søndag 4. januar 2009

Vaskerom=lykke?

No har endeleg påbygningsplanane våre...eller mest mine om sant skal seiast...vorte litt meir konkrete.
Kallen kom med målband og ville måla opp huset utvendig i går. Då gjorde det ingenting om det var 7 minus og fingrane iskalde av målbandet. Eg var blid som ei sol!
Då målingane kunne resultera i husteikning og kallen tok til å måla opp nokre rom innvendig, vart sola enno blidare!!
Kallen tek seg i å snakka som om påbygget er ein realitet, men tek seg inn att etter nokre minutt. Det er eit framsteg, før har han ikkje tenkt tanken ein gong.
Når han tek seg innatt, er imidlertid spørsmålet alltid: "Blir du noko lykkelegare av eit vaskerom då?? Når du i tillegg er gjeldsslave...... Og går det an å sakna nok du ikkje har?" Eg svarar eit høgt JA til begge spørsmåla!
Når alle har vore ute og vorte blaute slik som i dag, er eg i alle fall ikkje i tvil: Vaskerom=lykke! Basta!

3 kommentarer:

  1. Korleis vert det med vaskeromsplanane? Høyrt noko frå nordmøre?

    SvarSlett
  2. 1 million..... Kanskje teikninga til Trygve , som forøvrig er bortevekk, må brukast - med litt +++++

    SvarSlett
  3. Spennande med utbygging da!!Lykket til!

    SvarSlett