fredag 30. januar 2009

Her held vi motet oppe! Står ikkje på det, nei....

Ein lyt gjera det beste ut av no-situasjonen!
Så onsdag bestilte eg meg to personlege stempel i ein nettbutikk:



Godt fornøgd så langt, så no gler eg meg til dei kjem i posten om ca to veker!!

I dag har eg hatt tilhald på kjøkenbordet i lag med ulike drikkar (for helsa) og kortutstyret (for mental helse). Det vart fem kort, ikkje verst! Temaet vart visst crisscross-kort i dag......







tirsdag 27. januar 2009

Januar med rumpa bar???

Ikkje denne jenta, nei!
Eg har kvar natt ikledd meg rosa ulltrikot
(du kan sjå det for deg ja?? Mannen i huset vekslar mellom å kalla meg rosa gris og michellinkvinna......) og skrytt til alle om at med influensavaksinen i kroppen vert ikkje eg sjuk, men i dag var det noko som gjekk skeis..........
Vakna med alle teikn til urinvegsinfeksjon og frostrier, og etter to timar på arbeid, reiste eg heimatt med all verdas kjerringråd og god bedring ønske.
Innom bua for å kjøpa eplecidereddikk (Fysj & fysj), og appelsinjus (for ph-en si skuld).
Svelgjer unna digre kapslar med tranebær, dei smakar i alle fall ikkje stygt om dei er store.
Som trøyst et eg ostepop eg fann i skåpet - sikkert helsebot i det òg!
Bli nok likar i mårgå!

fredag 16. januar 2009

Volumkontroll

Ein elev skreiv følgjande setning for å forklara ordet volumkontroll:

Eg var på volumkontroll i går.

Vi fekk oss ein god latter som avslutning på arbeidsveka,
men kanskje hadde det vore ein idè med ein slik kontroll??
God helg!

søndag 11. januar 2009

Is

Kva er vel betre enn is med vanilje- eller karamellsmak? Mmmm
Kva er vel verre enn is på vegar og stiar? Usch
Rart at det eitt ord på to bokstavar kan vera så motsett!

lørdag 10. januar 2009

Nabokjerring til teneste

I dag ringde dei nærmaste ungane og lurte på om smådamene her i huset kunne tenkja seg å koma dit. Noko dei sjølvsagt ville, ingen er tunge å be slik her i huset.
Det var då eg hadde sendt dei ut med farens firhjulstrekkar på glatta, eg byrja å fundera på kva definisjonen på ein nabo er. For det er faktisk ei mil å køyra ut til naboungane... Det er 9-10 hus med folk i undervegs, men det er det nærmaste huset med leikekameratar. Er dei då naboungane??
I Store Norske har dei ikkje funne plass til ordet nabo.
Ved søk på nettet kom det opp mange treff om nabotvistar og nabomolekyl, ikkje særleg positivt.
Nabo er eit godt og viktig ord, jo meir eg tenkjer på det.
"Nabokjerring" har gått frå å vera ei som stikk nasen sin borti alt, nesten som eit skjellsord, til å vera noko positivt og trygt. Naboar bør vera inkluderande og tolerant. Vi vel ikkje naboar, men er i gruppa uansett. Nokon deltek aktivt i naboklubben, andre er passive. Ein kunne, som i alle lag, ønska at fleire var aktive. Men alle er med, uansett!
Verda er lita, busetjinga spreidt og bilane gode, ergo må vi utvida det gamle nabo-begrepet som innbefatta dei som hadde eigedomar som grensa mot kvarandre. Eg vil vera nabo med alle som bur på Sørsida! Eg vil at ungane mine skal kjenna alle som bur her, og at dei som bur her kjenner dei. Sjølv om det betyr bilkøyring og logistikk, køyrer eg -om det ikkje hadde vore så forbaska glatt!
Eg er gjerne nabokjerring, eg vil bry meg, eg slår eit slag og tek ein skål for eit utvida nabobegrep! Bruk meg gjerne!

onsdag 7. januar 2009

Nokon - det er eg, det......

Her i huset er det gjengs at
nokon alltid heng opp jakkar som ligg på golvet og legg luer og vottar i godt merka skuffer,
nokon set alltid på plass dei koppane som skal andre stadar enn i skåpet over vasken,
nokon legg alltid reine kle på plass, nokon ryddar alltid badet når ungane har skifta frå ballerinaer til utejenter til prinsesser til tre!? (dvs brun bukse og grøn genser) til sol (gule kle sjølvsagt) til pysj og far har vore i fjøset, på drosjekøyring, i skogen, på besøk - alt på ein vanleg fredag t.d.,
nokon tømmer alltid oppvaskmaskina,
nokon går alltid ut med plastavfall og organisk avfall og restavfall,
nokon sørgjer for at det er innkjøpt laurdagsgodt til smådamene,
nokon sørgjer for at ungane har skiftekle og utekle og innekle og bakekle og gymkle og badekle i skule og barnehage,
nokon ordnar med bursdagsgåver,
nokon vaskar bordet når kaffeflekkane og kliss truar med å ha heile flat for seg sjølv,
nokon vaskar alltid kjøleskåpet og skrubbar komfyren og kring vasken og alle kjøkkenbenkane,
nokon ordnar gyldne lokkar, vaskar ansikt og ser etter at alle kle er reine,
nokon må gjera noko for å halda hus og heim i nokonlunde skikk.
Ingen har søkt på stillinga, men nokon fekk jobben
- det er visst eg som er nokon.....

søndag 4. januar 2009

Vaskerom=lykke?

No har endeleg påbygningsplanane våre...eller mest mine om sant skal seiast...vorte litt meir konkrete.
Kallen kom med målband og ville måla opp huset utvendig i går. Då gjorde det ingenting om det var 7 minus og fingrane iskalde av målbandet. Eg var blid som ei sol!
Då målingane kunne resultera i husteikning og kallen tok til å måla opp nokre rom innvendig, vart sola enno blidare!!
Kallen tek seg i å snakka som om påbygget er ein realitet, men tek seg inn att etter nokre minutt. Det er eit framsteg, før har han ikkje tenkt tanken ein gong.
Når han tek seg innatt, er imidlertid spørsmålet alltid: "Blir du noko lykkelegare av eit vaskerom då?? Når du i tillegg er gjeldsslave...... Og går det an å sakna nok du ikkje har?" Eg svarar eit høgt JA til begge spørsmåla!
Når alle har vore ute og vorte blaute slik som i dag, er eg i alle fall ikkje i tvil: Vaskerom=lykke! Basta!

fredag 2. januar 2009

Godt nytt år!

Mon tru kva året vil bringa på Leri.....på Sørheim....i Luster kommune...i Noreg...i verda....
Ingen veit, heldigvis, mange trur...... og trur dei veit.
Me tek det som det kjem her i huset, ein dag i gongen ofte.
Av og til berre time for time.
Og heldige som vi er, blir forhåpentleg 2009 òg eit godt år!
Snart er det på tide at me set oss ned og lagar ei liste over kva vi har lyst til å gjera i det nye året, ca ti punkt med store og små opplevingar for heile familien -eller berre for ekteparet. Signert av begge og lvonad om å leggja til rette for at punkta kan gjennomførast.
Veldig kjekt arbeid å planleggja og laga denne lista!
Kan anbefalast til alle småbarnsfamiliar - og sikkert andre òg!
Me treng av og til eit spark i baken...
God nytt år!