lørdag 10. januar 2009

Nabokjerring til teneste

I dag ringde dei nærmaste ungane og lurte på om smådamene her i huset kunne tenkja seg å koma dit. Noko dei sjølvsagt ville, ingen er tunge å be slik her i huset.
Det var då eg hadde sendt dei ut med farens firhjulstrekkar på glatta, eg byrja å fundera på kva definisjonen på ein nabo er. For det er faktisk ei mil å køyra ut til naboungane... Det er 9-10 hus med folk i undervegs, men det er det nærmaste huset med leikekameratar. Er dei då naboungane??
I Store Norske har dei ikkje funne plass til ordet nabo.
Ved søk på nettet kom det opp mange treff om nabotvistar og nabomolekyl, ikkje særleg positivt.
Nabo er eit godt og viktig ord, jo meir eg tenkjer på det.
"Nabokjerring" har gått frå å vera ei som stikk nasen sin borti alt, nesten som eit skjellsord, til å vera noko positivt og trygt. Naboar bør vera inkluderande og tolerant. Vi vel ikkje naboar, men er i gruppa uansett. Nokon deltek aktivt i naboklubben, andre er passive. Ein kunne, som i alle lag, ønska at fleire var aktive. Men alle er med, uansett!
Verda er lita, busetjinga spreidt og bilane gode, ergo må vi utvida det gamle nabo-begrepet som innbefatta dei som hadde eigedomar som grensa mot kvarandre. Eg vil vera nabo med alle som bur på Sørsida! Eg vil at ungane mine skal kjenna alle som bur her, og at dei som bur her kjenner dei. Sjølv om det betyr bilkøyring og logistikk, køyrer eg -om det ikkje hadde vore så forbaska glatt!
Eg er gjerne nabokjerring, eg vil bry meg, eg slår eit slag og tek ein skål for eit utvida nabobegrep! Bruk meg gjerne!

1 kommentar: