Sjølv om vi bur "der ingen kunne tru at nokon kunne bu",
er ungane lik foreldra når det gjeld å vera sosiale.
Så her var det ein kjekk overnattingsgjest frå skulen slutta fredag til
skulebussen gjekk tysdagsmorgonen.
I tillegg var ein ung pinsegjest flittig til å besøka oss.
Så då var det full rulle for damene og besøket deira.
Søndag var det klart for forestilling i stova. Gjestene hadde fått invitasjon -og fribillettar - personleg overbringa, og var overvelda over at alt var gratis. Dei ga mykje i kollekt....
Popkorn i heimelaga "strutar" vart overrekt når publikum kom til billettbua.
Kostymeskifta var mange, innslaga like så....
Alle fire deltok med både trylling, dans, skodespel. Og i pausane var det blokkfløyte-reklame :-)
Publikum let vel og applauderte høgt og skodespelarane var godt nøgde med forestillinga!
Ære være kreative ungar som kan finna på noko anna enn å sjå på tv, spele data, playstation og nintendo!!! Håpar det skjer oftare!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar