torsdag 26. mai 2011

Du blomstrande rotdempar

I dag då eg kom att frå arbeid, låg det ein haug med epleblomstkvistar på kjøkkenbordet.



Mannen hadde vore oppe på ein av (dei 100) plassane i grenda han slår gras og beskore epletrea slik at det blir mogleg å koma til med høyvendar her og der.




Og eg vart superglad, dei var så fine!




Eg sette dei i ei krukke og "restane" i ei skål med vatn.Inn på stua med dei.





Voilà, ingen ser rotet.....det er i alle fall lov å håpa!

Linselusa Georg som et på alle blomstrar er sjølvsagt med.

(Kvifor gjer han det? Er det vanleg for katter??)


Dei første blomsterbukettane frå ungane som kom inn i går er flotte dei òg! :-)


2 kommentarer:

  1. Det er ikkje mykje som er kjekkare enn å kunne ta inn fine blomster frå marka. Og epleblomst trur eg er noko av det vakraste som finst. :-)

    SvarSlett
  2. Vakkert!!! Misunner dere epletrærne ja... de vokser svært dårlig her på fjellet.

    SvarSlett