søndag 29. januar 2012

Nå skinner sola i vinduskarmen....

SØNDAGSSOL PÅ SØRHEIM




Her har fugleobservatøren vår rigga seg til i formiddag.
Ho har Fuglar som 4H-oppgåve, og ville sjølvsagt vera med på den store hagefugl-teljinga som skal rapporterast inn i dag.
Kjøttmeis, raudstrupe, blåmeis, kråke, svarttrost og skjor
vart observert, kanskje vi kan sjå om vi finn enno fleire når ho kjem heimatt frå aking??!

Husfrua nyt ein stille søndag framom tv`n og ovnen med data og strikking vekslesvis.
Men då sola plutseleg skein inn i stova måtte ho ut på ein ørliten fotosafari.
Når ein ser på ansiktsfarga hennar, skulle ho fått litt ute-sol på seg, forresten... 

Sikta nedover er einsformig. Ser ikkje føtene mine på nokre månader enno....


Lustragutane kom inn på 24. plass i NM-stafetten,
og kall og ungar er øyeblikkeleg venta heimatt frå aking i Fortun.
Alt under kontroll!

Så, tilbake til strikkinga.
Skal teppet bli ferdig på eit par månader er det berre å strikka på.
Bør ha fem lengder, tenkjer eg. 
Har aldri strikka fletter før, men det var jo lett som ein plett. :-)

God søndag!

2 kommentarer:

  1. Deileg med sol - og at det går mot meir sol for kvar dag! Teppet vert kjempeflott :-)

    SvarSlett
  2. Flott teppe, og fin mage! Nedtellinga er vel i full gong no ; )

    SvarSlett