torsdag 24. mars 2011

Stille krig i heimen

Eg reknar med at det ikkje er berre her i huset at det foregår ein og annan "krig" meir eller mindre lydlaust og umerkeleg

Her har det vore ein stille kleskrig nokre veker no.
Mannen i huset er allergisk mot full "lortåtkle-korg",
så vaskemaskina går ofte eit par gonger om dagen.
Maskina blir tømt og kleda forsvinn. Og dukkar aldri oppatt....

Heilt til eg ein dag skulle inn på det komande vaskerommet vårt for å henta noko,
då såg eg noko stort innpakka i ein badehandduk -klede frå to maskiner.....
Mannen ergra seg over at eg hadde oppdaga "trikset" hans.
Altså å tømme tørkestativet ved å lempe alle kleda på benken.

Etter at han var avslørt, har haugen vokse. No er det slutt på innpakkinga.....

Dette må vel vera reality-blogging på sitt verste?? Og her "manglar" ein stor haug med handdukar.

Eg prøvar å halda meg, når eg vaskar kle, legg eg berre saman kleda som heng på stativet og får dei på plass i skåp og skuffer.

Haugen får berre vera, nesten i alle fall. Må med skam medgi at det hender eg plukkar med meg ein tights, tunika, truse eller ullkle til ungane når eg først legg saman kleda på stativet.
Og i dag la eg saman ein haug med handdukar og fekk ut på badet.

Ergrar meg over min svakhet, for eg har tenkt at han får ordna opp i og fullføra klesvaske-iveren sin sjølv.



Og på kjøkkenet hender det plast-avfallet vert lagt på benken når plastavfallposen er full.... for det er mi oppgåve å knyta for og henga opp ny pose der når den er full. Ein kan kriga om alt. I alle rom.

PS! Det mest betenkelege med kleskrigen er egentleg at mengda kle i skuffer og skåp ikkje ser ut til å minke, og at det er sjeldan vi saknar noko. Vi har alt for mykje!

onsdag 23. mars 2011

Våren har gjort entrèn sin hard og brutal i år

Det har vore samanhengande vinter sidan i oktober, og etter jul har det vore mykje is og glatt.
Snøen har lava ned med jamne mellomrom og styrka isen, slik at den har vorte tjukk og kompakt.

Men no har våren kome, trur vi... eller håpar i alle fall.
Denne veka har vegen vore stengt på begge sider av oss.
Det har bøtta ned med regn, bokstaveleg tala.

Innimellom har det òg vore litt nordmørs-schwung over vindkasta.

Slik ser det ut på ekra nedanfor vegen i dag, skøytebane med nedoverbakke


Og sjølv om snø- og steinras ikkje er noko å trakta etter, faktisk det som er verst med å bu her eg bur, kan ein forstå at det måtta krutt til i år for å endeleg få slutt på vinter og snø.

Og moooot normalt, vart det to slike pøsned-dagar med berre ein dag mellom.

Her er raset som kom måndag nokre kilometer uti vegen rydda



I morgon, fredag og laurdag er det meldt SOL og flott vår-vèr.



Så får ein la vera å sjå lenger enn som så, for nokon har kviskra meg i øyret at på laurdag skal det snø igjen. Han gir seg ikkje lett denne vinteren...

søndag 13. mars 2011

Vårteikn

Medan Kong Vinter stadig byr på påfyll med snø, er det berre innandørs ein kan finna vårteikn her på garden.

"Eg trur du er veldig glad i blomstrar", sa den veldig kjekke sjefen på nærbutikken vår, då eg kjøpte ein bukett eller ei potte med blomster for ei stund sidan.


Og det er eg!
(Uff......Når eg ser bilete av vinduskarmane, kjem eg på at eg snart må kom i gang og måla dei....)
MEN! Eg er ikkje flink til å halda liv i dei, ergo kjøper eg blomster ofte. Så om Sylvija trur eg har blomstrar i alle karmar og på alle benkar og bord, trur ho feil...... Dei fleste dør etter kort tid, desverre.
Særleg vårblomstrane som primula, påskeliljer og perleblomster takkar fort for seg her i huset.

Men kva gjer det, dei kan jo plantast ut når telen ha gått! Gjenbruk er fint!
Og så kan eg kjøpa nokre nye på bui!
Og jammen har ikkje kjerringa fått ny sveis òg; til ære for våren som SNART kjem!

søndag 6. mars 2011

Spellemann-dame-søster

Unni VANN spellemannsprisen i folkemusikk-klassen for 2010.

Fantastico!

Vi tek gjerne ein forsinka seiersfest under verandaen på Kafè Sørhæm i sommar.
For vi kan det med å arrangera seiersfestar for Unni.
Knut og Dordi stod i bresjen, men Anders, Hølje, Johannes, Hilde og Trygve bidro der dei kunne då ho kom heim som vinnar av landskappleiken i sommar.




Hurra for Unni og Keramello-ensemblet!