søndag 7. juni 2009

Pumpeflaskas forbannelse


Vi har hatt såpe på pumpeflaske her i huset i mange år, ingen sak å få dei i gang.

Men no har vi fått tre flasker med pumpe på i hus på kort tid, og dei står no der...
Ikkje forpinna om vi får dei til å pumpa opp noko som helst.
Vi har vridd med og mot sola, trykt ned, drege opp, trylla og ganna, til inga nytte.
Så no står dei der og ser spottande på oss. Må vi absolutt ha tak i noko av innhaldet, tømmer vi det rett frå flaska med den klisne pumpa liggjande attmed.
Slik held vi vel på til vi blir sprø eller flaskene er tomme - om vi ikkje får hjelp og tips av praktikarar!

1 kommentar:

  1. Tusen, tusen takk for nydeleg kake til dåpen! Den falt i smak, og vel så det (eg klarte å kapre det siste stykket før me for heim att : ) Eg skal minne mannemi om å ta med fat ++ innat. Igjen - tusen takk!

    SvarSlett