fredag 27. mars 2009

Helg!

Ei god arbeidsveke er over, travel men kjekk, som alltid!
Gjekk i mot mannen som kom frå arbeid.
Han hadde vore hos brødbakaren vår og kjøpt ferske brød!
Så no sit eg og et ei lunken brødskive med smør, sirup og brunost
medan eg ventar på at alle skal bli klare til avgang
på korøving for døtrene og korpsøving for frua!
Helg , og fredag i sær, er det beste eg veit!
God helg!

Lamminga startar 2. påskedag...

Med 70 gravide damer i fjøset, alle med termin mellom 13. og 30.april, er vi klare for den mest spennande tida på garden.
Men, og det er eit men, vêrane har ikkje klart å styra seg heilt, så allereie 14. mars kom lamma Ina og Fredrik til verda - og sidan har det i grunnen kome jamnt med lam. I går var det visst ca 30 kvite, små hoppetussar i fjøset. Alt har gått heilt flott -utanom dei to timane gardkjerringa var aleine med ansvaret medan bonden var i Sogndal....
På veg heim frå arbeid fekk eg telefon frå dottera om at det var kome eitt og eit halvt lam i fjøset, og ei søye var litt sjuk.... Så fekk eg melding frå bonden som òg hadde fått telefon heimafrå om nye lam -om eg kunne sjå etter i fjøset når eg kom heim.
Eg gjekk direkte i fjøset i forholdsvis fine kle, og der var det 2 nye lam -alt vel! Men i nabogarden låg det ei med eit ansikt og ein fot stikkande ut der bak... Men trur de ho pressa for å få lammet ut??
Gjekk ut for å ringja bonden og spørja kva eg no skulle gjera -der kom skulebussen på retur, fekk kava til meg sjåføren som vart med inn for å sjå på. Han drog litt forsiktig, men erklærte at dette var eit stort lam!
Så var det å ringja til gammelonkel-saueekspert-nabo med nyoperert hjerte og stivt kne. Han kom, og drog og så fekk han opp rota! Nei- ut lammet! Etter stor innsats med hjertekompresjon og livrening, greidde lammet å pusta for eigen maskin!! Hipp hurra!
I mellomtida hadde enno eit par tvillingar kome til verda, og det var lite med skiljeveggar att. Vi batt fast så godt vi kunne, og der var det jammen enno ei som viste teikn til fødsel på gang!
"Ho skrapar og ristar seg, lammet hennar ligg heilt sikkert feil!" sa gammelonkel-saueekspert-nabo. Og det hadde han rett i ..ut kom berre eit hovude i første omgang. Så måtte gardkjerringa halda og han med stivt kne og nyoperert hjerte måtte enno ein gong ned på kne og dra ut eit lam. Etterpå når alle hadde fått einebustadar til seg og lamma sine, erklærte dei gode hjelparane mine at faren var over -ingen fleire lammeteikn med det første.
Og det var jammen på tide, seks lam på ein og ein halv time er litt i overkant for ei ubehjelpeleg gardkjerring , i alle fall når to av dei måtte dragast ut!
Men tross alt var det to hyggelege ettermiddagstimar i fjøset med desse to gode hjelparane, tida gjekk fort og steminga var god, lamma såg ut til å ha det bra og mødrene likeså.
Jammen blir det kjekt når lamminga startar 2. påskedag!! :-)

søndag 15. mars 2009

Sol ute, bomba inne....

Denne helga skulle absolutt vore via til hus og heim.
Rotet ligg i haugar og dungar, golvet er seigt etter saft og anna kliss,
og det er merka stiar av gjørmesko gjennom heile 1. etasje,
gangen er full av skisko, støvlettar, cheroxar, joggesko og div kle,
badet flyt over av kle som skulle vore vaska,
på kjøkkenet er som vanleg maskina full og benken likeså.
Men kva gjer husfrua.......
riggar seg til med plastmøblementet sitt utanfor, drikk kaffe og pratar tull og alvor i solveggen.
Ho tek i mot besøk og serverar kaffe, ho går tur med ungane og byggjer sandslott, spelar spel med vener, ser på tv med kall og ungar, ho surfar på nettet og supar meir kaffe....
Så status søndag i tre-tida, er eit meir bomba hus enn på fredag
-men blid og fornøgd-og litt mindre bleik - husmor og ungar.
Huset får vi ta neste helg, om det ikkje er inne bra , men ute best då òg.....

torsdag 5. mars 2009

Ettermiddagskvil

Med mann og døtre ute på aktivitet eit par timar, fann eg ut at eg skulle prøva å sova litt på sofaen. Det er ikkje noko eg driv med til vanleg, men i dag var eg så trøytt.
Eg rigga meg til med karaffel og vassglas, telefon og fjernkontrollar.
Pleddet over meg og katta Gudrun oppå der att.
Eg var akkurat sovna, då ringde mobilen - som låg utanfor liggjande rekkjevidde.
Eg opp, berre for å snakka med ingen i andre enden...før etter nokre sekund då ein innsmigrande stemme presenterte seg som om vi hadde kjent kvarandre i mange år.
Eg lukta lunta og takka høfleg(?) nei til eit kvart tilbod.
Det var då eg hadde kome under pleddet att, at tanken slo meg:
Tenk om eg hadde vunne ei draumereise eller masse pengar frå Hamar venta på meg..
Sannsynlegheita er vel ganske lita, eller.....?

tirsdag 3. mars 2009

Jippi! Julibad på loftet????

Tømrar Skagen og far tok på seg oppdraget med å byggja på huset vårt!
dei ringde no i kveld.
Eg som håpa på julebad på nytt bad, og no vil dei gjera det i juni!
Då blir det kanskje julibad der oppe i andre høgda??
No må vi setja oss litt i sving med søknad til kommune og bank, graving og materialval.
Går som ein dans! Dei som vil kan gjerne dansa med oss...... :-)