fredag 27. mars 2009

Lamminga startar 2. påskedag...

Med 70 gravide damer i fjøset, alle med termin mellom 13. og 30.april, er vi klare for den mest spennande tida på garden.
Men, og det er eit men, vêrane har ikkje klart å styra seg heilt, så allereie 14. mars kom lamma Ina og Fredrik til verda - og sidan har det i grunnen kome jamnt med lam. I går var det visst ca 30 kvite, små hoppetussar i fjøset. Alt har gått heilt flott -utanom dei to timane gardkjerringa var aleine med ansvaret medan bonden var i Sogndal....
På veg heim frå arbeid fekk eg telefon frå dottera om at det var kome eitt og eit halvt lam i fjøset, og ei søye var litt sjuk.... Så fekk eg melding frå bonden som òg hadde fått telefon heimafrå om nye lam -om eg kunne sjå etter i fjøset når eg kom heim.
Eg gjekk direkte i fjøset i forholdsvis fine kle, og der var det 2 nye lam -alt vel! Men i nabogarden låg det ei med eit ansikt og ein fot stikkande ut der bak... Men trur de ho pressa for å få lammet ut??
Gjekk ut for å ringja bonden og spørja kva eg no skulle gjera -der kom skulebussen på retur, fekk kava til meg sjåføren som vart med inn for å sjå på. Han drog litt forsiktig, men erklærte at dette var eit stort lam!
Så var det å ringja til gammelonkel-saueekspert-nabo med nyoperert hjerte og stivt kne. Han kom, og drog og så fekk han opp rota! Nei- ut lammet! Etter stor innsats med hjertekompresjon og livrening, greidde lammet å pusta for eigen maskin!! Hipp hurra!
I mellomtida hadde enno eit par tvillingar kome til verda, og det var lite med skiljeveggar att. Vi batt fast så godt vi kunne, og der var det jammen enno ei som viste teikn til fødsel på gang!
"Ho skrapar og ristar seg, lammet hennar ligg heilt sikkert feil!" sa gammelonkel-saueekspert-nabo. Og det hadde han rett i ..ut kom berre eit hovude i første omgang. Så måtte gardkjerringa halda og han med stivt kne og nyoperert hjerte måtte enno ein gong ned på kne og dra ut eit lam. Etterpå når alle hadde fått einebustadar til seg og lamma sine, erklærte dei gode hjelparane mine at faren var over -ingen fleire lammeteikn med det første.
Og det var jammen på tide, seks lam på ein og ein halv time er litt i overkant for ei ubehjelpeleg gardkjerring , i alle fall når to av dei måtte dragast ut!
Men tross alt var det to hyggelege ettermiddagstimar i fjøset med desse to gode hjelparane, tida gjekk fort og steminga var god, lamma såg ut til å ha det bra og mødrene likeså.
Jammen blir det kjekt når lamminga startar 2. påskedag!! :-)

1 kommentar:

  1. Hi, hi, godt skrive! Bra de samlar krefter til lamminga startar i påska, ja ; )

    SvarSlett