mandag 1. april 2013

Super-påskeaften!

Påskeaften hadde eg "tidlegvakta", for jammen har vi fått oss ein morgonfugl...
Dette er uvant for oss som har sove godt -og lenge- med alle ungane.
Men no før påske var Kristen klar for dagen i 7-tida..
Han er blid og glad og leikar fint sjølv.
Her ser han og Georg på Påskemorgen i lag.
 
Vi var vi heldige og vart bort på hytta på lunsj.
Vi åt oss gode og mette på nybakt brød frå Lustrabui og godt pålegg.
Kristen sov seg gjennom maten, men så snart han vakna var det tekniske saker han beskjeftiga seg med. Sjølvsagt.

 
Torunn fann fram ein kasse med duplo og eit leikesjukehus, og då kom Dordi ned på golvet og leika med bror sin òg.

 
I år hadde Dordi og Martha laga til påskeegg og påskerebus til sin gamle mor,
og etter mange ulike postar og gåter hamna eg til slutt midt oppe i eplehagen der egget låg og venta på meg.

 
Flott utsikt frå eplehagen ut Lustrafjorden!

 
 
Jentene fekk ikkje påskerebus i år,
men måtte løysa kvar sitt kryssord før dei fann egga sine.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar