Dette må vel vera reality-blogging på sitt verste?? Og her "manglar" ein stor haug med handdukar.
Eg prøvar å halda meg, når eg vaskar kle, legg eg berre saman kleda som heng på stativet og får dei på plass i skåp og skuffer.
Haugen får berre vera, nesten i alle fall. Må med skam medgi at det hender eg plukkar med meg ein tights, tunika, truse eller ullkle til ungane når eg først legg saman kleda på stativet.
Og i dag la eg saman ein haug med handdukar og fekk ut på badet.
Ergrar meg over min svakhet, for eg har tenkt at han får ordna opp i og fullføra klesvaske-iveren sin sjølv.
Og på kjøkkenet hender det plast-avfallet vert lagt på benken når plastavfallposen er full.... for det er mi oppgåve å knyta for og henga opp ny pose der når den er full. Ein kan kriga om alt. I alle rom.
PS! Det mest betenkelege med kleskrigen er egentleg at mengda kle i skuffer og skåp ikkje ser ut til å minke, og at det er sjeldan vi saknar noko. Vi har alt for mykje!
Godt å få referat frå fronten:) Ler med og ikkje av, me kjenner oss att alle saman!
SvarSlettHer på Muusøya er kjeldesorteringa ei heit potet...Elin kalla meg miljøfyrtårn då ho var her, må innrømme at eg har tapt meg litt. Uansett, me har kjeldesorter så godt me kan, men har hatt vanskar med kvar me skal plassere det sorterte... "Mitt" rom (vaskerommet) eller "hans" rom (uteboden). Eg er litt skeptisk til denne fordelinga, men me får sjå når ho mor er ferdig med barselpermen sin, då blir det andre bollar........ ;)
Anonym er ikkje han der frå "Hallo i uken" redaksjonen also, det er Eli Mette frå Hallo i Drammen..
SvarSlett