mandag 9. november 2009

Fluge på veggen

Vart sittjande å tenkja på kva i all verda somme 50-70-åringar (og yngre folk òg) brukar tida si på, ingen har det visst så travelt som dei. "Har ikkje tid til slikt" er omkvedet.

Husa deira er ferdig oppussa, påbygd og innbudde.
I huset bur berre ein eller to, godt vaksne, personar.
Mange er ikkje ute i det ordinære arbeidslivet.

Likevel har dei ikkje tid til organisasjonsarbeid, dugnadar, sosiale samankomster,
sjå på Tv, delta i nærmiljøet.
Det er då lysta til å vera fluge på veggen kringom ei vekes tid kjem snikande...

Og eg stiller gjerne ein vegg til disposisjon for dei òg, om dei vil sjå kva som skjer her i huset.
Men då lyt dei rekna med
  • rot og støv,
  • forsøk på grensesettjing og oppdraging (ofte ikkje lydlause sekvensar),
  • logistikk som endrar seg heile tida (takk og pris for mobilen),
  • leksekampar (heller ikkje så lydlaust, ofte)
  • middagsplanlegging - potetkoking om morgonen, resten av middagen når alle er heime (begge to er i arbeid, )
  • vasking av hender og pussing av tenner, ungar som ikkje får sova..
  • for tida bur vi på ein anleggsplass p.g.a. påbygging

Men òg ein heim der alt dette er uvesentleg, egentleg. Her har vi i grunnen tid til det meste vi har lyst til;

  • vi tek gjerne i mot besøk om huset står på hovudet, eller enno betre: reiser frå heile rotehuset.

  • Vi er meir enn gjerne sosiale om det høvet byr seg,

  • Ungane får vera med på det dei vil av fritidsaktivitetar (enno i alle fall) - men det betyr 2 mil tur/retur fleire gonger i veka etter arbeid

  • Vi har tid til å delta i organisasjonar og grupper

  • Vi tykkjer dugnad er viktig, og deltek så sant det går an

  • Vi er innom nett og e-post mange gonger om dagen,

  • Vi ser det vi har lyst til på tv og les så mange aviser vi vil

  • Har vi lyst på noko godt til kaffen/ barne-tv`n bakar vi eitt eller anna

  • Og det beste er: Vi har tid til overs!

Kanskje vi to flugene kunne hatt eit evalueringsmøte etterpå?

Skal tru kva konklusjonen ville ha vorte???

søndag 1. november 2009

Jippi!! Kamera på veg....

I kveld har eg forska på kamera; teknisk og økonomisk.
Og då mannen kom heim frå feiring av bror sin,
måtte han setja seg ned og godkjenna valga mine.

Det vart to kamera når vi først skulle handla;
eit Canon speilreflekskamera EOS 500D
og eit Olympus kompaktkamera FE-5020.
Det har vore uvant og tungvint å ikkje ha eit kamera som fungerar,
det gamle kompaktkameraet vårt står på full zoom...
Blir ikkje mykje oppdatering på heimesida vår slik.
Hipp hurra for netthandel for oss som bur langt unna fotobutikkane!
Vi gler oss til begge kjem i hus. Kanskje til helga??
Nokon som har erfaringar med desse to forresten? Helst positive då :-)

tirsdag 27. oktober 2009

Kveldsdrink?!


Kreativi-
teten har ingen grenser her i huset innimellom.
Det siste på fronten vart til medan damene var aleine heime og er ei enkel, men oversiktleg oppskrift på "Biolis Best".
Håpar det vi smaka!

søndag 25. oktober 2009

Omtikking


Klokka tikker, tida går, som kjent.
Men i natt tikka den for dårleg, og måtte gjera oppatt ein times arbeid.
Slark og slurv løner seg aldri - ikkje for klokka heller!

Benjamin Franklin lanserte idèen om omtikking for 225 år sidan, Norge hoppa på i 1916. Men kanskje det ikkje var så vellukka?
I alle fall vart det ikkje prøva att før i 1940, då varte imidlertid sommartida i 2 år og to månader.
Vi i Norge har hatt ein times forskyving på døgnet sommar og vinter sidan då med to pausar på 13 og 14 år - mon tru om det var familiar med små ungar som protesterte hardt mot regjeringa?
Bakgrunnen for forslaget til Franklin var å spara energi, men no er vel heller fokuset på dagslyset ute - ikkje om vi må slå på ei lampe inne for å sjå?!

Veit ikkje heilt kva eg meiner om klokkeflyttinga no, men før om åra har eg vore i mot!
Då ungane var mindre og foreldra måtte gjera ein innsats for ernæring og sikkerhet, var desse søndagsmorgonane laaange - og trøytte! I dag var det i grunnen ok å stå opp klokka 8! Altså 9...

Muleg klokka gjer ein god jobb og ikkje treng å driva med slurv verken vår eller haust. Kan ho ikkje berre putla på??

søndag 20. september 2009

Søndagsmorgon-lykke


Å liggja på armen til mannen under den varme dyna

medan ein har god tid til å prata om dei små episodane og replikkane ein plutseleg hugsar frå veka som har gått.

Å kunna stå opp når ein vil og elles ikkje ha program for dagen,

det er søndag og lykke på sitt beste!

tirsdag 1. september 2009

Lykkeleg isolert!?

Første dag i første haustmånad, og aldri har eg sett meir regn på ein ettermiddag.
36 mm dei siste 12 timane, seier husbonden som akkurat har sjekka nedbørsmålaren.
(På jobb snakka dei forresten om eit vêrmerke som sa at det vêret vi har i dag, slik vil vêret vera framover...så veit vi det)

Jentene og eg køyrde utover med augene på stilk etter arbeid, skule/besøk og barnehage;
låg det steinar, tre eller vatn i vegen? Men alt vi såg var brune elvar -både der dei brukar å vera og på stader eg aldri har sett ein vassdråpe før. Fjorden var brun heile vegen ut. Groa attmed huset var òg stor og stygg.
Far i huset stod feberheit i ytterdøra og var glad alle dei tre jentene hans kom seg heim til kvelden.Og når han er bekymra, er det som regel noko i det. Lytt til erfarne bebuarar!!

Kort tid etter var vegen stengt både innom oss og utom oss, så no er vi isolerte. Men kva gjer det? Ingen har tenkt seg ut på vegen likevel. TV, telefon og internett virkar igjen og straumen har ikkje vore borte. Grisar og kyllingar har fått mat og drikke, folket likeså.
Alt vel med oss mellom rasa! Den største bekymringa er om eg rekk 1. time, og om barnehagejenta kjem seg oppi Fortun på bursdag kl 12. Ikkje dei heilt store problema altså!Ungane blir i alle fall ikkje røska ut av søvnen kvart på sju i morgon! Og foreldra kan vel sikkert òg dryga litt før dei står opp.....
Det gjer seg med ein flom ein gong i blant!

lørdag 22. august 2009

På`n igjen...



Ferien er over, og kvardagen er tilbake.
Haust = mykje papirarbeid for yrkesgruppa mi.
  • Vi planlegg alle fag for heile skuleåret i alle grupper vi er innom.
  • Vi planlegg kva tema vi skal ha i dei ulike periodane , og kva som kan puttast inn her og der av aktivitetar og kunnskap.
  • Vi planlegg rutinar og grenser, reglar og konsekvensar.
  • Vi må laga klassekart -og det er ikkje så lett -, ordenselevlister, ordenselev-hugseliste, bursdagsoversikt, gløyme -eller hugseskjema, SFO-oversikt, telefonlister, blyant -og viskelærliste......Sikkert fleire òg som eg ikkje hugsar i farta.
  • Vi planlegg timeplan med lærarar og assistentar, og korleis vi kan nyttast mest muleg hensiktsmessig.
  • Vi planlegg ein og ein time for alle klassetrinna som er i klasserommet, og korleis vi skal undervisa eit trinn medan dei andre skal jobba med oppgåver.
  • Vekeplaner må til, og møtererferat skrivast.
  • vi planlegg oss mest i hel.....

Ja, etter ei og ei halv veke på jobb har eg sete på kontorstolen min alt for mange timar. 11 timars abeidsdag i snitt, tenkjer eg. Ungane har berre sett mor si tidleg på morgonen og ved leggjetid, kallen likeså. Ikkje er eg så strålande blid og opplagt heller når eg først er heime.

Men er eg ajour?? Nei, fortsatt har eg mykje ugjort før eg kan reisa heim klokka 16 med god samvittighet.

Og akkurat no merkar eg at eg blir litt bøs -og faktisk let meg provosera - når det vert snakk om dei lange lærar-feriane. For dei er jammen ikkje så lange at vi får att for alt arbeidet vi gjer!

Hadde eg hatt ork, skulle eg laga meg ei reell timeliste som eg kunne slege i bordet med når lærarferiane atter blir eit tema. Eg er heilt sikker på at vi jobbar meir enn det vi får avspasert! Og eg må innrømma at ein 8-16 jobb freistar innimellom.....


Eg vurderar på å ansetta ein sekretær og planleggar, så kan eg vera det eg likar aller best: Lærar!