mandag 9. november 2009

Fluge på veggen

Vart sittjande å tenkja på kva i all verda somme 50-70-åringar (og yngre folk òg) brukar tida si på, ingen har det visst så travelt som dei. "Har ikkje tid til slikt" er omkvedet.

Husa deira er ferdig oppussa, påbygd og innbudde.
I huset bur berre ein eller to, godt vaksne, personar.
Mange er ikkje ute i det ordinære arbeidslivet.

Likevel har dei ikkje tid til organisasjonsarbeid, dugnadar, sosiale samankomster,
sjå på Tv, delta i nærmiljøet.
Det er då lysta til å vera fluge på veggen kringom ei vekes tid kjem snikande...

Og eg stiller gjerne ein vegg til disposisjon for dei òg, om dei vil sjå kva som skjer her i huset.
Men då lyt dei rekna med
  • rot og støv,
  • forsøk på grensesettjing og oppdraging (ofte ikkje lydlause sekvensar),
  • logistikk som endrar seg heile tida (takk og pris for mobilen),
  • leksekampar (heller ikkje så lydlaust, ofte)
  • middagsplanlegging - potetkoking om morgonen, resten av middagen når alle er heime (begge to er i arbeid, )
  • vasking av hender og pussing av tenner, ungar som ikkje får sova..
  • for tida bur vi på ein anleggsplass p.g.a. påbygging

Men òg ein heim der alt dette er uvesentleg, egentleg. Her har vi i grunnen tid til det meste vi har lyst til;

  • vi tek gjerne i mot besøk om huset står på hovudet, eller enno betre: reiser frå heile rotehuset.

  • Vi er meir enn gjerne sosiale om det høvet byr seg,

  • Ungane får vera med på det dei vil av fritidsaktivitetar (enno i alle fall) - men det betyr 2 mil tur/retur fleire gonger i veka etter arbeid

  • Vi har tid til å delta i organisasjonar og grupper

  • Vi tykkjer dugnad er viktig, og deltek så sant det går an

  • Vi er innom nett og e-post mange gonger om dagen,

  • Vi ser det vi har lyst til på tv og les så mange aviser vi vil

  • Har vi lyst på noko godt til kaffen/ barne-tv`n bakar vi eitt eller anna

  • Og det beste er: Vi har tid til overs!

Kanskje vi to flugene kunne hatt eit evalueringsmøte etterpå?

Skal tru kva konklusjonen ville ha vorte???

6 kommentarer:

  1. Konklusjonen ville kanskje vorte at 30-40 åringar og 50-70 åringar er i ulike livsfasar - dei har også hatt eit aktivt liv med små ungar og det som høyrer til? Om 20-30 år vert vi også sitjande åleine i stort med fluger på veggen som lurer :)

    SvarSlett
  2. Ja Anonym, alt til si tid og alder, sjølvsagt.
    MEN for å presisera poenget mitt: eg vågar å tru -og håpa- på at eg aldri blir ei som klagar på at eg ikkje har tid til å lesa avisa, eller sjå det eg vil på TV, eller vera sosial o.s.b.
    Kva gjer dei på desse 50- 70 åringane i løpet av døgnet? Eg har òg 24 timar og tykkjer jamnt over at eg har tid til alt eg vil!

    SvarSlett
  3. Heihei!
    Er så enig så enig med deg, det skulle være snudd litt om :)
    Ha en fortreffelig kveld
    *Siv*

    SvarSlett
  4. Hei !

    Som utflytta lustring, så likar eg å følgje med i kva som skjer rundt om i kommunen - og havna innom denne sida og denne linken.

    Eg er så glad for at folk er ulike !!!
    Tenk på kor keisamt det hadde vore om alle hadde vore like - eller....kanskje det då hadde virkeleg vorte liv..?

    Men - eg hadde ikkje vilja vore fluge på veggen hjå andre.....det er noko som heiter flugepisk..
    ( eller flugesmekk...)

    Her kan det vere snakk om prioritering, interesser, - mange ting kan spele inn.
    Har du tenkt på kva ordet HELSE inneber ?
    Det er ikkje sjølvsagt for alle å kunna stille opp på alt - verken av fysiske eller psykiske årsaker. Dette er som oftast slikt som blir for privat til å formidle til alle over mobilen eller nettet.

    Det er mange som gjer ein utmerrka jobb i det stille, utan å stikke nasen sin fram. Er ikkje alle som taklar det "å hive seg rundt" og ta eit tak saman med alle andre i ein dugnad - men dei gjer mykje flott til fellesskapet i ei lita bygd likevel - åleine.....Og då er det kanskje betre å stulle på åleine, i staden for å vere med på all moroa - og når det kjem til "oppvasken", så kjem migrenen, og ein overlet "skiten" til dei andre.

    Det høyres ut som du har ein veeeeldig travel kvardag, men du er faktisk ikkje åleine om det - her hjå meg er det så vanleg at det blir ikkje publisert på nettet.....
    Ver du glad for å vera frisk og sprek til å greie denne kvardagen - ikkje alle er like heldige.....viser til barnesangen "alle er vi like - men det er utenpå....."

    Så i staden for å vere fluge på veggen hjå andre, så er det kanskje betre å gå nokre mil i andre sine sko....

    SvarSlett
  5. Dette synes jeg er noen merkelige tanker. Tror du at 50-årsdagen er et skille i livet der alle tidligere interesser, vennskap, hobbyer, organisasjonsmedlemskap, tillitsverv avsluttes? Det er i tilfelle synd hvis du gjør det, for da blir den interessante delen livet ditt veldig kort. Tenk på de ca 17 åra du skal jobbe etter at du har fylt 50, mens du egentlig bare vil sitte hjemme og ikke delta i noe!
    Hva tror du folk over 70 holder på med? Min erfaring er dessuten at ikke alle under 50 er interessert i det du sier at vi "gamle" ikke er. Kanskje de driver med noe helt annet, som du ikke ser? Husa er ferdig pussa opp? Ingen hus som er ferdig pussa opp før eierne fylller 50 holder til de dør. Nei, dette var rare greier.

    SvarSlett
  6. Prioritering, er det noe som heter. Og alt til sin tid. Om ikke alle har samme interesse til enhver tid, gjør vi på det som interesserer oss NÅ, enten vi er 30 eller 70. Vi må ha respekt for hverandre. Ikke kritisere. Hvem har glede av det? Ditt liv nå er helt vanlig for en småbarnsfamilie. Ikke noe spesiellt med noe av det som blir nevnt. En merkelig måte å kommunisere på , i grunnen. I en liten bygd. Hvorfor ikke begynne å snakke sammen om det som opptar og kanskje irriterer ? Kom frem med det positive. Det er det vi vil ha her i bygden !! Kritikk både direkte og på nettet (som forresten er en feig måte) trenger vi ikke her. Finn frem det positive i deg selv !! Ønsker alle en fin vår.

    SvarSlett