søndag 20. september 2009

Søndagsmorgon-lykke


Å liggja på armen til mannen under den varme dyna

medan ein har god tid til å prata om dei små episodane og replikkane ein plutseleg hugsar frå veka som har gått.

Å kunna stå opp når ein vil og elles ikkje ha program for dagen,

det er søndag og lykke på sitt beste!

tirsdag 1. september 2009

Lykkeleg isolert!?

Første dag i første haustmånad, og aldri har eg sett meir regn på ein ettermiddag.
36 mm dei siste 12 timane, seier husbonden som akkurat har sjekka nedbørsmålaren.
(På jobb snakka dei forresten om eit vêrmerke som sa at det vêret vi har i dag, slik vil vêret vera framover...så veit vi det)

Jentene og eg køyrde utover med augene på stilk etter arbeid, skule/besøk og barnehage;
låg det steinar, tre eller vatn i vegen? Men alt vi såg var brune elvar -både der dei brukar å vera og på stader eg aldri har sett ein vassdråpe før. Fjorden var brun heile vegen ut. Groa attmed huset var òg stor og stygg.
Far i huset stod feberheit i ytterdøra og var glad alle dei tre jentene hans kom seg heim til kvelden.Og når han er bekymra, er det som regel noko i det. Lytt til erfarne bebuarar!!

Kort tid etter var vegen stengt både innom oss og utom oss, så no er vi isolerte. Men kva gjer det? Ingen har tenkt seg ut på vegen likevel. TV, telefon og internett virkar igjen og straumen har ikkje vore borte. Grisar og kyllingar har fått mat og drikke, folket likeså.
Alt vel med oss mellom rasa! Den største bekymringa er om eg rekk 1. time, og om barnehagejenta kjem seg oppi Fortun på bursdag kl 12. Ikkje dei heilt store problema altså!Ungane blir i alle fall ikkje røska ut av søvnen kvart på sju i morgon! Og foreldra kan vel sikkert òg dryga litt før dei står opp.....
Det gjer seg med ein flom ein gong i blant!

lørdag 22. august 2009

På`n igjen...



Ferien er over, og kvardagen er tilbake.
Haust = mykje papirarbeid for yrkesgruppa mi.
  • Vi planlegg alle fag for heile skuleåret i alle grupper vi er innom.
  • Vi planlegg kva tema vi skal ha i dei ulike periodane , og kva som kan puttast inn her og der av aktivitetar og kunnskap.
  • Vi planlegg rutinar og grenser, reglar og konsekvensar.
  • Vi må laga klassekart -og det er ikkje så lett -, ordenselevlister, ordenselev-hugseliste, bursdagsoversikt, gløyme -eller hugseskjema, SFO-oversikt, telefonlister, blyant -og viskelærliste......Sikkert fleire òg som eg ikkje hugsar i farta.
  • Vi planlegg timeplan med lærarar og assistentar, og korleis vi kan nyttast mest muleg hensiktsmessig.
  • Vi planlegg ein og ein time for alle klassetrinna som er i klasserommet, og korleis vi skal undervisa eit trinn medan dei andre skal jobba med oppgåver.
  • Vekeplaner må til, og møtererferat skrivast.
  • vi planlegg oss mest i hel.....

Ja, etter ei og ei halv veke på jobb har eg sete på kontorstolen min alt for mange timar. 11 timars abeidsdag i snitt, tenkjer eg. Ungane har berre sett mor si tidleg på morgonen og ved leggjetid, kallen likeså. Ikkje er eg så strålande blid og opplagt heller når eg først er heime.

Men er eg ajour?? Nei, fortsatt har eg mykje ugjort før eg kan reisa heim klokka 16 med god samvittighet.

Og akkurat no merkar eg at eg blir litt bøs -og faktisk let meg provosera - når det vert snakk om dei lange lærar-feriane. For dei er jammen ikkje så lange at vi får att for alt arbeidet vi gjer!

Hadde eg hatt ork, skulle eg laga meg ei reell timeliste som eg kunne slege i bordet med når lærarferiane atter blir eit tema. Eg er heilt sikker på at vi jobbar meir enn det vi får avspasert! Og eg må innrømma at ein 8-16 jobb freistar innimellom.....


Eg vurderar på å ansetta ein sekretær og planleggar, så kan eg vera det eg likar aller best: Lærar!

torsdag 16. juli 2009

Fru Lerums saftmikstur



Dei tre siste dagane har det lukta godt i huset, eg har safta!
Jau då, det er litt vel tidleg, men frysarane skreik etter meir plass, så då måtte all bær som var frosne opp - kviletida over! Posar og koppar med rips, bringebær, jordbær, tyttebær, blåbær og plommer vart tømt oppi kokaren til Emma på Sande. (Vår eigen fann vi sjølvsagt ikkje i alt rotet!)

Safting gjer seg egentleg sjølv heilt til styret med reine, varme flasker med tilhøyrande korker skal fram. Sjølv det gjekk ganske bra denne gongen.

Og no har vi vips mange flasker med saft ståande - dei ventar på kjølerommet som snart kjem.


-Om dei ikkje er oppdrukne før den tid....




tirsdag 7. juli 2009

Kva er dette??





Plutseleg står ein unnseleg grønnblada plante i sin finaste skrud, trur ikkje ho har blomstra sidan eg flytta til Sogn og det er vel 8 år sidan.


Det eg veit om stoveplanta er at den vart kjøpt som stikling på u-lansdsaksjonen ved Rensvik skole på slutten av 1990-talet. Då sa dei at det var ei plante frå Afrika. Ikkje veit eg.
Den har harde, tynne, taggete blad og skal vatnast oppi bladmidten. Derifrå kjem òg blomsten opp.

Er det dette som kallast papegøyeblomst, eller.....?

Er det nokon som veit noko om denne planta og kan hjelpa ?

tirsdag 30. juni 2009

At eg aldri lærer....


I kveld kom eg på at eg skulle baka "farmor-lefse"- tjukklefse eller mørlefse kan det visst òg heita. Det er nokre år sidan sist, og då hadde eg farmor attmed meg.

Men fornuften kobla ikkje inn i varmen: eg dobla som vanleg oppskrifta.
Det gjer eg nemleg alltid når eg bakar, filososfien min er nok:

"når eg først er i gang med mjølstøv og klisseri, er det likegodt å baka så mykje at det blir ei stund til neste gong"

Eg dobla altså alt og så kom eg til siste ingrediens: Kveitemjøl til passe deig! Attom hadde eg skreve i ein parentes: Cirka bolledeigkonsistens...... Jau...., det måtte gå gale!
Mannen i huset byrja å delta i baksten, og han rørte sikkert inn 1 kg mjøl etter at eg hadde hatt i mykje eg òg.Likevel klissa deigen seg på benken og sette seg fast i kjevle, sleikepott, sleiv og fingrar.
Og enno hadde eg ikkje byrja med det eg kvidde meg til: Kjevling!
2 - 3 mm tjukke leivar, helst like i størrelse og fasong i og med at dei skal leggjast saman to og to med fyll mellom.
-------
Enden vart likevel sein men ganske god - om ikkje lefsene vart av dei beste! Dei fleste var harde som ved og tre, men vi har to posar med gode, mjuke lefser i frysaren tiltenkt gjester: Først til mølla!
Velkommen!

fredag 26. juni 2009

Sommar..... med raud mage...



Ferie og sol = strandliv!

Vi rigga oss til der nede og smurde oss inn med faktor 20 etter alle kunstens reglar.

Mor intet unntak! Men ettersom sola skein som besatt måtte sjølv ho duppa seg litt i fjorden med påfølgande tørking (og tildels oppattvarming) av legemet.

Det eg då gløymde var at magen hadde vore gøymt under ein topp, og ikkje sett verken sol eller solkrem sidan i fjorsommar.

Så no sit eg her med sviande mage - til trass for aloe vera-salve frå ein snill nabo.

Skal tru om det blir ei god natts søvn.....det gjer ikkje saka betre at det er tettoppunder 30 grader på soverommet.

Men ein lyt no freista, som han sa Askeladden!

God sommarnatt!