Vart sittjande å tenkja på kva i all verda somme 50-70-åringar (og yngre folk òg) brukar tida si på, ingen har det visst så travelt som dei. "Har ikkje tid til slikt" er omkvedet.Husa deira er ferdig oppussa, påbygd og innbudde.
I huset bur berre ein eller to, godt vaksne, personar.
Mange er ikkje ute i det ordinære arbeidslivet.
Likevel har dei ikkje tid til organisasjonsarbeid, dugnadar, sosiale samankomster,
sjå på Tv, delta i nærmiljøet.
Det er då lysta til å vera fluge på veggen kringom ei vekes tid kjem snikande...
Og eg stiller gjerne ein vegg til disposisjon for dei òg, om dei vil sjå kva som skjer her i huset.
Men då lyt dei rekna med
- rot og støv,
- forsøk på grensesettjing og oppdraging (ofte ikkje lydlause sekvensar),
- logistikk som endrar seg heile tida (takk og pris for mobilen),
- leksekampar (heller ikkje så lydlaust, ofte)
- middagsplanlegging - potetkoking om morgonen, resten av middagen når alle er heime (begge to er i arbeid, )
- vasking av hender og pussing av tenner, ungar som ikkje får sova..
- for tida bur vi på ein anleggsplass p.g.a. påbygging
Men òg ein heim der alt dette er uvesentleg, egentleg. Her har vi i grunnen tid til det meste vi har lyst til;
- vi tek gjerne i mot besøk om huset står på hovudet, eller enno betre: reiser frå heile rotehuset.
- Vi er meir enn gjerne sosiale om det høvet byr seg,
- Ungane får vera med på det dei vil av fritidsaktivitetar (enno i alle fall) - men det betyr 2 mil tur/retur fleire gonger i veka etter arbeid
- Vi har tid til å delta i organisasjonar og grupper
- Vi tykkjer dugnad er viktig, og deltek så sant det går an
- Vi er innom nett og e-post mange gonger om dagen,
- Vi ser det vi har lyst til på tv og les så mange aviser vi vil
- Har vi lyst på noko godt til kaffen/ barne-tv`n bakar vi eitt eller anna
- Og det beste er: Vi har tid til overs!
Kanskje vi to flugene kunne hatt eit evalueringsmøte etterpå?
Skal tru kva konklusjonen ville ha vorte???



.jpg)