søndag 4. november 2012

Ny månad klar til bruk...

November starta med vinter, reine skjære julestemninga, men i løpet av torsdagen kom mildveret og grønne marker att!
 
 
Denne karen kan stadig meir, pluseleg har han lært seg noko lite nytt.
Eta brødskive har han vorte ein racar til dei siste vekene, men sjølbeteninga som pappaen driv med gir ikkje mange bitane i magen......

 
Han er ein liten tv-slave, snur seg dit lys og bilde skiftar uansett.
No sit han ganske stødig, men plutseleg dett han....

 
Dordi har fått feira vennbursdag i helga, og med 18-20 ungar i huset var det liv og røre.
Men det var eit triveleg lag, der alle åt godt og kosa seg.

 
Vart så fornøgd med godteriet og fruktoppsatsen min til 10-årsdagen, og borte vart det, alt saman. I tillegg var det snacks, brownies, is og gele!
 
 
No er det berre å gleda seg til grunnskuleveke, bøssetømming,farsdag, korleir, krakowtur, bursdag og adventstid.
November er ein fin månad, tykkjer eg!
 

1 kommentar:

  1. Så kjekt å lesa oppdateringar frå Leri! Det hadde vore ein triveleg bursdag laurdag, sa Ingvill - og mykje godt å eta... ; )

    SvarSlett