lørdag 4. mai 2013

Kom mai, du skjønne milde

I vår har eg hatt litt strikkedilla!
Etter at marius-bølga hadde lagt seg i vinter,
starta eg opp mi eiga lita bølge.
To selaskjørt, tre genserar og to par labbar har eg produsert
- og gitt bort!
Dette bildet nekta å snu seg rette vegen,
men det er genseren til bonden og sokkane til fru Weka :-)
 
Forrige torsdag og fredag var vi på lærarstemne i Sogndal og fekk ny giv og gode idèar.
Her har eg undervist/ elevane jobba med posisjonssystemet.
Vi talde alle korkene, og som de ser(?) var det 1096 til saman!
 
Fredagen etter lærartemnet fekk eg endeleg anledning til
å vera med på ein kortkveld att. Trur det er eit par år sidan sist....
Og etter slike kveldar blir ein gjerne litt inspirert, eg vart i alle fall det.
Laurdag tok eg fatt på jobben med å finna att kontoret og kortutstyret mitt att!
Der fann eg mellom anna dette flotte broderiet eg fekk av lillesøster Kirsti jula 1995.
 
Og etter nokre timars jobb, ville eg, inspirert av kortkveldens boks, laga ein annan boks.
Slik vart den!
 
Laurdagen hadde forresten mannen og eg 11 års bryllaupsdag,
og fru Hauge kom med denne koselege gåva!
 
I grendahuset skjer det (endeleg) saker og ting!
1. mai (etter at koret hadde sunge på 1.mai-frukost på Fjordstova)
var vi der nede og jobba heile dagen.
Lydanlegg vart oppmontert, 3 blendingsgardiner vart opphengt (6 att)
og scena til teateret vart ferdig.
Litt kaotisk enno, men dette blir bra!!
 
 
 
3. mai kom årets første cruisebåt inn fjorden i snøkav og blest.
Dei bruka visst 45 minutt før dei greidde å leggja til kai inne i Skjolden.
 
Dordi skal spele jenta som rømmer opp på loftet for å unngå oppstyret kring 17.mai.
 
Første øving med mikrofonar var spennande både for aktørar og teknikkarar!

I dag, laurdag, vakna vi opp til tette snøbyger.
Medan Sprø sangglede var på plateinnspeling(!),
hadde våren meldt sin komme.
Då Kristen og eg var ute på trilling i dag var det ti grader,
og dei blå klokkene lyser opp i tunet!
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar