søndag 25. november 2012

Ei helg går mot sin ende

Denne helga har jentene vore på korleir på Lyngmo frå fredag til søndag, så Kristen har  vore einebarn - utan at han tykte så mykje om det. Det er berre å innsjå at Dordi og Martha er mykje meir underhaldande enn dei gamle, treige foreldra....
Vi to køyrde dei i alle fall ut til Hafslo fredagsettermiddag.
 
Laurdag trilla vi oss ein tur til Sande, og tok eit bilete frå Hammaren og ut fjorden:
 
 
 
Etterpå kosa eg meg med strikking, tv-sport og kaffe med god fyr i ovnen.

 
 
Og slik sat eg då dette biletet tikka inn frå Kyrajukelen:

 
 
Å strikka med ein 8 månading (nytt ord!?)i fanget, er ikkje enkelt!

 
 
Her et han biff med fløytesaus medan han iherdig følgjer med på Korslaget på tv.

 
 
Søndag plukka eg og Kristen opp Trygve på Fjordstova (pistolstemne)
og køyrde til Lyngmo.
Her er dei 68 leirdeltakarane og leiarane medan dei framførte ein av ni songar for oss.

 
Etterpå var vi inviterte på middag på Kvamshaugen,
så det var ein enkel dag for kokka på Leri.
 
Neste helg er eg i eit land der eg ikkje forstår eit kløyva ord!

mandag 19. november 2012

Bilderapport frå Den romantiske vegen ein måndag i november

Dagens trilletur gjekk til Sande. Trygve skulle på sank, så han tok følgje med oss inn.
Kristen sov 12-13 timar i eit strekk i natt (ny rekord), så vi kom oss ikkje ut før klokka var over eitt...
 
Det var grått og duskregn og bildekvaliteten vart deretter, men her er runden langs den romantiske vegen.... Bileta kom i omvendt rekkjefølgje, men det får ikkje hefta!
-----
Huset vårt manglar fortsatt sveitserstil-detaljene, men har fått seg terrasse med stakittgjerde på utsida. Det er meininga at det skal koma meir stakitt!
 
 
Fjøsmuren skrik etter kalk eller kva som kan gjera den kvit att...

 
Den einaste barnevogna i dagleg bruk på Sørheim i fri trill ut vegen ;-)

 
Høgblokka vår!
I tillegg til desse "husbyggjarane" har vi frittgåande høner og haner som òg likar seg på låven.

 
Klassisk motiv!
 
 
Gjorde mange forsøk på å ta bilete av svermar med trekkfuglar,
og når dette er det beste, vart det ikkje sprekt....
(ved Andrea-stova)

 
Kristen må ha verdas finaste soveplass!

 
Ha ein fin måndag og fin veke vidare!
 

søndag 18. november 2012

Vekene flyg lett avstad

(Inspirert av Marianne )
No har det vore hektiske tider her, men trivelege hektiske tider!
 
Sist søndag feira vi farsdag med buffet på Eikum hotell i lag med gode vener.
 
Torsdag var vi i lag med enno fleire vener på Sogndalstur.
Då åt me på langbord på kinarestauranten før vi benka oss i kinosalen og såg
Reisen til julestjernen.
Sogningen Amfi opna kl 11, så vi var ikkje einsame i bygda den dagen...


 Fredag var det konsert i Fjordstova med Leikanger damekor og Leikanger mannskor.
Vi i Sprø sangglede fekk vera med dei og syngje ein song + at vi opna heile konserten med brudemarsj frå Øre. Veldig kjekt å syngja i stort kor att!!
 
 
Laurdag bars det til Sogndal igjen med mor og tre ungar!
No var det litt (men ikkje mykje) mindre folk på handel, så då fekk jentene både nye støvlettar og kle.
 
Martha fekk ansiktsmåling på Yes! og var storfornøgd! :-)
 

 
Her er damene i nye støvlettar med hhv ansiktsmåling og ny genser!
 
Jentene vann seg teaterbillettar til Teskjekjerringa i julestria gjennom Sogn Avis, og medan dei kosa seg i teatersalen ein timestid, tok Kristen og eg ein liten kafèpause medan vi kosa oss med kvar vår kost ;-) 

 
På heimvegen henta vi med oss bestilt kinamat som vi kosa oss med medan vi såg Dauinger og seinare Skal vi danse  - siste "episode" begge plassar.
 
I dag er det sløv søndag med alle heime og intet program.
Fekk triveleg formiddagskaffebesøk av hyttenaboen,
og elles fekk eg og Kristen oss ein trileltur til Grisahagadn.
No søv han ute, medan vi jentene ser på Norske talenter i opptak.
Men no skal mor laga laks i fløtesaus - steike bra søndagsmiddag!

søndag 4. november 2012

Ny månad klar til bruk...

November starta med vinter, reine skjære julestemninga, men i løpet av torsdagen kom mildveret og grønne marker att!
 
 
Denne karen kan stadig meir, pluseleg har han lært seg noko lite nytt.
Eta brødskive har han vorte ein racar til dei siste vekene, men sjølbeteninga som pappaen driv med gir ikkje mange bitane i magen......

 
Han er ein liten tv-slave, snur seg dit lys og bilde skiftar uansett.
No sit han ganske stødig, men plutseleg dett han....

 
Dordi har fått feira vennbursdag i helga, og med 18-20 ungar i huset var det liv og røre.
Men det var eit triveleg lag, der alle åt godt og kosa seg.

 
Vart så fornøgd med godteriet og fruktoppsatsen min til 10-årsdagen, og borte vart det, alt saman. I tillegg var det snacks, brownies, is og gele!
 
 
No er det berre å gleda seg til grunnskuleveke, bøssetømming,farsdag, korleir, krakowtur, bursdag og adventstid.
November er ein fin månad, tykkjer eg!
 

mandag 22. oktober 2012

Highlights frå haustferien 2012

Årets haustferie vart bestemt og bestilt nokre dagar i før vi sette kursen mot Ålebyen, og vart møtt med vannrett regn.....
Det fortsette dag to òg, så det var ikkje mykje vi fekk sett av jugend-byen.
 
Her var hotellparkeringa, vegg i vegg med hurtigruta ;-)
 
 
Dei to yngste kosa seg på rommet med tilpassa stolar.
Og her oppdaga vi at speilrefleksen vår ikkje funka lenger, ergo er alle bileta i dette innlegget tekne med mobilen min.

 
Måndag troppa vi opp i Atlanterhavsparken ved opningstid og vart der heile dagen, der var det mykje å sjå og oppleva for heile gjengen, frå den yngste til den eldste.
 
Dordi er klar til å glefsa i seg sjøpølse..... ;-)

 
Ute var det eit fint område der ungane kunne laga demningar og moloar.

 
Dykkaren som mata fiskane var ein höjdare!

 
Dordi og kongeboaen

 
Dordi og ein stilig iguan

 
Etter akvariet, var Moa neste stopp, shopping må til på ferie!

 
Vi fyllte nesten resepsjonen med pikkpakket vårt då vi skulle sjekka ut....

 
Ein kjapp biltur opp på Aksla den siste dagen, og då kom sola fram òg!

 

 
Medan turfølgjet vårt sette kursen mot Sogn att,
susa vi nordover og direkte på kveldsvisitt på sjukehuset i Kristiansund for å møta
lille Åsa for første gong!
 
 
Storrundt høyrer med når vi er heime!

 
Eg og mamma reiste ut til lille Åsa neste kveld òg :-)
 
Lars og tante Hilde
 
Neste dag skulle vi møta Åsa og foreldra på Bestemors hage.
Vi kom i god tid, og kosa oss i Vanndamman i det fine haustveret.

 

 
 
På besøk hos oldemor og oldefar.
 
Nokre feriedagar går så alt for fort, men i tillegg til alt anna, så vann vi no nokre slag med kort om kveldane og vi fekk med oss ein fornøyeleg revy på Leitet, så vi var godt fornøgde då vi køyrde heimatt laurdag.
 
Vi hadde ein kaffestopp på hytta på Oppdal der pappa og Wenche hadde laga til bursdagslag for Dordi med kaker og vafler - og gåver!

 
Snipp, snapp, snute, så var haustferien 2012 ute!

tirsdag 2. oktober 2012

Demokrati

I samfunnsfag i 1. og 2. klasse har demokrati vore eit tema i haust.
I dag var siste time denne perioden, og vi hadde jobba med alle mål og hadde kome langt i måloppnåinga.
Kva skulle vi då gjera denne siste økta som skal innehalda ein time samfunnsfag og ein halv time norsk?
 
Etter repetisjon og mål-sjekk, fekk alle elevane kvart sitt sett med bokstavane
D E M O K R A T I
Oppgåva var å klippa dei fint ut etter streka og så legga dei saman til ord.
Etter ei stund kom ein elev på at vi kunne laga kryssord:
 

 
Så gjekk vi saman to og to, og hadde 18 bokstavar å laga ord med....




 
Dette vart ei flott arbeidsøkt med mykje læring, lytting, tenking og etter kvart samarbeid...... samarbeid og demokrati i 1. og 2. klasse! :-)