fredag 28. oktober 2011

Vekene flyg....

Fredag igjen, og husmora er slakk, som vanleg....
Kle og koppar er vaska og golvet støvsuga, elles har det vore strikking, surfing, netthandel og fyring i ovnen.

Sit og motar meg opp til kakebakst, for i morgon er det haustfest i 4H,
og eldstejenta (og vi)debuterer.
Her ser de at kassen med utstillings-saker er klar til i kveld,
og oppgåveboka likeså.
Bli med ut! er ei veldig vid og grei oppgåve
for ein junioraspirant med fotoglade foreldre :-)


 I går jaga vi sauene oppom vegen, og det betyr at både vi og dei er inngjerda ;-)
Etter eit fall i går morges då gardkjerringa skulle buksera seg over, har no bonden sett ut to meierikassar slik at eg (og andre) lettare kan koma seg til og frå inngjerdinga.
(de skimtar kassane nede ved postkassen)
Denne søya tek for seg av blomsterkassens goder......

Georg og eg skal søkja oss inn på sirkus!
Då eg sette meg ned på ein materialstabel søndag, hoppa han opp på nakken min.
Og der vart han sittjande og betrakta verda.... Type, altså!

Måndag var vi i Førde og fekk sjå ein aktiv krabat som turna slik at legen knapt greidde å ta dei måla han skulle...... Får håpa h*n roar seg til mars/ april ;-)

.

"Du går nå i 19. svangerskapsuke og har 150 dager(22 uker)til termin mandag 26.mars 2012.
Babyen er nå ca 20,5cm lang og veier 235g. "

Kjekt å veta, tenkjer eg.... ;-)


GOD HELG!
:-D

1 kommentar:

  1. Kjekt å lese frå kvardagen din! Og kjekt at det berre er 18 dager mellom terminane våre! Lykke til med ventetida som kanskje blir lang når du ikkje er på jobb!God helg!

    SvarSlett