mandag 24. januar 2011

Aldri meir muffens med muffins

Sist veke var det som kjent 7-årsdag her i huset,
og de kunne sjå bilete av desse nokså pene "Hello Kitty-muffinsane"
(Hermeteikna er fordi eg absolutt ikkje er nokon pyntar....)




MEN, bildet bedreg! Dei var ikkje etande for folk.


  • Som vanleg var muffinsbaksten mislukka.
  • Som vanleg hadde eg tredobla oppskrifta.
  • Som vanleg var det noko muffens med meg og muffins.
  • Som vanleg tenkte eg på ein kollega og hennar Perfekte Muffins....


Eg klarte å besinne meg og ikkje ringje til kollegaen min klokka over midnatt.
Og samla tankane såpass at eg forstod at barnebursdagen ikkje gjekk fløyten fordi om muffins mangla blant kakene.

På jobb to dagar etter, fekk eg sikra meg at kollegaen sendte meg oppskrifta si, oppskrifta på dei Perfekte Muffinsane.

Og i dag var D-dagen for meg og muffins. Om eg ikkje lykkast med kollegaen si oppskrift, bestemte eg meg for å verkeleg gi opp muffinsbakinga.

(Her må eg skyta inn, i all beskjedenheit, at eg egentleg er ganske flink å få til bakst, og eg likar å styra og stella på kjøkkenet, så eg er ikkje heilt blank på området)

Og under over alle under som Bjørn syng, oppskrifta virka!



Eg fekk til muffins! Dei var ikkje rå. Dei var ikkje tunge. Dei heva seg og nærmast velta over forma. Dei var etande :-)



Då måtte eg forta meg å få på glasur til dei tre skiløparane mine kom att frå skirenn. (Og ikkje sjå på pyntinga, fortsatt mykje å læra på det området, om eg gidd......)
Og dei var overvelda over at eg, mamma, hadde klart å bake sååå gode muffins.



Jippi ai ai. Oppskrifta skal settast i glas og ramme. Aldri meir muffens muffins på mitt kjøkken!

PS! Lurar du på kva som skjedde med bursdagsmuffinsane frå sist veke?
Etter at bursdagsbarnet sirleg har tatt bort papirforma på ca 100 mislykka muffins, ga ho dei til sauene, og dei slukte dei med velbehag (Det er da noko....).

THE HAPPY END OF THE MUFFINS STORY ;-)

2 kommentarer:

  1. Etter ansiktsuttrykkene å dømme var det ikke noe galt med disse muffinsene, nei.De ser KJEMPEGODE ut.

    SvarSlett
  2. Men oppskrifta held du tett til bringa den, eller?? Kan du dele din visdom med meg??

    SvarSlett