-leiar på Seljestad barneskule i Harstad, og der var det mykje hugsa på! Hugsa eg det ikkje, gjekk det utover andre, og det ville eg sjølvsagt unngå. Ergo byrja eg å skriva på handa mi; stikkord og hugsebokstavar.

DÅ var det slutt på hugsen min. Har aldri funne han att.Så no må alt skrivast ned, og handa er ofte full av bokstavar som gjer at eg skal hugsa.

No har visst hugsalausa teke eit steg til: Det står ein K på handa mi, og eg har ikkje peiling på kva eg skal hugsa. Hugsar kvar og når eg skreiv han på, men ikkje kvifor. Mannen i huset var og med på skrive-seansen, men heller ikkje han greier å hugsa kva K-en står for.

Så om det er nokon der ute som eg har lova å gjera, sjekka eller handla noko K til.... så veit de kor langt det prosjektet er kome. Snart står ikkje K-en der ein gong...

1 kommentar:

  1. Ja, då er me iallefall to hugselause.. ; ) Men, eg nektar å finna meg i at alderen har noko som helst med dette å gjera..... Har forresten vore hugselaus så lenge eg kan hugsa;)

    SvarSlett